Debatten snakka om dei nye endringane av WHO-traktaten: Vår side briljerte, motparten laug so det rann av dei

I går, 19.oktober 2023, var ein historisk dag, for då vart endeleg dei nye endringane i WHO-traktaten drøfta på sjølvaste gudmora av alle hovudstraumsmedia: NRK. Fredrik Solvang i Debatten hadde for ei tid tilbake fått ei utfordring frå naprapat Joakim Hetland (37), og valde altso å leggje til rette for ein sakleg debatt om denne traktaten. Før programmet starta vart Hetland intervjua av Hemali-redaktør Julia Schreiner Benito, der han fortalde om dette på alle måtar vellykka «stuntet». Han la opphavleg ut ein video på Instagram der han vende seg direkte til programleiar Solvang – videoen har til no blitt sett 600 000 gonger.

Dei som stilte i debatten var følgjande personar:

På vår side: Joakim Hetland, den uavhengige fylkestingsrepresentanten Susanne Heart og professor i rettsvitskap ved Høgskolen Innlandet, Morten Walløe Tvedt. Seinare kom lege Jørn Eikemo frå Fritt vaksinevalg og deltok i debatten.

Motparten: Helsedirektør i Helsedirektoratet Bjørn Guldvog, byråkraten som åleine tok avgjerda om å stengje ned Noreg 12.mars 2020, statssekretær i Helse- og omsorgsdepartementet Ole Henrik Krat Bjørkholt og smitteverndirektør i Folkehelseinstituttet (FHI), Trygve Ottersen. Seinare kom professor i rettsvitskap ved Høgskolen Innlandet, Anne Kjersti Befring og deltok i debatten.

Som programleiar Solvang oppsummerte, skal WHO kunne bestemme:

  • Kven som skal i isolasjon
  • Kven som skal i karantene
  • Kor lenge folk skal sitje i karantene sjølv om dei ikkje sjølv har symptom på sjukdom
  • Kva slags vaksinar som skal godkjennast
  • At alle treng eit globalt vaksinepass for å kunne reise
  • At friske borgarar ikkje kan reise inn i område med smitte
  • Om dei som ikkje vil ta ein vaksine skal tvangsvaksinerast
  • At alle statar skal kunne innføre ein Smittestopp-app som gjev WHO og styresmaktene tilgang til identifiserbare helseopplysningar

I tillegg er ei rekkje ord og setningar endra ut i dei nye forslaga, mellom anna er non-binding («ikkje-bindande») stroke ut, without delay («utan opphald», at dei skal gjennomførast so fort dei blir vedtekne) er lagt til, og – urovekkjande nok – den delen om at tiltaka skal gjennomførast med verdigheit og ivaretaking av menneskerettar har blitt stroke ut. Ifølgje Guldvog var det Bangladesh som bad om at «ikkje-bindande» måtte strykast, noko han meiner dei har rett til å føreslå.

Motparten utelukka bestemt at Noreg skulle avstå nokon som helst suverenitet, eller at WHO skulle byrje å bestemme over Noreg og andre WHO-medlemsland. Vår side håpte at motparten snakka sant, men alle andre enn Hetland uttrykte synleg skepsis til det motparten sa.

Pål Steigan er ikkje nådig i sin omtale av programmet:

«På byråkratenes side var det mye løgn og sannhet og bevisste tilsløringer.

Bjørn Guldvog presenterte WHO nærmest som et byråkratisk kontor underlagt medlemslandene og uten egen makt. Dette er helt usant og siden vi må anta at Guldvog etter å ha jobbet med WHO i hele sin karriere vet bedre, er det en kvalifisert løgn.»

Som tidlegare nemnt var det Guldvog som sette Grunnlova til side og «opptrådte som han var Norges regjering. Han sørget så for å slette alle ‘lappene’ sine, alle epostene og alle notatene slik at vi ikke skulle få vite hvem han tok ordre fra og hvem som bestemte hva.»

Guldvog sa òg at Noreg på grunn av «angivelig konsensusprinsipp skulle ha en slags vetomulighet i WHO. Det er blank løgn.»

Og vidare:

«Statssekretær Ole Henrik Krat Bjørkholt var like skamløs i sine løgner som Guldvog. Han presterte til og med å gi garantier om at ingen av de kjente forslagene som Solvang hadde listet opp ville bli vedtatt. Det er garantier han ikke er i noen posisjon til å gi. (Kjøp ikke bruktbil av denne mannen.)»

Bjørkholt påstod òg at Noregs befolkning ville ha høve til demokratisk behandling av avtalen. Dette er òg løgn, sidan sjølve avtaleforhandlingane er hemmelege fram til avtalen blir vedteken.

Kort oppsummert briljerte vår side, spesielt Hetland og Heart, medan motstandarane laug so det rann av dei og dermed dreit seg loddrett ut.

Kommenter innlegget