Fredag 15.september 2023 vart kvinna (38) som på Saksyndig har skrive under pseudonymet «Josefine Bru» innlagt på Sandviken (eit psykiatrisk sjukehus i Bergen) etter å ha forsøkt å ta sitt eige liv. Sambuaren, her kalla «J.P.», skreiv laurdag 16.september ein e-post til Saksyndig-redaktøren der han forklarte kva som hadde skjedd. Ho vart innlagt etter §3-3 i Lov om psykisk helsevern, som blir brukt for å tvangsinnleggje nokon som utgjer ein alvorleg fare for seg sjølv eller andre.
Dette er no over ein månad sidan. I går, torsdag 19.oktober, kom der endeleg ei oppdatering frå «J.P.», men om det gjer saka betre, kan diskuterast. Han fortel til meg at han har blitt nekta innsyn i journalen hennar fordi han ikkje er næraste pårørande. Det er det foreldra hennar som er, men dei har ho ikkje vore i kontakt med på fleire år – han har aldri møtt dei endå han har vore i lag med Josefine sidan 2017. Etter det han har forstått er dei busett ein stad i Nordfjord, nær fylkesgrensa til Møre og Romsdal. Grunnen til at ho ikkje er på talefot med sine eigne foreldre har ho aldri presisert overfor han. Ho har aldri ønskt å snakke om det. Denne motviljen mot å ha med sine eigne foreldre å gjere kan vere knytt til den alvorlege psykiatriske diagnosen ho har, ettersom ho til tider lid av vrangførestillingar og manglande evne til å skilje fantasi frå røyndom. Det er for meg òg uvisst kvifor akkurat foreldra hennar står oppført som næraste pårørande når ho aldri snakkar med dei. Kan hende har dei alltid vore næraste pårørande, sidan ho har hatt denne diagnosen sidan ho var i tenåra.
På grunn av den særs strenge teieplikta helsepersonell har overfor personar som ikkje er næraste pårørande, er «J.P.» difor uvetande om kva som eigentleg skjer med sambuaren sin på Sandviken. Han får heller ikkje kome på besøk til ho, igjen fordi han ikkje er næraste pårørande. Dersom personalet verkeleg berre slepp inn næraste pårørande, og ho aldri er på talefot med foreldra, kan det tyde på at ho aldri får besøk.
Den einaste kontakten han har hatt med Josefine, har vore sporadiske telefonsamtalar på rundt fem minutts varigheit; den siste samtalen til no fann stad so nyleg som tysdag 17.oktober. I alle samtalane har ho framstått som høyrbart rusa, kanskje påverka av kraftige medisinar. Ho har vore snøvlete i talen, og ikkje formidla særleg mykje fornuftige ting. Om ein framand hadde ringt han og snakka på dette viset, hadde han avvist det som fyllevrøvl eller «narkorør». Dette er i skarp kontrast til hennar vanlegvis veltalande snakkemåte.
Interessant nok kallar ho konsekvent «J.P.» for Einar, som er namnet på mannen ho visstnok fekk ungar med i fleire tidlegare univers.
Ho har fortalt han ved fleire høve at nokre «sinte menn» legg ho i reimar, og at ho ligg fastbunden i senga i «ein mannsalder». Ho seier ho ligg der med «sprengfull blære so stor som ei vasseng», før ho til slutt pissar seg ut. Ho fortel òg om at ho «i tide og utide får sprøyte i ræva». Om dette faktisk har skjedd, eller om ho berre innbiller seg det, er uråd for «J.P.» å avgjere sidan han ikkje har innsynsrett i journalen hennar.
