Min førre artikkel om sosialstøtte handla om ei fiktiv somalisk åleinemor som håva inn over 45 000 skattefrie kroner i månaden på å ha fire barn i alderen 11 til 17 år buande heime hjå seg. Denne artikkelen tek føre seg den stikk motsette og høgst reelle situasjonen: Korleis livet er som sosialklient for nokon som ikkje har barn, og som må leve frå hand til munn i noko som ikkje kan skildrast med eit anna ord enn fattigdom. Personleg er dette truleg den mest gripande og hjarteskjerande historia eg har høyrt på lenge – og kanskje ei av dei sterkaste historiene eg har formidla til no på Saksyndig.
Dagsavisen publiserte 6.september 2023 ein artikkel om 54-årige Knut Hallvard Tufte, ein austlending som trass god utdanning og lyst og evne til å bidra, har falle utanfor arbeidslivet. Han bur i Bærum, som er ein av dei rikaste kommunane i Noreg når det gjeld inntekt. Som han sjølv seier til Dagsavisen:
«Jeg lever ikke. Jeg eksisterer. Det er vel ikke slik livet skal være […].»
Knut Hallvard, som opphavleg er frå Skien, har i 20 år leigt ei leilegheit i fyrste etasje i eit eldre hus på Jar. Han har utdanning innan økonomi og rekneskap, og har ein bachelor frå BI. Han har òg utdanning innan skogbruk. Han har ei eiga heimeside der han skriv om historia si, utdanninga, arbeidserfaringa og verva sine. Han har òg sin eigen LindedIn-profil og artikkel på proff.no. Trass aktiv, årelang innsats frå hans side, greier han ikkje å finne arbeid. Han meiner sjølv dette kjem av dei årelange hòla han har i CV-en. Etter eiga utsegn har han vore i kontakt med rundt 400 arbeidsgjevarar, og sendt rundt 300 søknader. Han kom so langt som til andre intervjurunde ved eitt høve, men rauk ut på grunn av dei nemnde hòla i CV-en.
Som eit resultat av den manglande inntekta har han i fire år vore avhengig av sosialhjelp. Sin eigen sivilstatus er ifølgje han sjølv «arbeidsledig, sosialklient, fattig og singel». Om vinteren må han sove på ein madrass i stova fordi han stengjer av fleire rom i huset for å spare straum. Han har ein vedomn som han bruker flittig når det er kaldt, og har frukt og bær i hagen.
Knut Hallvard får utbetalt rundt 7500 kroner i månaden pluss bustøtte. Dette er i skjerande kontrast til den fiktive åleinemora i førre artikkel. Det skal her seiast at sosialsatsane i Bærum kommune er mindre enn dei er i Oslo, der satsen for ein einsleg åleinebuande er 8378 kroner i månaden. Satsane i Oslo kommune er truleg høgare fordi det er særs dyrt å bu i Oslo. Men dette er under alle omstende langt ifrå noko ein kan leve anstendig av. Som Knut Hallvard sjølv seier:
«Jeg kan glemme å gå ut [og] spise, ta en tur på kino eller konsert, eller en tur til frisøren. Månedskort kan jeg bare glemme. Likeså nye klær og sko. Ferie har jeg ikke hatt på mange år. Som sosialklient skal jeg til enhver tid være tilgjengelig. Jeg har heller ikke råd til å dra til Skien med tog for å hjelpe foreldrene mine med praktiske gjøremål […].»
Reglane når ein er sosialklient er at ein skal ha brukt opp absolutt alt ein har av eigne midlar før Nav gjev støtte. Dersom nokon til dømes gjev Knut Hallvard pengar til togbillett slik at han kan besøke sine eigne foreldre, trekkjer Nav dette beløpet frå sosialstøtta neste månad – desse pengane til togbillett er jo å sjå på som eigne midlar. Han må rapportere all «inntekt» til Nav, elles vil dei krevje stønaden tilbakebetalt eller gjere vedtak om at stønaden fell vekk. Han kan òg bli politianmeldt. Dette har heimel i §23 i Lov om sosiale tenester.
