Kan ein blekksprutbamse føre til kansellering av Greta Thunberg?

Det er no openbert at den meir eller mindre rabiate venstresida og deira forskrudde woke-rørsle nyttar kvart eit høve til å rydde meiningsmotstandarar av vegen. Denne gjengen vegrar seg tydelegvis ikkje for å bruke dei mest nedrige hersketeknikkar eller dei skitnaste, simplaste triks. Her skal fienden kansellerast, ofte på syltynt grunnlag, og her blir sjølv uskuldige utsegner tolka i verste meining. Det siste offeret for denne kanselleringskulten ser ut til å vere sjølvaste klimajenta Greta Thunberg. Ho er for tida i hardt vêr etter at ho uttrykte støtte til Gaza og Palestina. No er ho skulda for antisemittisme – visstnok på grunn av ein blekksprutbamse.

Russia Today melder (mi omsetjing):

«Den svenske klimaaktivisten Greta Thunberg vart skulda for å spreie antisemittiske meldingar på nettet etter at ho uttrykte støtte til palestinarane på X (tidlegare Twitter). Ho sletta sitt originale innlegg etter å ha møtt motbør på sosiale media.

Fredag [20.oktober 2023] delte Thunberg eit bilete av seg sjølv og tre andre kvinner der dei heldt opp plakatar med pro-palestinske slagord. ‘I dag streikar vi i solidaritet med Palestina og Gaza,’ skriev ho, og bad om våpenkvile i Midtausten, so vel som ‘rettferd og fridom for palestinarar og alle sivile som blir råka’.

Derimot observerte nokon raskt at ei av kvinnene hadde ein liten, blå blekksprutbamse på kneet sitt, og trekte parallellar til antisemittiske teikningar som framstilte jødar som trugande blekksprutar med lange og langtrekkjande tentaklar. Slike bilete vart brukt i Nazi-Tyskland og andre stader for å fremje mytar og konspirasjonsteoriar om det jødiske folket og jødedommen.

Aktivisten sletta snart det originale innlegget og delte det same biletet med blekkspruten redigert vekk. ‘Det har blitt gjort meg merksam på at tøydyret som er med i mitt tidlegare innlegg kan bli tolka som eit symbol på antisemittisme, noko eg på ingen måte var klar over,’ skreiv Thunberg. ‘Bamsen på biletet er eit verktøy som ofte er brukt av autistiske menneske som ein måte å kommunisere kjensler’. [Greta Thunberg har diagnosen Aspergers syndrom; oms.an.].

‘Vi er naturlegvis mot kvar ei form for diskriminering, og fordømmer antisemittisme i alle former,’ la aktivisten til, og forklarte kvifor ho hadde fjerna det fyrste innlegget.

Somme tok Thunberg i forsvar, og skreiv at blekkspruten har vore eit populært motiv i mange satiriske og politiske teikningar gjennom historia.

Likevel har Israels offisielle konto på X kritisert Thunberg for ståstaden hennar. ‘Hamas bruker ikkje berekraftige materialar for rakettane sine som har SLAKTA uskuldige israelarar. Offera til Hamas-massakren kan ha vore vennene dykkar. Snakk ut,’ skreiv dei, og la ved bilete av dei tre menneska som vart drepne av palestinske militante.

Tidlegare talsmann for Israels forsvarsstyrkar Arye Sharuz Shalicar gjekk endå lenger, og sa til tidsskriftet Politico at ‘alle som identifiserer seg med Greta på nokon som helst måte i framtida, er etter mitt syn ein støttar av terror’, og gjekk til åtak på ho for å ‘vise solidaritet med Gaza medan ho ikkje sa eit ord om massakrane på israelarar’. Shalicar trekte sidan tilbake kommentarane, og sa at han ‘snakka ut av ei djup kjensle av smerte’, og at orda hans ikkje reflekterte synspunkta hans eller dei til Israels forsvarsstyrkar.»

So… Er Greta Thunberg kansellert på grunn av ein bamse no? Det skulle ikkje forundre meg.

One comment

Kommenter innlegget