Nettstaden The People’s Voice publiserte 19.oktober ei sjokkerande og djupt urovekkjande historie som fann stad tilbake på eit britisk sjukehus i 2021, midt under verste koronahysteriet. Historia er skriven av journalist, forfattar og redaktør Jacqui Deevoy, og vil vere ein del av den komande filmen Playing God. Filmen er i produksjonsfasen, og dei har sett i gang kronerulling for å få den ferdig – meir informasjon kan lesast her.
Barbara Clarke var ei frisk og fullt førleg dame på 76, som i juli 2021 miste ektemannen sin Charles etter 55 års lykkeleg ekteskap. Ho hadde pleia mannen i nokre år etter han vart råka av hjerneslag. Sonen Steven Clark (57) fortel følgjande (mi omsetjing):
«Pappa var verkeleg ikkje so bra, og 27.juli 2021 miste vi han diverre. Mamma, som du kan førestille deg, vart heilt knust. Dei hadde vore gift i over fem tiår: ho hadde mist sitt livs kjærleik. Eg, saman med mine seks sysken, hadde aldri sett ho so trist før, og ho heldt senga. Ho var slik som dette i nokre dagar og vi byrja å bli bekymra. Vi rekna med at det var mamma som var hjarteknust. Men, naturlegvis var vi òg uroa for om ho kunne vere fysisk dårleg òg.»
Steve si syster Deborah (54) sa at mora Barbara hadde hatt utmerka helse heilt fram til ektemannen gjekk bort:
«Mamma var heilt utruleg for alderen sin – 76 – og var so full av energi; ho ville ha fått mange 40-åringar til å skjemme seg […]. Ho tok med glede bussen frå heimen sin i Feltham til Shepherd’s Bush-marknaden for å kjøpe kjøt og fisk utan problem!»
Feltham er ein forstad vest i London, medan Shepherd’s Bush ligg nærare sentrum av metropolen.
Steve hugsar at mora alltid var i aktivitet: «Huset vårt var aldri stille […]. Ho elska å fare på bingo og ville ofte banke på for å bli køyrt slik at ho ikkje gjekk glipp av fyrste spelet. (Eg budde rett over vegen frå familieheimen.) Ho hadde det alltid so travelt sidan ho tok seg av pappa, pluss at to av brørne mine framleis budde heime. Ho sikra seg at alle fekk mat og drikke og at, i pappas tilfelle, han var rein før ho fór heimanfrå. Sundag gjekk vi i kyrkja og det var dagen der heile familien samla seg heime hjå ho for å ete middag. Partneren min Debbie sa ofte at ‘den einaste gongen eg ser mora di setje seg ned, er når ho et!’. Dette var so sant.»
Det at Barbara plutseleg berre låg i senga vart desto meir overraskande. Familien var djupt bekymra og bestemte tok difor 29.juli 2021, to dagar etter at ho miste mannen sin, avgjerda om å ringje ambulanse for å få ho undersøkt.
Steve fortel: «Eg var fleire kilometer vekke på jobb, so eg byrja reisa mi til West Middlesex Hospital, der mora mi hadde blitt lagt inn. Eg støtte på so mange problem då eg prøvde å kome meg heim den ettermiddagen.» Mellom anna gjekk elbilen hans tom for straum og han fann ikkje ladestasjonar. Han måtte til slutt ringje veghjelp.
«Medan eg stod der og venta, fekk eg høyre frå eit av syskena mine at mamma hadde blitt lagt inn på sjukehus for å bli undersøkt; ho hadde lite grann feber og der var ei moglegheit for at ho kunne ha infeksjon i brystet. Oksygenmettinga hennar var derimot god, på 99%.»
