Etterretningsoffiser Helge Lurås sitt desinformasjonsprosjekt iNyheter melder at der er registrert stor auke av langvarig sjukemelding etter korona-«pandemien». Ifølgje tal frå NAV har det i løpet av andre kvartal i år gått tapt 350 000 dagsverk, noko som er ein auke på 13% frå i fjor. 60% av dei tapte dagsverka utgjer diagnosen slappheit/trøyttleik, som igjen er ein del av dei 8,7% som utgjer diagnosegruppa allment og uspesifisert.
Assisterande helsedirektør og notorisk løgnhals Espen Rostrup Nakstad lirer av seg følgjande til NRK:
«Vi ser at en god del nordmenn får senplager, selv om de bare har hatt mild sykdom. De får problem med utmatting og kognitive plager, og det tar ofte lang tid før de blir friske. Dette bekymrer oss […].»
Ulf Andersen er statistikksjef i NAV, og dei har gjennomført sin eigen analyse for å finne samanhengen med covid-19. Andersen seier at dei som blir sjuke av korona har fire gonger høgare risiko for å bli sjukemeldt på grunn av slappheit/trøyttleik. Dei blir òg meir langvarig sjukemeldte enn andre, seier han til NRK.
Nakstad seier at helsevesenet veit for lite om årsaka til at nokon får langtidsverknader, og at dei må vete meir om kva som skjer i kroppen etter virusinfeksjon får dei kan gje dei eit betre tilbod. Eg skal gjette vilt og hevde at ein viss «vaksine» nok har mykje med desse langtidsverknadene å gjere. Då Solberg-regjeringa etter instruksar frå sine herrar og meistrar lanserte mRNA-injeksjonane i 2021, påstod dei, ordrett som sine kollegaer i andre vestlege land, at vaksinane var «trygge og effektive», og at dei «hindra smitte og alvorleg sjukdom». Og ja… Alle som ikkje tok dei, var for statsfiendar og bestemorsmordarar å rekne, og burde helst sperrast inne og nektast å ta del i samfunnet.
Nakstad er nok meir bekymra over «vaksinane» (som han var med på å hausse opp) og dei øydeleggjande effektane dei har hatt på folkehelsa, enn han er over at folk er langtidssjukemelde fordi dei er utslitne av to-tre år med psykisk terror og fryktporno frå stat og media. Ein splittar ikkje eit samfunn utan at det får alvorlege konsekvensar, både for kropp og psyke.
«Pandemien» var 100% politisk skapt av ein elite som ønskjer å utrydde oss. Erna Solberg, Bent Høie, Bjørn Guldvog, Camilla Stoltenberg og Espen Nakstad er alle landssvikarar som har påført oss vesentleg elende, ulykke og død. Desse, i likskap med den noverande regjeringa, må alle bere ansvaret for øydelagde karrierar, øydelagde liv og øydelagde forhold. Det som skjedde under «pandemien» var eit åtak, ikkje berre på Noreg, men på heile den vestlege verda og sjølve menneskeheita.
Det må vi aldri gløyme.
