Al Jazeera publiserte nyleg ein meiningsartikkel skriven av Majed Abusalama, ein av medgrunnleggjarane til Palestine Speaks, ei støttegruppe som har base i Tyskland. Der peiker han på hykleriet til europeiske politikarar som demoniserer det palestinske folket og heng dei ut som «dyr» og «undermenneske» medan ukrainarar blir hylla som «frisdomskjemparar» og edle krigarar. Hykleriet vil ingen ende ta. Vestlege politikarar ønskjer for ein kvar pris å unngå å trakke Israel og den mektige khazar-klikken på tærne.
Natural News skriv (mi omsetjing):
«Abusalama er personleg knytt til det som skjer i Palestina i og med at vennen hans Mohammed Mokhiemar, kona Safaa og deira tre månader gamle baby Elyana alle vart drepne i eit israelsk åtak berre nokre timar før bombinga av al-Ahli-sjukehuset i det sentrale Gaza.
‘Dei vart drepne etter å ha evakuert med andre familiar til dei sørlege delane av Gaza, etter å ha følgt israelske ordrar,’ skriv Abusalama. ‘Dei og 70 andre palestinarar vart drepne av israelske luftåtak.’
‘Det einaste ordet eg kan tenkje på som kjem nær til å skildre det eg føler no, er ‘qahr’ på arabisk; det er ikkje berre smerte, pine og sinne. Det er kjensla som har blitt overført gjennom generasjonar, som har samla opp meir enn 75 år med etnisk reinsing, massedrap, urett, undertrykking, kolonisering, okkupasjon og apartheid. Det er ei kjensle som er djupt innfelt i kvar einaste palestinar, noko vi vil måtte leve med heile vårt liv.’»
Abusalama budde tidlegare på Gaza-stripa, men bur no i Tyskland. Famileheimen hans på Gaza vart raida av israelarar som arresterte faren hans. I tillegg utsette dei han ved gjentekne høve for vilkårleg arrestasjon utan rettssak eller tiltale. På eit punkt vart Abusalama sjølv skoten av israelske soldatar for å protestere fredeleg.
«I dag seier Abusalama at han er skremd over det som finn stad, for ikkje å nemne kor fort alt skjer. Desto verre er den vilkårslause støtta som leiarar i EU, USA og andre vestlege makter gjev til Israel.
‘11.oktober, då meir enn 1000 palestinarar allereie hadde blitt drepne av tilfeldig israelsk bombing av Gaza, gav Ursula von der Leyen, president i Europa-kommisjonen, vilkårslaus støtte til Israel,’ skriv Abusalama. ‘Europa står saman med Israel. Og vi støttar fullt ut retten Israel har til å forsvare seg sjølv,’ sa ho, medan ho ikkje nemnde med eit ord den fullstendige blokaden som Israel hadde påført Gaza, der dei stengde av straum, vatn og forsyningar av mat og medisin – det som juridiske ekspertar definerer som eit krigsbrotsverk.’
I mellomtid gjev desse same leiarane òg vilkårslaus støtte til Ukraina, og kallar motstandarar av den russiske spesialmilitære operasjonen ‘fridomskjemparar’, medan dei samstundes kallar palestinske motstandarar av det israelske åtaket ‘dyr’ og ‘undermenneske’.
‘Europeiske politikarar over heile det politiske spekteret – inkludert mange liberale og grøne – har slutta seg til kampanjen som kollektivt umenneskeleggjer palestinarar,’ skriv han. ‘Likevel har desse same personane vore meir enn imøtekomande i si støtte av Ukraina i sin kamp mot russisk okkupasjon.’
‘Ifølgje dei har ukrainarar rett til å eksistere, medan palestinarar ikkje har det; ukrainarar er ‘fridomskjemparar’, palestinarar er ‘terroristar’. Ukrainske liv som har gått tapt på grunn av tilfeldig bombing av sivile heimar og infrastruktur er verdt å sørgje over, palestinske liv som har gått tapt under dei same omstenda skal helst ignorerast – eller verre, rettferdiggjerast sidan Israel utøver sin ‘rett til å forsvare seg sjølv’. Denne europeiske dobbeltstandarden er verkeleg dødeleg.’»
Avslutningsvis skriv Abusalama:
«Det er ei skam å snakke om menneskerettar, likeverd og demokrati, for deretter å ikkje stille spørsmål ved den brutale politikken til eit land som driv med kolonisering og apartheid.»
