Tal frå NAV viser at stadig fleire nordmenn er vekke frå jobben på grunn av trøyttleik og slappheit – står «vaksinane» og «pandemitiltaka» bak?

Tal frå NAV publisert 7.september 2023 viser liten auke til trass for kraftig nedgang i korona. Der var ein auke i mange diagnosegrupper, der psykiske lidingar auka mest (15,1%), deretter sjukdom i fordøyingsorgana (9,1%). Muskel- og skjelettlidingar hadde ein auke i tapte dagsverk på 7,5%. NAV skriv:

«Sykefravær på grunn av psykiske lidelser utgjorde nesten 1,9 millioner tapte dagsverk i 2.kvartal. Det utgjør 25 prosent av det totale legemeldte sykefraværet. De siste årene har denne diagnosegruppen hatt en jamn økning. Dette er viktig kunnskap for alle som følger opp sykemeldte og de som har ansvaret for det psykososiale arbeidsmiljøet, sier arbeids- og velferdsdirektør Hans Christian Holte.»

Her vil eg skyte inn at det er leiar som har ansvaret for det psykososiale arbeidsmiljøet på arbeidsplassen. Erfaringsmessig fører eit dårleg psykososialt arbeidsmiljø til at tilsette mistrivst på jobb og til slutt anten finn seg andre jobbar eller blir langtidssjukemeldte. Ein dårleg leiar med totalitære tendensar og som manglar evna til å ivareta sine tilsette, vil føre til ei forverring av dette arbeidsmiljøet. Under «pandemien» vart det psykososiale arbeidsmiljøet etter mitt syn ofra til fordel for blind tru overfor nyttelause og uvitskaplege «retningslinjer» og «tiltak». Bruk av munnbind forverra òg det subjektive, fysiske arbeidsmiljøet til dei tilsette, utan at nokon ville vedkjenne seg det. Med all den psykiske terroren som regjeringa påførde det norske folket, er det ikkje til å undrast over at psykiske lidingar har auka. Og dette har fått konsekvensar òg for den fysiske helsa, som eg vil kome tilbake til seinare i denne meiningsartikkelen.

NAV skriv vidare:

«I diagnosegruppen allment og uspesifisert (+8,7%) utgjør diagnosen slapphet/tretthet 60 prosent av alle de tapte dagsverkene. Det er en økning i antall tapte dagsverk på 13,3 prosent frå same kvartal i fjor.»

Holte seier:

«Nå ser vi trolig langtidsvirkninger av pandemien. Til tross for at det har vært en markant nedgang i påvist korona, er det en stor økning i diagnoser som er vanligst for personer som først har vært sykmeldt med korona. Disse diagnosene kan ha lang varighet […].»

Og vidare skriv dei:

«Tapte dagsverk tilknyttet sykdommer i luftveiene hadde en stor nedgang sammenlignet med samme kvartal i fjor (-41,4%). For påvist covid-19 alene var det en nedgang på 79 prosent.»

Holte har heilt rett i at dette er langtidsverknader av «pandemien», men ikkje på grunn av korona. Med «påvist korona» veit vi at dette no tydar «positiv PCR-test», der nemnde test heilt frå byrjinga har blitt rekna for å vere fullstendig ubrukeleg som diagnoseverktøy. Dette har oppfinnaren av PCR-testen Kary Mullis sagt ved minst eitt dokumentert tilfelle – han døydde i 2019, før «pandemien». PCR-testen vart brukt for å generere feilaktige tal over «smittetilfelle», som media brukte for å skremme livet av befolkninga. Smittetala vart deretter brukt for å rettferdiggjere stadig nye tiltak, og/eller forlenging av tiltaka. Alle skulle halde avstand, halde kjeft og rette seg etter vilkårlege ordrar frå ei stadig meir totalitær regjering – og slikt tærer hardt på både psyken og kroppen. Er det rart at folk er utslitne?

Når det gjeld denne slappheita/trøyttleiken, var 19 551 personar sjukmeldte i andre kvartal av 2023 på grunn av dette. Frå april til juni i år har 352 348 dagsverk gått tapt på grunn av at folk er trøytte og slappe – ein auke på 13,3% for denne gruppa samanlikna med andre kvartal i fjor. I tillegg rapporterer Arne Søraas, leiar for Koronastudien ved Oslo Universitetssykehus, om kognitive problem slik som konsentrasjonsproblem. Han seier òg at etterverknadene kan vare i opptil eit år. Ståle Onsgård Sagabråthen i Legeforeningen seier at folk er mindre uthaldande når det gjeld arbeidsoppgåver, at dei treng meir kvile og at dei slit med å klare å hugse like godt som før. Rådgjevar i NAV, Lene Lehman Moberg, tilrår at arbeidsgjevarar kartlegg kva slags oppgåver som er mest belastande, og deretter tilrettelegg for dei tilsette. Her er det altso om å gjere å utnytte det som finst att av arbeidsevne.

