Hollywood-skodespelar John Cusack: Vi må frigjere Palestina frå ein brutal okkupasjon

Nettstaden The People’s Voice (tidlegare Newspunch) rapporterer at Hollywood-skodespelar John Cusack hevdar at Hamas handlar i sjølvforsvar når dei drep babyar og uskuldige sivile i Israel. Desse kontroversielle ytringane skal han ha kome med under ein pro-palestinsk demonstrasjon i Chicago nyleg. Artikkelen gjev derimot ikkje konkrete skriftlege kjelder for denne temmeleg dryge påstanden. Her kan artikkelforfattaren ha gjort ei fjør til fem høns for å skape sensasjonsoverskrifter, slik Saksyndig erfarer at nettstaden har gjort ved fleire høve. Faktum er at Cusack uttrykkjer klar støtte til Palestina og klar motstand mot åtferda til Israel. Ifølgje Neon Nettle skal Cusack ha sagt (mi omsetjing):

«Eg deltok i den palestinske marsjen i Chicago – eg skal fortelje dykk kva eg ikkje høyrde – eg høyrde ikkje død over Israel – eg høyrde ikkje død over jødar – eg høyrde ikkje at folk feira morda på israelske sivile.

Det som eg derimot høyrde er – vi må frigjere Palestina frå ein brutal okkupasjon – folk som er bekymra for sine kjære, i ei helvetessone, fanga utan mat, vatn og straum. Djup pine over at folk blir bedne om å dra sin veg, for so å bli bomba når dei reiser […].

Eg høyrde folk som delte personlege beretningar om familiemedlemmer som har blitt fengsla, audmjuka, trakassert, forfølgt, utpeikt og drepne over fleire generasjonar. Familiemedlemmer som har blitt overfalle med tåregass utan nokon grunn, og dei held fram med liknande historier om livet under okkupasjon: unge menn, kvinner og barn som har fått heile familien utsletta, som no er åleine og sinte, audmjuka og blir nekta grunnleggjande menneskerettar – og som har kome til staden der dei heller vil døy kjempande enn å forbli fengsla eller myrda – når dei veit at dersom dei prøver å forsvare seg sjølve eller familien – då blir ein kategorisk stempla som ein terrorist – slik er det der […].

Dei seier alt dette som realitetar som dei held fram å leve under. Palestinske sivile bad ikkje om ein massakre – dei kjenner til den militære makta til dei som okkuperer dei – dei veit at dei ikkje har ein sjanse – eg spurde ein mann – støttar han Hamas? – han såg på meg, sukka og rista på hovudet – ‘dersom du er der – kva val har du eigentleg?’. Dette var den dystre, sobre sanninga for han […].

Eg innsåg at min moralske lakmustest utan historisk kontekst er, med tanke på realitetane til situasjonen – meiningslaus […].»

Ein lakmustest er eigentleg eit fargestoff som blir brukt som pH-indikator. I overført tyding blir ordet brukt for klare og tydelege måtar å avgjere korleis noko er.

I tillegg til å vere skodespelar, forfattar og kickboksar (!), er John Cusack kjent for sine politiske meiningar. Han var i si tid motstandar mot krigen i Irak og uttrykte forakt for George W. Bush og regjeringa hans. Han har tre systrer og ein bror, som alle arbeider eller har arbeidd som skodespelarar. Rimeleg kjende filmar han har spelt i, inkluderer Con Air (1997), Fear and Loathing in Las Vegas (1998), Den tynne røde linjen (1998) og Being John Malkovich (1999).

Kommenter innlegget