Ulovlege innvandrarar spreier tuberkulose i New York

NewsTarget, systersida til Natural News, melder at New York by for tida opplever ein betydeleg auke i førekomsten av tuberkulose. Sjukdommen har vore rekna som kontrollert i fleire tiår, men dette ser no ut til å ikkje lenger vere tilfellet. Årsaka kjem i stor grad av den tilnærma ukontrollerte tilstrøyminga av ulovlege innvandrarar. So langt i år har rundt 500 tilfelle av tuberkulose blitt rapportert i byen, og dette er ein auke på 20% i forhold til same tid i fjor.

Styresmaktene reagerer med uro på at talet infeksjonar har nådd sitt høgste punkt på meir enn eit tiår, og dei fryktar at sjukdommen kan spreie seg til andre område.

Meir enn 100 000 innvandrarar har kome til New York sidan i vår, og dei kummerlege buforholda deira inneber større risiko for infeksjon. Problemet blir i sin tur forsterka av lange ventetider ved kommunale tuberkuloseklinikkar – folk får fyrst tilgang på behandling når sjukdommen har gått over i eit meir utfordrande stadium, og har hatt tid til å spreie seg til andre.

I New York er der 6,1 smittetilfelle per 100 000, og dette er eit av dei høgaste i USA. Komande vinter kan vidare akselerere spreiinga av tuberkulose. Den tett befolka byen blir rekna som eit forvarsel på kva som kan vente resten av landet.

Tuberkulose, som kjem av tuberkel-bakterien (mellom andre Mycobacterium tuberculosis som har gjeve opphav til namnet på sjukdommen), var i fortida ein dødeleg og frykta sjukdom. Dødelegheitsraten til sjukdommen har gått vesentleg ned i den vestlege verda på grunn av betre helsetenester og behandlingsmåtar. Sjukdommen er særs smittsam og drep framleis rundt 1,5 millionar i verda kvart år. Somme variantar har utvikla resistens mot mange moderne legemiddel, noko som gjer tuberkulose særs vanskeleg å behandle. Sjukdommen spreier seg via dropesmitte. Her i Noreg vart sjukdommen på folkemunne kalla tæring. Mellom 1947 og 2009 var alle barn vaksinert mot sjukdommen med BCG-vaksine. Etter 2009 vart vaksinen berre tilbydd nyfødde av foreldre frå land der tuberkulose var vanleg.

Vanlegvis slepp ikkje innvandrarar med smittsame sjukdommar inn i USA. Ulovlege (papirlause) innvandrarar blir derimot ikkje undersøkt før dei blir frakta inn i landet. Den veldige tilstrøyminga av papirlause har ført til ein auka førekomst av legemiddelresistent tuberkulose, ifølgje Texas-indremedisinar James Hodges. Han meiner dette kjem av at mange pasientar berre blir delvis behandla, og det med reseptfrie antibiotika i Mexico.

I tillegg til tuberkulose dreg innvandrarane òg med seg syfilis inn i USA. Sheriff Mark Lamb i Pinal fylke i delstaten Arizona, sa til USA Today at grensepatruljen og lokale byrå har sett alle slags sjukdommar, inkludert tuberkulose, skabb, covid, hepatitt A og B, gonoré, syfilis, kusma, vasskoppar og dengue-feber. Den sokalla Title 42 vart innført for å nekte innreise slik at spreiinga av smittsame sjukdommar (i dette tilfellet covid-19) kunne stoppast. Biden avskaffa Title 42 og opna grensene heilt opp igjen, og dette har ført til auka førekomst av smittsame sjukdommar som – i motsetnad til covid-19 – utgjer ein reell folkehelserisiko.

Kommenter innlegget