Den rare vanskapningen låg i krybba inne på det vesle, mørke rommet. Ho heldt seg kvalm og spyferdig av angst i døropninga. Ute fall snøen i store flak og la seg som eit ugjennomtrengjeleg teppe over det kalde, hjartelause landskapet. Menneske hadde vanlegvis 46 kromosom. Det som var hennar avkom hadde truleg minst dobbelt so mange. Tårer trilla nedover det oskegrå andletet hennar då ho tende lyset i taket. Ho hoppa til med eit gaul. Dei store, skeive auga stira på ho. ‘Ta livet av meg!’ prøvde vesenet å formidle. Det kunne naturlegvis ikkje snakke, sidan det var nyfødd.
Det kunne ikkje skrike heller, for det hadde ingen munn.
Ho vakna med bankande hjarte og ei kjensle av å kvelast. Med éin gong velta ho ut av senga og spydde ned i den svarte plastbøtta. Klokka var halv fem om morgonen og ute hølja regnet ned. Regndropane viste vagt skinande mot den beksvarte himmelen. Det var storm med orkan i kasta, ho trudde taket skulle blåse av. Ho la ei hand over den digre magen og vralta ut av soverommet med spybøtta. Ho kom so langt som ut på badet før ho måtte spy igjen. Ho såg sitt eige feite, pløsete andlet i spegelen etterpå. Synet av seg sjølv gjorde ikkje kvalmen noko betre.
Mat var berre å gløyme. Fornuftige aktivitetar soleis. Yoga for gravide på Sats klokka elleve kunne dei berre drite i. Ho la seg rett på sofaen med eit pledd og vart liggjande og sjå på elendige fjernsynsprogram medan ho vrei seg i kvalme og smerter. Dei fæle strekkmerka på magen. Den konstante kjensla av å vere pissetrengt. Dei ekstreme humørsvingingane som for lengst hadde jaga den utpinte, vitskremde barnefaren over alle haugar. Staten ville trekkje av den astronomiske løna hans for barnebidrag, og ho skulle få generøst med støtte for å oppdra ungen sjølv. Denne pekuniære krykkja var ei mager trøyst. Det var heller ikkje anna å vente i eit land der det å ha ungar var so dyrt at Staten måtte hjelpe til.
Ho var 21 år gammal. Graviditeten var ikkje på nokon måte planlagt. Ho fekk ikkje eingong orgasme då det skjedde; ho rakk knapt å leggje seg i senga før han var ferdig.
Ein pakke kondomar kosta kanskje sytti-åtti kroner. Å oppdra ein unge kosta ein tanke meir.
Ho spydde igjen. Auga hennar var såre av lengre tids søvnmangel. Ho var heldig om ho sov tre timar i løpet av ei natt. Og når ungen omsider kom ut, ville det neppe bli lettare. No visste ho i det minste kor ho hadde han. Ville han i det heile teke kome ut i eitt stykke? Ho vrei seg på sofaen medan blæra hennar tvinga ho inn på do. Igjen spydde ho so det spruta. Denne gongen hadde ho gløymt plastbøtta. Ikkje ein drope urin kom ut, og det sjølv om det kjendest ut som piss skulle kome ut øyra på ho.
Heldigvis levde ho i ei verd der ho for evig og alltid ville få sympati og medkjensle. Ho var ei 21 år gammal heilag ku. Ingen ville nokosinne tore å seie eit stygt ord om ho av nokon som helst grunn.
Kan hende dette til og med var planlagt likevel. Kan hende ville ein del av ho at dette skulle skje. Kan hende naut ho det inst inne.