Problemet stikk nok mykje djupare enn berre arbeidssituasjonen. Og ingen vil som vanleg snakke om elefanten i rommet: Dei sokalla «vaksinane». I 2021 hadde du to val: Late deg injisere med eit eksperimentelt legemiddel som uavhengige medisinske ekspertar åtvara om på det sterkaste, eller risikere sosial utstøyting og tap av arbeid, inntekt og ditt gode namn og rykte. Du vart regelrett mobba av sjølvaste statsminister Erna Solberg om du ikkje ville ta «vaksinen» og gjere di «borgarplikt». Alle som var skeptiske til «vaksinane» vart automatisk sett i båsen for «vaksinemotstandarar», «koronafornektarar» og «konspirasjonsteoretikarar».

Etter eit slikt umenneskeleg hardkøyr og ukritisk massevaksinering, er det rart at folk er utslitne og ikkje orkar å vere i arbeid? Situasjonen blir ikkje akkurat betre av at den eine krisa avløyser den andre utan opphald. So fort «koronaprosjektet» var i ferd med å ebbe ut, provoserte USA og NATO fram krig i Ukraina. Og so fort denne krigen var i ferd med å blåse seg over, arrangerte dei eskalering av Israel-Palestina-konflikten og byrja å overføre midlar frå Ukraina-krigen til det som i stadig større grad framstår som den endelege krigen mellom muslimar og jødar (kor mange der nede som er ekte jødar, kan visseleg diskuterast). Under slike forhold sviktar både psyken og helsa hjå oss alle.

Å leve i uvisse og vere prisgjeven den ubereknelege åtferda til maktsjuke, narsissistiske parasittar som vil opp og fram, vil garantert gjere alle sjuke og utslitne før eller seinare, for å stå i ein slik kamp på ubestemt tid er rett og slett umogleg. Det er akkurat som å jobbe på ein arbeidsplass der leiinga er både inkompetent og fiendtleg, og som stadig plagar dei tilsette med nye retningslinjer utan at nokon som helst kan hjelpe dei. Og alle som ytrar meiningane sine om denne situasjonen, blir utstøytt. Heile den vestlege verda har no blitt ein arbeidsplass med dårleg psykososialt arbeidsmiljø.

Sjølv kjempar eg mitt livs kamp. Eg har aldri før vore so sliten. Sjølv ikkje tilbake i 2019 var eg i nærleiken av å vere so sliten, og då var eg kjærast med ein sjukepleiar på arbeidsplassen, var stefar til den vesle ungen hennar, jobba 100% som helsefagarbeidar, var rettleiar for ein helsefagarbeidarlærling og plasstillitsvalt for ei fagforeining. Eg greidde jammen å køyre inn ei treningsøkt på Sats eit par gonger i veka òg. Det er ei tid som diverre ikkje vil kome tilbake – som dei fleste andre nordmenn kjempar eg no ein dagleg kamp for å overleve som eit sjølvstendig individ med solvens og handleevne. Ingenting hadde vore lettare enn å gje opp, men det er det fienden ønskjer, so eg kjem ikkje til å late dei psykopatane få den tilfredsstillinga. Dei fortener det ikkje, for dei har øydelagt folkehelsa i heile den vestlege verda. For det må dei straffast. Hardt.

4 comments

  1. De fire siste avsnittene står til gull og beskriver fullstendig korrekt hvordan dette har vært og er. Ikke nok med at verden i årene før 2020 var helt sinnssvake, ble det et ekstremt kraftig byks etter dette «merkeåret». Det er i ettertiden, når det verste sjokket har lagt seg, at en ser hvordan det har gjort ekstreme skadevirkninger både på personlig- og samfunnsnivå. Men før det første jordskjelvet har «lagt seg», er man i gang med det neste kortet i den «ondskapsfulle kortstokken», til de som iscenesetter dette her. Folk får ikke tid til å trekke pusten før neste knyttneveslag kommer. Og man må virkelig være ekstremt naiv, eller nekte å se sammenhenger, for å forstå at dette ikke er planlagt. Med viten og vilje – og for å ødelegge.

    Selv så jeg, som en av færre den gang, at dette startet allerede på det tidlige 90-tallet, men den gang snakket jeg for døve ører. Samfunns nedbrytningen startet for alvor allerede den gang. Fremveksten av EU, NATOs forvandling, «innsparings samfunnet» / NPM, hamster hjul og turbokapitalisme, rasering av arbeidslivet, multikultur, «åpningen» av internett…..
    Dette er bare litt av hva den tiden gjorde med oss, etter min mening.

    Denne beskrivelsen, (artikkelen), kunne man aldri fått gjennom narrativ-medier, som alle er en del av skuespillet om å rævkjøre vanlige folk. Ved til stadighet holde elefanten i rommet utenfor og hele tiden bare bevege seg langs kanten av problemene – helt bevisst!!. Bare se på Dagsnytt 18, en pinlig «seanse» med «sosionom-journalist» Sigrid Sollund ved roret. 😭

    Bra jobba, Saksyndig!!👍👍 Dette er beskrivelsen av de faktiske forholdene og de tidlige ettervirkningene av «pandemi», Ukraina, iscenesatt økonomisk kaos, Israel/Hamas….