Som helsefagarbeidar kan eg sjølv bekrefte at O2-metning på 99% ikkje berre er bra – det er eksepsjonelt bra. Å ta O2 er enkelt, ein tek berre måleutstyret på fingeren. Då finn ein ut både O2-metninga og pulsen, noko som gjer det lettvint å følgje med på om pasienten får nok oksygen. Dårleg O2-metting og høg puls er ein klar indikator på andenaud og ubehag. Pasienten får panikk fordi ho ikkje får til å puste skikkeleg. Då blir oksygen gjeve gjennom nasekateter.
Steve følte seg difor trygg på at det gjekk bra med mora, og at dei snart ville skrive ho ut. Han tok grundig feil.
Deborah fortalde: «Det vart bestemt at mamma skulle bli der. Dagen etter vart vi informert om at ho hadde blitt flytta over til covid-avdelinga, ingen av oss hadde eingong blitt fortalt at ho hadde blitt testa. Vi undra oss over kva i helvete det var som skjedde. Steve snakka med mamma på fyrste og andre dagen hennar på sjukehuset, og ho sa at ho kjende seg mykje betre og hadde ingen pustevanskar. Ho kommenterte at der var folk på avdelinga, enkelt- og dobbeltvaksinert, som hosta og harka rundt ho. Ho forventa å bli skriven ut den dagen. Derimot, for grunnar som er ukjende for oss, fekk ho ikkje lov til å fare heim, og vi fann seinare ut at ho hadde blitt gjeven oksygen via eit CPAP-apparat. Vi hadde inga aning om kvifor. Ho hadde vore i stand til å føre ein samtale med broren min tidlegare den dagen utan nokon som helst pustevanskar!»
Steve og Deborah bestemte seg difor for å bli verande på sjukehuset. Dei fekk derimot ikkje lov til å møte mora på grunn av covid-restriksjonar. «So vi to møtte opp,» fortel Steve. – «til den openberre irritasjonen til legane og sjukepleiarane.»
Restriksjonane vart handheva med kadaverdisiplin, som Steve fortel:
«På eitt punkt stod eg ved sjukepleiarskranken og kunne sjå mamma gjennom eit glas ved sidan av døra […]. Eg gjekk bort dit og vinka til ho, og ho vinka tilbake til meg. i neste augneblink vart eg ropt til av ein av legane. ‘Dette kan du ikkje gjere!’ insisterte ho. Eg vart sjokkert og svarte ‘Kva kan eg ikkje gjere, vinke til mora mi gjennom eit vindauge? Eg fekk lov å gjere det i går!’ Ho forklarte at ho berre hadde gjeve meg lov til å gjere det dagen frø fordi eg var so opprørt over faren min som nettopp hadde døydd… Ærleg tala, det ho sa høyrdest for meg heilt meiningslaust ut… Kven skadde eg ved å vinke til mora mi gjennom eit vindauge? Mora mi var i ei avdeling med stengd dør. Svaret hennar var at det var på grunn av ‘risiko for smitte’. ‘Seriøst?’ spurde eg. ‘Gjennom ei dør?’ Det var då det slo meg at grunnen til at vi vart haldne vekke frå mamma var for at vi ikkje skulle sjå kva dei gjorde med ho.»
Seinare den dagen, etter at Steve og Deborah hadde forlate sjukehuset, ringde sjukehuset og informerte om at Barbara hadde blitt sett på morfin. Dette skulle visst nok vere fordi ho følte det var ubehageleg å ha på seg CPAP-maska. Dette fekk det til å ringje alarmbjøller hjå familien, spesielt hjå Deborah, som aldri hadde høyrt noko so latterleg i sitt liv.
Frå den dagen av var Barbara sengeliggjande, og ho snakka usamanhengande. Deborah bad legen innstendig om å seponere (slutte å gje) morfin. Dagen etter ringde legen Deborah og bad dei kome til sjukehuset klokka tre den ettermiddagen. Steve og Deborah kom klokka eitt, to timar tidlegare, berre for å sjå kva dei dreiv med. Der oppdaga Deborah at mora framleis var på morfin. Då vart Steve rasande, og han og systera kravde at morfinen måtte fjernast med éin gong. Legane og sjukepleiarane var temmeleg oppskjørta og synleg irriterte over at dei to hadde dukka opp to timar før avtalt tid.
