I dag, måndag 16.oktober 2023, blir det no mogleg for lesarar å støtte Saksyndig økonomisk ved hjelp av donasjonar. Å drive ein nyheitsblogg krev dagleg arbeid, både for å samle inn stoff til artiklar og halde meg oppdatert på kva som skjer i Noreg og verda. Kjeldene til Saksyndig-artiklar er særs mange og høgst ulike, alt frå hovudstraumsmedia til uavhengige media, bloggar og i enkelte tilfelle anonyme kjelder. Eg trålar dagleg nettet på jakt etter saker. Saksyndig har sidan starten 14.november 2021 med særs få unntak publisert minst éin artikkel kvar dag, ofte fleire – per dags dato har det blitt publisert nesten 1500 artiklar.
Sjølv om Saksyndig ikkje har like mange lesarar som meir etablerte nettaviser og nettmagasin, har det heilt sidan starten hange ved ein liten, trufast kjerne. Samarbeidet med andre uavhengige media har òg ført til auka eksponering for denne vesle nyheitsbloggen, og her til eg spesifikt trekkje fram Derimot og redaktør Knut Lindtner, der eg hausten 2021 byrja karrieren innan uavhengige media som omsetjar, ein praksis eg tok med meg vidare då eg grunnla min eigen nyheitsblogg.
Saksyndig vart skapt i ei tid med høg uvisse om framtida, midt under verste «pandemien» med all sin totalitære galskap. Tidene er ikkje mindre usikre no, i oktober 2023. Faktisk vil eg hevde dei er verre, både for samfunnet og for meg personleg. Desto viktigare er det for uavhengige nyheitsbloggar å kunne få formidle kva som eigentleg skjer, og det frå kjelder som ikkje er kjøpte og betalte av ein gjennomkorrupt og grådig elite som helst vil ha stålkontroll på kva vi skal bli fortalt. Den som kontrollerer informasjonen, kontrollerer massane, og har du informasjonen, kan dei ikkje lenger kontrollere deg.
Dersom du ønskjer å gje ei lita pengegåve til Saksyndig, kan du vippse eit valfritt beløp til 97 62 43 92. Donasjonane vil gå til drift av nettstaden og betaling for domenenamn og e-postadresse.
