Zero Hedge melder at telecom-giganten Nokia no planlegg å seie opp vel 16% av sine tilsette, noko som tilsvarer heile 14 000. Årsaka skal visstnok vere mindre behov for 5G-utstyr. Ifølgje data frå Bloomberg har Nokia 86 000 tilsette. No må dei kutte kostnader med mellom 800 millionar og 1,2 milliardar euro innan slutten av 2026, og dette inneber ein reduksjon i personalutgifter på mellom 10 og 15%. Nettosalet i tredje kvartal av 2023 fall med 20%, eller 4,98 milliardar euro. Profitten fall med so mykje som 69% til 133 millionar euro frå juli og til og med september, samanlikna med i fjor.
Nokia-sjef Pekka Lundmark sa i ei videomelding (mi omsetjing):
«Når vi står overfor eit utfordrande marknadsmiljø, skal vi redusere kostnadsbasen for for å beskytte profittevna vår […].»
Zero Hedge skriv vidare:
«Lundmark sa at det er ‘umogleg å avgjere’ kor lenge nedgangen i nettverksmarknaden vil vare, og la til at på langsiktig basis vil investeringar i 5G vere ‘naudsynt’ for å takle aukande datatrafikk på grunn av kunstig intelligens og cloud computing.»
Cloud computing er på norsk kjent som nettskya, der alt frå dataprosessering og datalagring til programvare går via nett-tenarar (serverar) i sokalla eksterne tenesteparkar tilknytt Internett. Selskap som tilbyr tenarkapasitet i nettskya inkluderer mellom andre Amazon, Google og Microsoft.
Zero Hedge held fram:
«Han [Lundmark] utelukka ikkje moglegheita for ‘strukturelle trekk’ utover kostnadskuttande tiltak. Han la vekt på at sjølv når ein tek til etterretning vesentlege reduksjonar i arbeidsstokken, forblir det primære målet til Nokia å halde på ein sterk R&D output.»
R&D output tydar her research and development, eller forsking og utvikling, til dømes i å utvikle nye og betre smarttelefonar.
«Direktøren [framleis Lundmark] erkjente at det makroøkonomiske miljøet vil spele ei betydeleg rolle i 2024. Derimot slo han fast at det var for tidleg å kome med spesifikk rådgjeving og åtvara mot å anta at selskapet kom til å motta støtte frå marknaden.»
Operatørar har, slik Lundmark erfarer det, opplevd det som utfordrande å tene på dei investeringane dei har gjort innan 5G. Aksjekursen til Nokia har i Europa falle med 3,5%, den lågaste sidan tidleg i «pandemien».
Andre telecom-selskap ser òg ut til å slite. Svenske Ericsson meldte om planar om å kutte arbeidsstokken sin med 8500 personar tidlegare i år. Telecom-bransjen generelt ser ut til å vere under sterkt press på grunn av ein meir saktegåande globaløkonomi og stigande inflasjon. Adm.dir. i Ericsson, Börje Ekholm åvara om at det vil herske uvisse godt inn i 2024.
Eg registrerer personleg at der er ein stadig meir auka skepsis til 5G, ettersom stadig fleire trur at der kan liggje vondsinna intensjonar bak teknologien, til dømes auka overvaking og fare for helseskade på grunn av strålinga.