    Likt av 1 person

    • Takk for skryt og gode ord, Morten 🙂
      Sjølv hadde eg mistankar allereie etter 11.september 2001 om at noko skurra. USA framstod meir og meir som ein aggressiv krigarstat som såg ut til å finne på orsakingar for å gå til åtak på ikkje-vestlege land, spesielt i Midtausten. Påskotet skulle ha vore å «frigjere» fattige folkeslag frå «maktsjuke diktatorar» (til dømes Irak og Libya). Men so gjekk det meir og meir opp for meg at nettopp USA var i ferd med å bli eit slikt land. Der finst ikkje eit land i verda med fleire heimlause, og folk må ha tre-fire jobbar for å overleve på den svake dollaren og den rekordhøge inflasjonen. Og kva er greia med helsesystemet? Folk må selje husa sine for å betale sjukehusrekningar om dei får eit hjarteinfarkt. Med Patriot Act beviste USA for heile verda at det er dei som er det verste diktaturet, og «pandemien» forsterka ein tendens som allereie hadde vore der i mange år.

      Mistankane mine om at noko skurra vart i tillegg bekrefta av at eg miste fleire barndomsvenner då eg kom med desse tankane mine. Haldningane deira var at «USA har alltid rett» og at alle som er imot dei er «fiendar av menneskeheita». Dette er å setje det litt på spissen, naturlegvis, men slik var no eingong diskusjonar mellom hormonelle tenåringar for over tjue år sidan.

      Likar

      • 911 var hendelsen som fikk meg og i høygir 🙂

        Rett før hadde jeg funnet Nostradamus krønikene og bibel sammenhenger..

        «to menneskeskapte fjell skal falle og shitstormen skal starte blabla»

        ELE syklusen er menneskeskapt og de har innsnevret historieperspektivet vårt.

        Melted brick castles/tartaria mud-flood

        Likt av 1 person

  2. Takker for godt svar, Saksyndig!👍

    Kjenner meg igjen fra min barndom og oppvekst med flere de samme opplevelsene som du beskriver. Jeg kunne ikke fordra Reagan, (og da var jeg ikke akkurat så gammel), men det største hatet kom med etterfølgeren George H W Bush. Da han raserte Irak i 1991, så jeg falskheten skinne fullstendig igjennom.
    USA hadde forsynt begge sider med våpen gjennom den grufulle Iran/Irak- krigen, gjennom hele Reagan perioden, selv om de offisielt støttet Irak.
    Iraks nedkjørte økonomi etter krigen og snuble tråd fra USA i forhold til Kuwait, la grunnlaget for nok en tragisk krig – orkestrert av Bush I/Cheney og Co.
    Og i 2001 kom faen meg sønnen hans og herjet USA og verden i åtte lange år som vi husker med gru – for å si det pent.
    Amerika er virkelig falskheten og råskapens høyborg, (både mot egen befolkning og ikke minst ute i verden).

    Allikevel levde/lever mange fortsatt på den illusjonen om at USA er noe helt spesielt. Selv etter 911 (2001) og 2008-kollapsen. Det har nok mye med at propaganda-maskineriet deres har oversvømt store deler av verden gjennom flere tiår, med billig kulturell påvirkning, som bla Hollywood, gjelds-kapitalisme, meningsløs materialisme, hurtigmat, fullstendig usann politisk retorikk fra det hvite hus, (may God bless America. 😭)…. YES!

    De fordummet/fordummer land som Sovjet/Russland, deler av Europa, Iran, Irak++, enda det er land med flere hundrevis av år med historie- og mye det står det respekt av. Men selv har USA faen ikke verken lang historie eller historie generelt, å vise til som det faktisk står respekt av, etter min mening. Regimene i de nevnte landene har jeg ikke så mye til overs for, men befolkningen(e) derimot. Men jeg må si at jeg faktisk respekterer Putin på noen områder, selv om jeg ikke liker han. Men det største og verste regimet er faktisk Washington DC.

    Det at stakkars vanlige amerikanere må ha drøssevis med jobber for å overleve har du helt rett i og det har vært der i flere tiår. En artist som alltid imponerte meg, fra nettopp USA😁, var Prince. Han så dette utvikle seg under «Reagan-regimet» og i teksten til låten «America» (1985), tok han det opp + litt av kommunist frykten som rådet den tiden: «little sister making minimum wage, living in a 1-room jungle – monkey cage». Can’t get over, she’s almost dead. She may not be in the black, but she’s happy she ain’t in the red». Glimrende!

    Takker for mange sterke og viktige artikler «her inne», Saksyndig!

    Til sist. Hvis du kan sende ut et kontonummer så støtter jeg gjerne, når jeg har muligheten til det. Vipps har jeg dessverre ikke, siden jeg henger litt etter på det området.

    Likt av 1 person

Kommenter innlegget