Britiske Daily Mail melder om ei særs urovekkjande hending som fann stad i den skotske byen Glasgow i byrjinga av oktober: Ein 53 år gammal mann vart kidnappa av sin eigen elbil, og berre rein flaks gjorde at han slapp unna hendinga uskadd og i live.
Den 53 år gamle firmaeigaren Brian Morrison seier til Daily Mail at han køyrde roleg heim frå jobb i titida ein sundagskveld, då den kinesiskproduserte elbilen hans plutseleg byrja å køyre av seg sjølv i tretti miles i timen – det tilsvarer 48,2 kilometer i timen. Sjølv om dette ikkje er spesielt høg fart, måtte den plutselege og totale mangelen på kontroll over sitt eige køyretøy ha blitt opplevd som uhyre skremmande.
Morrison fortel at han visste at noko var gale då han kom til ei rundkøyring og ikkje greidde å bremse. Han høyrde deretter ein høg, skjerande lyd som høyrdest ut som den kom frå bremsene. Sidan bilen var sopass ny, kunne det umogleg vere eit problem med sjølve bremseklossane, bremseskivene eller kaliperane. Han greidde å kome seg gjennom rundkøyringa i 50 kilometer i timen, og kom deretter ei lang vegstrekning. Der forventa han at bilen skulle stoppe av seg sjølv utan at han var borti gasspedalen. Det gjorde den ikkje.
Skotten var fullstendig fanga i ein bil som av seg sjølv køyrde i 50 kilometer i timen.
Fyrst ringde han kona si, slik at ho kunne hjelpe han med å åtvare andre bilistar om at han ikkje kunne stoppe køyretøyet. Han visste at det lenger framme i ruta låg mellom anna fleire rundkøyringar og lyskryss, og uroa seg for at han kom til å skade fotgjengarar. Han ringde difor naudtenesta, som i Storbritannia har nummeret 999. Politiet vart sendt ut for å hjelpe han, og han fekk òg snakke med nokre teknikarar, som i sin tur lurte på om han sat i ein sjølvkøyrande bil. Dette var fyrste gong teknikarane hadde høyrt gjete ei slik hending, og dei hadde inga aning om kva dei kunne gjere.
Tre politibilar køyrde til slutt framfor og bak Morrison. Han var 100% fokusert på å styre bilen – for rattet hadde han heldigvis framleis kontroll over. Då ein politibil køyrde opp på sida av han og spurde om det gjekk bra, ropte 53-åringen tilbake at det aldeles ikkje gjekk bra – han kunne jo ikkje stoppe.
Han fekk råd om å kaste ut sin elektroniske nøkkel – i mange nye bilar er der ingen fysisk tenningslås, so nøklane ligg fritt i kupeen eller i ei jakkelomme – men sjølv ikkje dette fekk motoren til å stoppe. Han prøvde ut ymse metodar for å slå av bilen, men ingenting fungerte.
Til slutt var einaste løysinga at Morrison med vilje kolliderte med ein politibil før dei kom inn i eit meir tettbygd strøk. Morrison var då i ei rundkøyring og hadde fått bilen ned i 15 miles i timen (24 kilometer i timen). Morrison, som er mildt rørslehemma, vart hjelpt ut av bilen. Bilen heldt fram med å gå, so politibetjentar måtte sitje der og passe på bilen fram til RAC kom på staden for å yte veghjelp. RAC (Royal Automobile Club) er det britiske svaret på NAF. Ein RAC-mekanikar tok ein diagnosesjekk av bilen, og oppdaga fleire sider med feilmeldingar. Han hadde aldri sett noko liknande, og tok ikkje sjansen på å skru på motoren for å finne ut nøyaktig kva som var gale.
Forsikringsselskapet til Morrison undersøkte hendinga.
Det skotske politiet bekreftar i ei melding at dei sundag 1.oktober fekk melding om ein sjåfør som var ute av stand til stoppe sitt eige køyretøy. Bilen køyrde i låg fart og betjentane utførde eit kontrollert stopp av bilen ved hjelp av ein politibil. Der var ingen skade på nokon av køyretøya.
Urovekkjande nok er ikkje dette fyrste gong det i elkøyretøy har oppstått farlege situasjonar som ikkje skuldast feil eller aktløyse hjå sjåførar. Det har skjedd at elbilar plutseleg har byrja å brenne, mellom anna i Liverpool-området 24.september i år. Der trudde dei brannårsaka var feil i bilbatteriet.
Trass dette har noverande statsminister Rishi Sunak planar om at meir enn halvparten av alle nye bilar i Storbritannia skal vere elektriske innan fem år. Innan 2035 er planen at 100% av alle nye bilar skal vere sokalla «utsleppsfri».
