Pascal Najadi og Astrid Stuckelberger: «Arrester WEF for folkemord!»

Slaynews rapporterer (mi omsetjing):

Ein prominent tidlegare bankmann frå Sveits har kome med krav om arrestasjon av konsernelitar og ikkje-valde globalist-byråkratar for påstandar om «folkemord». Toppbankmannen Pascal Najadi har alliert seg med dr. Astrid Stuckelberger, ein erfaren helseekspert i Genève, der dei krev straffeforfølging av dei som står bak covid-sprøytene, som dei skildrar som «biovåpen».

Najadi og Stuckelberger la fram saka si i ein modig ny dokumentar med tittelen Cutting off the Head of the Snake («kappe hovudet av slangen»). I filmen dukkar dei ned i den mørke undergrunnen til globale organisasjonar som har hovudkvarter i sveitsiske Genève. Najadi fokuserer spesifikt på World Economic Forum (WEF), som hans avlidne far, Hussain Najadi, visstnok var med på å grunnleggje saman med leiar Klaus Schwab.

Hussain Najadi vart drepen i eit attentat i 2013.

Pascal Najadi er ein pensjonert sveitsisk forretningsbankmann som har betydeleg påverknadskraft rundt om i verda. Jobben hans var å gje råd til land og statsoverhovud om kva slags finansiell retning landa skulle ta. Som eitt døme på makta hans, var Najadi ansvarleg for at den sveitsiske presidenten Alain Berset nyleg gjekk av. Han gjekk av etter at Najadi fekk oppretta ei straffesak på Berset i den sveitsiske høgsteretten. Han skulda Berset for å kome med uriktige påstandar rundt effektiviteten til covid-mRNA-vaksinane. Som eit resultat av saka til Najadi, kjem Berset no trekkje seg som leiaren av landet i slutten av året.

I dokumentaren avslører Najadi kor mykje hans døde far mislikte det Genève-baserte WEF. Hussain Najadi forlét organisasjonen på tidleg 80-tal, og Klaus Schwab vart sitjande ved roret.

«Alt vondt i verda relatert til folkemord kjem uheldigvis frå Genève,» sa Najadi. «Du har WHO [Verdas helseorganisasjon] i Genève, so har du WEF, som faren min var medgrunnleggjar av, og han forlét Klaus Schwab i avsky på tidleg åttital, og som har diplomatisk immunitet.»

«Eg, som ein sveitsisk borgar erklærer herved at WEF ikkje lenger har rett på diplomatisk immunitet,» sa Najadi.

Han oppmodar dei sveitsiske styresmaktene til å arrestere dei som er ansvarlege for å setje i verk ein «global menneskeleg injeksjon med eit biovåpen». Najadi argumenterer for at Big Pharma, Big Tech, Bill Gates, WEF, WHO og andre globalist-organ er implisert i planen. Han seier at han og mora hans er offer for «biovåpena» og seier dei begge er «døyande» etter å ha teke injeksjonane.

«Eg ber om at dei sveitsiske styresmaktene arresterer dei menneska med éin gong. Kvifor? WEF, WHO, GAVI, Big Pharma, Big Tech og Bill Gates var alle pådrivarar for ein global injeksjon av menneskeheita med eit biovåpen, og injiserte nanolipid inn i 5,7 milliardar menneske. Og vi sveitsarar er vertar for dei. Det er forferdeleg. Vi kan ikkje tolerere noko organ som fremjar at gift skal injiserast inn i menneske. Men de har gjort det. Eg er offeret. Eg er i ferd med å døy av det, og det er mora mi òg. Det er eit folkemord og det vil bli dømt. Det vil bli gjort riktig i namnet til menneskeheita.»

Dr. Astrid Stuckelberger diskuterer derimot eit syndrom som påverkar ikkje berre Genève, men FN òg. Ho nemner ei handgripeleg frykt blant folket, som fører til ei stillheit som ho meiner er skadeleg for global merksemd og handling. Dr. Stuckelberger peiker på at den sveitsiske regjeringa gav immunitet til Gates sitt Global Alliance for Vaccine Immunization (GAVI). Den medisinske eksperten oppmodar folket til å slå opp denne informasjonen i den sveitsiske databasen.

Ho skildra presset for covid-sprøyter som eit statskupp.

«Vi prøver å byggje ei ‘Vi, folket’-rørsle som er svært global, noko heilt annleis,» seier Stuckelberger. «Men det som skjer i Genève er det motsette. For tida har ingen rett til å gje ordrar, til å diktere verda slik dei har gjort. Og Global Alliance for Vaccine Immunization (GAVI) fekk total immunitet frå den sveitsiske regjeringa. Dette er eit statskupp. Det er openbert ein global åstad for eit brotsverk og vi tek med oss små bitar av bevis som vi audmjukt gjev til folk. Fordi i vitskapen vil du alltid vere i tvil. Det er ein sunn tvil, og eg trur at det er ei særs viktig haldning.»

Det dei ber om skal gjerast er tydeleg, og går som ein raud tråd gjennom dokumentaren: personar må reise seg, leite etter sanninga og utfordre rådande status, under banneret å beskytte menneskeheita mot den noverande og tydelege faren som kjem frå Genève. Dei kjempar for ei kollektiv oppvakning, og oppmodar massane instendig om å reise seg mot all uretten som blir gjort av ikkje-valde globalistar.

«Aldri meir. Slangehovudet er i Genève,» sa Najadi. «Eg kallar det ein direkte, tydeleg og tilstadeverande fare for det sveitsiske folket. Men eg kan seie dykk at det kan kappast av. Dersom du har eit korthus, og dette er korthuset til ein kriminell, vil eitt kort bli trekt ut av rettferda og heile korthuset kollapsar. Men det kan ikkje gjerast med håp åleine. Alle må no endre ånda si. Og alle dei vaksinerte, dei injiserte, som veit at dei blir forgifta… Vi er massane. Vi er milliardar av menneske.

Lat oss berre reise oss og seie ‘Stopp’. Vi kjem ikkje til å samtykkje.»

Kommenter innlegget