Martin Armstrong til Mike Adams: USA er djupt involvert i Hamas-åtaket mot Israel

Natural News-skribent Belle Carter skriv om eit nyleg intervju som Mike Adams («the Health Ranger», eigar og grunnleggjar av nettstaden) hadde med geopolitikk-ekspert Martin Armstrong. Eksperten trur at Hamas-åtaket laurdag 7.oktober 2023, som allereie blir kalla Israels 11.september, var koordinert, og at USA var djupt involvert i det.

(Sjå òg «Hamas vart skapt av Israel og USA som ei motvekt mot Yasser Arafat», publisert 14.oktober 2023.)

Som Carter skriv i nemnde artikkel, åtvara president Joe Biden nyleg Iran om å ikkje involvere seg i den pågåande Israel-Hamas-konflikten. Israelske leiarar har danna eit krise-krigskabinett for å presentere «ein sameina front». Biden sendte toppdiplomaten Antony Blinken (som sjølv er jøde) til Midtausten for å uttrykkje støtte for Israel, og hindre ein større krig i å bryte ut.

No er ikkje akkurat USA kjent som ein fredselskande aktør på verdsscena. Ingen andre land har starta fleire krigar i det 20. og 21.hundreåret enn USA. So det er all grunn til å stille spørsmål ved om Biden-regimet verkeleg ønskjer å stoppe krigen. Det er meir sannsynleg at dei faktisk er med på å koordinere den. Dette tok Mike Adams opp i sitt intervju med Martin Armstrong, som analyserer geopolitikk på nettstaden sin Armstrong Economics. Armstrong trur at USA påverka Israel til å late «dette 11.september-aktige åtaket gjort av terrorgruppa Hamas». Som han sjølv seier (mi omsetjing):

«Eg trur at det definitivt var koordinert. Bad USA dei om å gjere det? Det er vanskeleg å seie og kan vere spekulasjon, men dei er tydeleg djupt involvert i dette […].»

Carter skriv vidare:

«Armstrong peikte òg på at på det punktet vart enkelte amerikanarar tekne som gissel i Gaza, sjølve setet for all massakren og dei fryktelege åtaka. Dette krev frå Biden at han eskalerer konflikten. I ein samtale med eit rundbord av jødiske samfunnsleiarar i Washington, sa presidenten at det at han sender ut militærskip og fly nærare Israel burde sjåast på som eit signal til Iran, som støttar islamistgruppene Hamas og Libanons Hezbollah. […]

Den geopolitiske eksperten la òg vekt på at dette kaoset ikkje berre er politisk, men òg motivert av eit djuptliggjande problem tilknytt religion, spesielt skiljet mellom Sunni og Shia til dei to største greinene av islam. Den primære ideologiske skilnaden mellom dei to er relatert til spørsmål om religiøs autoritet og leiarskapen av alle muslimar etter profeten Muhammeds død.

Dei som følgde profetens næraste følgjesvein vart kjent som sunniar, og dei som følgde profetens syskenbarn og svigerson vart kjent som sjiittar. Sunniane fokuserer på å følgje profetens eksempel, medan sjiittane fokuserer på arverekkja til profetens familie gjennom ein serie imamar.

Saudi-Arabia er fødestaden til islam, og flesteparten av dei innfødde er tilhengjarar av den dominerande sunni-greina. I mellomtida høyrer 64% av befolkninga i Iran til sjia-greina av islam. ‘Og Iran ville ingenting anna enn elske å rett og slett utslette Saudi-Arabia. So, der har du eit religiøst problem,’ forklarte Armstrong.

I mellomtida har israelske jagarfly pepra Gaza-stripa i dagevis som gjengjelding for helgeåtaket gjort av palestinske Hamas-militante som braut seg gjennom grensegjerdet som ligg rundt Gaza. Terrorgruppa galopperte gjennom byar og landsbyar, der dei drap rundt 1200 menneske og såra over 2700. Dei tek òg haugevis med gissel, seier det israelske militæret.»

Biden-administrasjonen påstår at dei berre praktiserer demokratiet sitt. Armstrong meiner derimot at den regjeringa USA har i dag, i grunnen er «det vi kallar republikanarar», som har ingenting med det politiske partiet å gjere. Han meiner at det for tida ikkje finst eit demokrati, i og med at det amerikanske folket ikkje eingong blir rådført om større statlege avgjerder. Som han seier:

«Dei seier vi bur i eit demokrati, det er absolutt nonsens. Får vi stemme over om det er greitt å gå til krig mot Russland? Burde vi heve skattane våre? Vi blir ikkje stilt det spørsmålet […].»

Han legg vekt på at Biden-regimet gjer som dei vil, og at dei kan lire av seg kva som helst berre for å bli valt. Dei representerer ikkje eingong folket, meiner han. Til dømes er det ingen måte for ein valt lovgjevar å stå i Huset og framleggje eit forslag:

«Alle forslag må gå gjennom komitear, og dersom du ikkje er grei, får du ikkje vere med i ein komité. Det er rett og slett so rigga der. Vi er ikkje eingong i nærleiken av eit demokrati […].»

Armstrong spår at heile den «valdelege» fiaskoen i Midtausten vil vere over innan 2032. Adams spurde han om folk i heile den vestlege verda då vil finne seg sjølve underlagt fascistiske, totalitære diktatur. Armstrong svarte bekreftande, og viste til World Economic Forum-leiar Klaus Schwab sine åtte punkt, der eitt av dei erklærer «slutten på demokrati innan 2030». Han meiner at på grunn av globalist-påverknad vart demokrati om til «vondskapsfull populisme og folk var for dumme til å vete kva dei eigentleg stemte på».

Armstrong håper likevel at alt som skjer no omsider kan få folk opp frå sofaen og vekk frå TV-en, og seie at «no er det nok!».

Kommenter innlegget