Han har 42 øre på sparekontoen. Sosialklientar kan ikkje ha økonomisk buffer, sidan dette blir rekna som «eigne midlar».
Dersom kjøpeskapet eller komfyren blir øydelagt, vil han sannsynlegvis få det dekt av sosialkontoret. Alle, sjølv sosialklientar, skal ha ein viss minimumsstandard, og kvitevarer og komfyr er heilt naudsynte artiklar å ha i huset. Dersom PC-en, som han er avhengig av for å gjere friviljug arbeid, derimot ryk, vil han ikkje ha pengar til å kjøpe ny. Den interne logikken til Nav ser ut til å vere at det er ein menneskerett å ha komfyr og kjøleskap, men ikkje PC.
Korleis har han hamna i dette uføret? Knut Hallvard fortel om ei fortid med utfordringar knytt til oppvekst og skulen, der han mellom anna sleit med konsentrasjonen. Han kom seint i gang med studiane, og vart ferdig med bacheloren på BI i 40-åra. Han møtte stengde dører hjå ymse arbeidsgjevarar:
«Det jeg erfarte da jeg søkte på jobber, var at arbeidsgiverne ville ha folk i 20-årene som de kunne forme selv, og ikke 40-åringer med egne meninger […].»
No jobbar han fulltid som ulønt friviljug, i håp om at nokon skal sjå all innsatsen han gjer og endeleg tilsetje han. Han seier at han nektar å gje opp, han ønskjer berre å jobbe og tene pengar.
«Ingen skal greie å ta livsgnisten fra meg,» seier han.
Eit av verva hans er å sitje i styret for partiet Raudt i Bærum. Raudt og SV reagerte med vantru og forferding då dei las historia hans i Dagsavisen. SV sin stortingsrepresentant Freddy André Øvstegård sa til Dagsavisen at sosialhjelpa stundom framstår som fattigkassa frå 1800-talet, og at denne «detaljstyringen av folks liv med altfor lave satser er uverdig». Raudts Mímir Kristjánsson meiner òg at sosialsatsane må aukast. Frå regjeringa er det lite støtte å hente – og den kom vel ikkje akkurat som ei bombe.
Satsane for økonomisk sosialhjelp er per 1.juli 2023 for einslege 7550 kroner i månaden i alle kommunar bortsett frå Oslo. Beløpet er (heldigvis!) skattefritt.
Den hjarteskjerande lagnaden til Knut Hallvard Tufte står i skarp kontrast til «milliontrygda» som dei med mange barn kan sitje heime og håve inn. Menn litt opp i åra kan av openberre grunnar ikkje velje den same strategien – eg har iallfall personleg aldri høyrt gjete at menn sit heime med ein ungeflokk og haustar dei økonomiske fruktene av sine eigne avkom. No skal det òg seiast at eg heller aldri har høyrt at norskætta kvinner driv med det same, dette er fyrst og fremst kvinner frå visse land og kulturar som praktiserer.
I Knut Hallvard sitt tilfelle er det openbert ikkje snakk om å utnytte systemet på det grovaste – den stakkars mannen greier knapt å overleve frå ein månad til den neste. Her stiller eg meir spørsmålsteikn ved den uvanlege vrangviljen hjå alle dei 400 arbeidsgjevarane han seier han har vore i kontakt med. Å avvise ein kandidat på grunn av alder eller «feil» meiningar er usakleg forbigåing. Å kategorisk nekte eit menneske arbeid som vedkomande er kvalifisert for, burde etter mitt syn gjere arbeidsgjevarane medansvarlege for all armod og elende som oppstår i eit hand-til-munn-tilvære som arbeidsledig, lutfattig sosialklient.
For å underdrive kraftig: det er ikkje slik det skal vere. Kva slags signal sender slike historier ut? Kva er dette for ei sinnssjuk forskjellsbehandling? Kva slags samfunn lèt single, barnlause menn gå til grunne i fattigdom og fornedring medan dei ber fødemaskiner frå svartaste Afrika på gullstolar?
Noko er ròte i den snart feila staten Noreg.