Josefine har i lengre tid vore arbeidsledig, fortel sambuaren. Ho brukte å jobbe som personleg trenar på fleire av dei mange treningssentera i Bergen. Ho er formelt utdanna ergoterapeut, men har nesten ikkje jobba som det sidan ho utdanna seg til det for ti-tolv år sidan. Ho er i eksepsjonelt god fysisk form og gjekk fleire år på rad den årlege Syvfjellsturen i Bergen. Ho har ved fleire høve delteke i Stoltzekleiven Opp, ein særs krevjande tur opp den stupbratte Stoltzekleiven nord for Bergen sentrum. Då pandemien kom, raste verda hennar sakte, men sikkert saman etter kvart som dei strenge retningslinjene øydela levebrødet hennar. «J.P.» vedgår at han med si gode revisorløn har vore den som har fødd på ho, og ho har uttrykt djup takksemd over dette. Alternativet hadde ifølgje ho sjølv vore å svelte i hel og bli eit offer for elementa. Ho skyr NAV som pesten. Av denne grunn har han vegra seg for å gjere det slutt, sjølv under hennar dårlege periodar då ho i sin paranoia har tolka han som ein fiende. Ho vil rett og slett heller døy enn å underleggje seg NAV-regimet, som ho meiner er farleg inkompetente.
Sommaren 2021 gjekk Josefine til åtak på sambuaren sin fordi han hadde brukt munnbind då han handla nede på den lokale butikken. Ho var vill i auga og det formeleg skumma rundt munnen hennar. Han fortel at ho er råsterk sidan ho driv med vektløfting og crossfit, og at han difor ikkje hadde ein sjanse mot ho. Ho hadde teke kvelargrep på han og han var i ferd med å svime av, viss på at han kom til å døy. So var det som om ho i siste augneblink greidde å innsjå kva ho dreiv på med. Ho låg resten av kvelden og grein i eit hjørne av stova medan sambuaren sat likbleik og skjelven i sofaen. Han valde å aldri politimelde dette overfallet.
Han fryktar at Josefine denne gongen kjem til å bli verande i psykiatrien. Ho er openbert ein fare for seg sjølv og andre, og har i lengre tid òg vore ute av stand til å forsørgje seg sjølv. NAV må til slutt kome inn i biletet, og det beste hadde vore at ho rett og slett vart uføretrygda på grunn av sin alvorlege psykiske sjukdom. Det kan då bli aktuelt for ho å få besøk av ambulerande team for tilsyn og hjelp til administrering av medisinar. Om ho er for stolt til å gå med på det, eller lever i villaste fornekting på grunn av sjukdommen sin, er eit ope spørsmål. Her er det fyrst og fremst snakk om å få ei kvalifisert vurdering av om ho er samtykkekompetent.
Han skriv so, ikkje heilt utan sarkasme, at Saksyndig kanskje ikkje er beste nettstaden for ei psykisk sjuk kvinne å bruke tida si på – og iallfall ikkje vere konstituert redaktør og skrive artiklar, slik ho har gjort ved to høve no i 2023.
Utifrå det «J.P.» skriv, tydar alt på at han ikkje lenger maktar å bu saman med Josefine. Han er ikkje å klandre, ettersom dei fleste i hans situasjon truleg vil måtte trekkje same konklusjonen før eller seinare. Den same problemstillinga var eg sjølv borte i då eg som helsefagarbeidar og primærkontakt hadde jamlege samtalar med pårørande til personar med demenssjukdom. Dei som held lengst ut med sine sjuke ektemakar er dei som lever i den villfaringa at demensen på eit eller anna vis kjem til å bli betre. Den harde realiteten går ikkje opp for dei før det oppstår situasjonar der det er akutt fare for liv og helse, og der ein då må ordne hastevedtak om innlegging på sjukeheim.
Sjølv om alvorleg psykisk sjukdom ikkje heilt kan samanliknast med demens (som er irreversibel svekking av kognitive evner), er effekten dette har på parforhold like skadeleg. Medan demens er uhelbredeleg og progredierande (den blir berre verre og verre), treng ikkje psykisk sjukdom å tyde slutten på eit uavhengig liv. Med god støtte frå eit kompetent hjelpeapparat kan Josefine leve og blomstre i mange år til – om ho vil det sjølv, riktig nok. Ein kan føre ein hest til vatnet, men ein kan ikkje få hesten til å drikke.
