Nok ein covid-«vaksine» er under utvikling

Mac Slavo i SHTFPlan.com rapporterer (Saksyndig si omsetjing):

Dei store farmasøytiske selskapa er i ferd med å skape nok ein covid-19-«vaksine», fordi det tydelegvis ikkje er ei grense for kor mange gonger dei vil at sauene skal late seg injisere. Dr. Kevin Saunders, associate director ved Duke Human Vaccine Institute og teamet hans skapte ein trivalent vaksine som er meint å beskytte mot MERS og to former for SARS som alle er variantar av koronaviruset.

«Vi prøver å utvikle ein vaksine der de kan bli immuniserte med denne vaksinen og vil ha vern mot fleire ulike koronavirus, slik at de ikkje vil måtte uroe dykk for koronaviruset som kjem i framtida fordi de vil ha brei immunitet,» sa dr. Saunders til CNN. [Nemnde artikkel er frå 27.januar 2022, noko som tydar på at ein sokalla «universalvaksine» i kampen mot påstått farlege koronavirus har vore under planlegging lenge; oms.komm.]

Dr. Saunders har jobba med ein universell koronavirusvaksine ganske lenge no. Det har teke rundt tre år å få menneskeheita til dette punktet (der slaveklassen vil samtykkje til alt som deira meistrar ber dei om), og arbeidet er langt frå ferdig. Men tidlege resultat hjå mus er lovande, og den øvrige utviklinga av ei plattform tillèt framtidig tilpassingsevne, ifølgje ein rapport av WSOC-TV.

Herskarklassen ber konstant slavane om at dei skal vere redde for det stadig muterande forkjølingsviruset, slik at dei kan selje so mange sprøyter som mogleg til dei mest naive. So langt har ikkje ein einaste infeksjon vore effektiv jamfør nokon som helst definisjon av ordet, so korleis kjem isofall ein universell koronavirus-«vaksine» til å hjelpe?

[Slavo presenterer eit utdrag frå ein artikkel frå Science Daily, som skriv om denne «vaksinen» som visstnok skal beskytte mot «tre dødelege variantar av koronavirus»]:

«Som publisert i tidsskriftet Cell Reports, inkluderte den singel-nanopartikkel-vaksinen komponentar av ein tidlegare vaksine som viste seg å beskytte mus og primatar mot fleire variantar av SARS-CoV-2, som er viruset som forårsakar covid-19. I denne studien beskytta vaksinen mus frå SARS-CoV-1, ei anna form av SARS-koronaviruset som kan smitte menneske, og eit MERS-koronavirus som har ført til periodiske, dødelege utbrot rundt om i verda.»

[Slavo skriv avslutningsvis]:

«Dette er òg interessant med tanke på at covid har so godt som forsvunne no når nok ein krig har blitt starta. Tilfeldig? Kanskje.»

Kommenter innlegget