Etterpå vart dei to fortalt at det nærma seg slutten for mora. Dei to legane, dr. Craig Leaper og dr. Hannah Eleanor Barrett, ville so at dei to skulle gå – men det nekta dei. Som Steve erindra:
«Eg sa til dei at dette ikkje var [det avtalte] familiemøtet […]. Eg sa til dei at familiemøtet skulle finne stad klokka tre, og det var då dei andre syskena skulle kome der. Eg kunne føle at legane var irriterte? Men kvifor? Det var ingen empati eller forståing, berre mild irritasjon.»
Mora, som hadde vore fullt oppegåande berre nokre dagar før, var no på dødens rand. Steve fortel:
«Dei kjende ikkje mora vår i det heile og såg på ho som ein slags skrøpeleg, gammal person og ikkje for det ho faktisk var – ei sterk dame som hadde teke seg av faren min i årevis, som hadde vore full av vitalitet fram til berre eit par dagar sidan. Eg var so rasande, so såra og so fordømt trist – det kjendest ut som hjartet mitt knuste igjen og igjen. Eg grein høgt og ukontrollert saman med saman med brørne og systrene mine. Når eg no ser tilbake, kan eg hugse kor ukomfortable dei to legane såg ut til å vere – dei kunne ikkje sjå oss i auga, spesielt ikkje dr. Hannah Barrett? Kvifor? Haldningane deira var skrekkelege, absolutt inga medkjensle i det heile, so kalde.»
Spesielt hugsar dei at dr. Leaper (den mannlege legen) sa:
«Dersom de kan lære noko av dette, so er det å få dykk og familien dykkar vaksinert.»
Syskenparet vart fly forbanna. Legen kunne like gjerne ha sagt «ja, slik går det når de ikkje tek vaksinen, folkens». Steve hadde lyst til å gje fyren ein midt på trynet. Det såg frå deira ståstad ut som sjukehuset ville at mora skulle døy fordi ho var uvaksinert.
Morfinen vart etter dette møtet seponert, og mora fekk fjerna CPAP-maska og gjekk over til å bruke nasekateter i staden. Det fyrste ho gjorde var å be om mat fordi ho var so svolten og tørst. Denne appetitten samsvarer på ingen måte med pasientar som ligg for døden, der er inntak av mat og drikke ikkje lenger mogleg fordi prosessane i kroppen stoppar opp i påvente av døden.
Mora sa ifølgje Steve: «Det er ingenting gale med meg – dei prøver å halde meg her.»
8.august 2021, berre 12 dagar etter at hennar kjære ektemann gjekk bort, tok ho sitt siste pust.
Clarke-familien trur den dag i dag at Barbara rett og slett vart avliva fordi ho var uvaksinert. På den tida var det om å gjere å hamre inn narrativet om at korona-«vaksinane» var trygge og effektive, og at det innebar den sikre død å ikkje late seg injisere. Steve og Deborah trur at mora vart sett på covid-protokollen ved namn NICE NG163. Dei trur at fordi ho vart pumpa full i oksygen som ho ikkje trong (hugs at ho hadde O2-metting på heile 99%), so vart lungene hennar øydelagde. I tillegg til totalt unaudsynt morfin vart ho òg administrert midazolam intravenøst (denne kombinasjonen av to kraftige legemiddel er òg vanleg i norske helseføretak). Dette fann familien ut då dei fekk innsyn i journalen til mora.
Deborah seier i dag, to år seinare:
«Der er no absolutt ingen tvil hjå nokon av oss at vår kjære, livlege mor vart myrda, avliva av dei som var meint å ta seg av ho. Og det er noko som vi aldri kan tilgje.»
