Anonym skribent avslører MASSEMORD utført av den australske regjeringa under «pandemien»

Australia var før 2020 eit land kjent av mange som eit paradis på jord, om enn med særs mange giftige og/eller farlege dyr – og som fleire dokumentarseriar antydar, eit særs strengt tollvesen. Då den overnasjonale djupstaten lanserte koronaprosjektet i tidleg 2020 etter lang tids planlegging, vart Australia og systerstaten New Zealand om til totalitære regime som manglar historisk sidestykke. Om ein skal tru alle videoane og vitnesbyrda, vart lovlydige borgarar trakassert, skotne på, og stundom sperra inne i nyoppretta covid-leirar, og uvaksinerte vart frosne ut av både arbeidsliv og samfunnsliv.

Natural News melder at det i september vart publisert ein artikkel på Substack der den anonyme skribenten skulda den australske staten for massemord under «pandemien». Vedkomande har pseudonymet ExcessDeathsAU («overtalsdødsfall Australia»). 7.oktober 2023 vart det som respons på artikkelen publisert ein artikkel på nettstaden NaturalHealth365, som kan lesast her. I og med at Australia var eit av dei verste regima under plandemien, er det no på høg tid at vondskapen og galskapen blir eksponert og dei skuldige straffa med lange fengselsstraffer.

I nemnde anonyme artikkel på Substack blir det skrive at handlingane til Canberra – hovudstaden i Australia – under «pandemien» tilsvarte folkemord, det bevisste drapet på uvæpna menneske. Ifølgje Natural News brukte forfattaren visstnok fleire månader på å undersøkje handlingane til stat og regjering under det verste koronahysteriet. Vedkomande sette opp ei tidslinje med særs sterke skuldingar mot den australske staten og regjeringa, og har naturlegvis lagt fram grundig dokumentasjon, som kan lesast i originalartikkelen. Eg vil her gjengje punkta.

  1. Regjeringa/staten skal ha samarbeidd med techkjemper slik som Twitter og Facebook for å sensurere og kansellere australske borgarar som sa imot det offisielle narrativet.
  2. Australske Therapeutic Goods Administration (TGA) skal ha innført restriksjonar mot å skrive ut på resept hydroksyklorokin for å behandle covid. TGA tilsvarer det amerikanske FDA, regulerings- og kontrollorganet for mellom anna legemiddel og medisinsk utstyr.
  3. Regjeringa/staten lanserte ein vaksinekampanje i media, Arm Yourself, som brukte kjendisar og pastorar til å manipulere aboriginane til å late seg injisere. Kampanjen vart køyrt frå 2021 til 2022.
  4. Maktpersonar slik som delstatsminister Mark McGowan i Western Australia, hengde ut dei som ikkje ville late seg injisere ved å kalle dei «idiotar», «avskum» og diverse andre skjellsord. Dette meiner skribenten skadde den offentlege diskursen. Liknande hersketeknikkar vart brukt i andre vestlege land, mellom anna her i Noreg, der uvaksinerte vart kalla «utskot» av Guri Melby (V).

I tillegg førde pandemiresponsen til at australiarar i utlandet ikkje kom seg heimatt, ein auke i sjølvmord under dei særs langvarige nedstengingane, og bruken av «hotell» og «fasilitetar» for å halde folk som hadde vore på reise i karantene – noko som elles er kjent som kidnapping og ulovleg innesperring.

Ein studie gjort av Johns Hopkins University antyda at sjølve pandemiresponsen i USA sitt tilfelle bidrog til overtalsdødsfall i landet. Studien vart utført over meir enn to tiår, altso dekkjer mesteparten av studietidsrommet tida før «pandemien». Årsakene til overtalsdødsfall var medisinsk feilbehandling, kontroversielle protokollar og undertrykkinga av alternative behandlingsmåtar – og her må «alternativ» tolkast som alle andre behandlingsmetodar enn remdesivir, respirator og mRNA-injeksjonar. Studien er gjengjeven i ein LifeSiteNews-artikkel, som igjen viser til denne artikkelen.

I Australia, som i andre vestlege land, byrja den sokalla «pandemiresponsen» som to veker for å flate ut kurven. Desse to vekene vart om til fleire månader og år med undertrykkjande, totalitære «tiltak» som stadig vart forlenga. I tillegg fekk sjukehus rikeleg med økonomiske tilleggsmidlar for å «diagnostisere» covid, iverksetje «behandling» og deretter klassifisere det uunngåelege dødsfallet som «covid-dødsfall». PCR-testar og hurtigtestar var dei sentrale berebjelkane i løgna om «stort tal smitta», og «smitta» tyda i dette narrativet nokon som hadde testa positivt for «covid». De kan sikkert hugse at ein i media alltid snakka om «talet smitta», men at det aldri vart presisert om dei «smitta» hadde alvorlege symptom. Den einaste andre tilleggsopplysninga var kor mange som var innlagt på sjukehus med «diagnostisert» covid.

Teknikkane som den overnasjonale djupstaten brukte under koronaprosjektet kan oppsummerast i to stikkord: villeiing og skremselspropaganda. Resultatet var hysteri og ei ugjenoppretteleg splitting av samfunnet. Folk, inkludert meg sjølv, fekk øydelagt karrierane og liva sine. Når vi får til eit oppgjer mot dei ansvarlege, må fokuset etter mitt syn vere erstatning for dei som har fått helsa øydelagt av mRNA-injeksjonane, og erstatning for tapt framtidig arbeidsinntekt for dei som miste jobbane sine og sitt gode namn og rykte.

Australiarar (og newzealendarar) var truleg dei som hadde det verst. Avslutningsvis kjem eg her med eit tilfeldig utvalt døme på tyranniet: I denne videoen forklarer delstatsminister i New South Wales, Gladys Berejiklian at australiarar kan få forlate heimane sine i éin time per dag for å mosjonere – men berre dersom dei er uvaksinerte.

Kommenter innlegget