Ein lesar gjorde meg før helga merksam på satsane for sosialstøtte i Oslo kommune. Vanlegvis er det langt ifrå noko lukrativt å vere sosialklient, det tilsvarer den historiske fattigkassa. I eitt konkret tilfelle ser det derimot ut som det er meir lønsamt å leve på sosialen enn å vere i lønt arbeid. Eg snakkar her om innvandrarar med store barnekull, noko som etter kvart er blitt ganske so vanleg i Oslo og andre norske byar, deriblant Bergen.
Satsane for sosialstøtte i Oslo kommune kan lesast her, og gjeld frå 1.juli 2023. Dei er følgjande:
Einslege åleinebuande: 8378 kroner i månaden.
Ektepar/sambuarar: 13 147 kroner i månaden.
Einslege forsørgjarar: 9777 kroner i månaden.
Barnetillegg 0-10 år: 3801 kroner i månaden.
Barnetillegg 11-18 år: 5033 kroner i månaden.
Unge heimebuande 18-23 år: 5033 kroner i månaden.
Personar i bufellesskap: 6355 kroner i månaden.
Ein kan søkje økonomisk sosialhjelp dersom ein oppheld seg lovleg i Noreg, bur fast i Noreg, ikkje har pengar til til dømes mat, husleige eller straum, og ikkje kan sørgje for seg sjølv gjennom jobb eller andre inntekter.
Nemnde lesar kom med eit konkret eksempel som òg er ganske vanleg: ei åleinemor frå Somalia med fire barn, til dømes i alderen 11 til 17 år. Ho er i kategorien einsleg forsørgjar, og får dermed 9777 kroner utbetalt skattefritt (netto). Ho har fire barn som alle er over 10, altso får ho 5033 kroner per barn per månad. Barna åleine gjev ho ei «inntekt» på til saman 20 132. Barnetrygda er på kroner 1310 sidan alle fire barna er eldre enn seks år. Hadde dei alle vore under seks år, hadde ho fått 1766 kroner per stykk. Sidan ho er einsleg forsørgjar, har ho derimot rett på utvida barnetrygd, som kjem i tillegg til den ordinære barnetrygda. Per 1.juli 2023 er utvida barnetrygd – som er skattefri – på kroner 2516 per månad per barn.
Altso er reknestykket no einsleg forsørgjar (9777 kroner) + barnetillegg (5033*4 = 20132) + barnetrygd (1310*4 = 5240) + utvida barnetrygd (2516*4 = 10 064), som til saman blir 45 213 kroner skattefritt i månaden.
Dette tilsvarer ei årsløn på 542 556, som er nokolunde det same som eg tente som helsefagarbeidar med full ansiennitet i 100%-stilling – før skatt. For å sitje igjen med eit liknande beløp etter skatt må ein truleg tene oppunder 800 000 i året, om ikkje meir. Garantilønna (minstelønna) for ufaglærte, noko åleinemora høgst sannsynleg er, er for tida 312 900 – før skatt.
Dersom åleinemora får seg lønt arbeid, vil ho altso miste rundt to tredjedelar av inntektsgrunnlaget. Berre nokon som er uvanleg dum (eller uvanleg ærleg og samvitsfull), vil faktisk gå hen å finne seg arbeid når ein kan sitje heime med barna og håve inn pengar frå kommune og stat.
Men der er meir. Ettersom vår somaliske åleinemor er sosialklient, får ho bustøtte og straumstøtte. Har ho fire barn, bur ho sannsynlegvis i ei ganske stor leilegheit, kanskje tre eller fire rom (to-tre soverom; ungane deler nok rom). Ei leilegheit av den storleiken kostar lett 15 til 20 000 i månaden om ein tek med straum og kommunale avgifter. Alt dette sponsar altso Staten med skattepengane som folk i lønt arbeid slit og strevar for å tene.
Kven har interesse av å late seg integrere og kome ut i arbeidslivet under slike premiss? Det er jo langt, langt meir lukrativt å vere heime og føde ungar.
Og når ein snakkar om denne åleinemora, har eg personleg erfaring med at dei slett ikkje er so einslege som dei gjev inntrykk av. Ungane må jo ha blitt til på eit vis. Eg var sjølv borti ei slik somalisk åleinemor som på mystisk vis vart gravid ein gong i året. Barnefaren var visstnok sporlaust fordufta – iallfall offisielt. Ein gong gøymde han seg faktisk inne i eit klesskap då eg kom for å ta morgonstell på den multihandikappa eldstesonen – som ho fekk omsorgsløn for å ha buande heime hjå seg.
Reknestykket høyrest utruleg ut, men Dagbladet publiserte torsdag 4.mai 2023 ein artikkel ved namn «Stortingslønn på trygd», der dei skriv om desse sokalla «milliontrygdene» som mildt sagt tek ifrå visse grupper motivasjonen og incentivet til å finne arbeid. Artikkelen krev innlogging, men byrjinga kan lesast. Faktisk.no tok ein faktasjekk av denne artikkelen der dei nektar for at milliontrygder er so vanlege som Dagbladet-artikkelen gjev inntrykk av. Faktisk.no skriv derimot at rundt 70 hushaldningar i Oslo kommune mottok skattefrie overføringar på 500 000 kroner eller meir. Hushaldningane hadde i snitt meir enn fire barn, ifølgje Elisabeth Løyland Omholt, som er seniorrådgjevar ved Seksjon for inntekts- og levekårsstatistikk i Statistisk sentralbyrå (SSB). 75% av dei 70 hushaldningane hadde innvandrarbakgrunn frå Afrika, Asia eller Latin-Amerika.
Om omfanget er lite eller stort, er det her likevel snakk om å utnytte systemet til det latterlege. I min neste artikkel skal eg ta føre meg det stikk motsette, nemleg ein sosialklient som langt ifrå lever under slike herskaplege forhold som denne åleinemora frå «gullstolfolket». Førebu deg på eit tilvære som er direkte hjarteskjerande og sosialt fornedrande.
