Rune Hansen trekkjer seg som leiar i Norsk hjelpefond

26. og 27.oktober 2023 sit den uvaksinerte sjukepleiar Iris Frohe i retten med sin advokat Barbro Paulsen for å prøve å snakke fornuft med lagmannsretten. Ho anka den dommen som kom i Indre Østland Tingrett i februar i år – retten slo fast, stikk i strid med bevisa som vart ført og vitna som vart høyrt, at Hamar kommune ikkje hadde gjort noko gale då ho vart sagt opp. Oppseiinga er på alle måtar usakleg – arbeidsgjevar sa ho opp fordi ho ville ha meir informasjon før ho gjekk med på å late seg teste to gonger i veka. Ho brukte å jobbe på Hamar legevakt.

Eirik Værnes har i høve rettssaka teke seg ein prat med Rune Hansen, som no har trekt seg som leiar i Norsk hjelpefond. Hansen var med på å starte foreininga for to år sidan, 14.oktober 2021 – tilfeldigvis nøyaktig ein månad før eg sjølv starta Saksyndig (14.november 2021). Hansen er bestemt på at Iris-saka blir den siste saka hans for foreininga. Værnes skriv:

«Norsk hjelpefond ble stiftet som en konsekvens av henvendelser fra dem som opplevde at deres rettigheter ble satt til side under nedstengingen. Det var særlig fokus på barn og unge, men det viste seg å bli stort behov for å hjelpe vanlige arbeidsfolk, og blant dem flest helsearbeidere. Ett av de verste eksemplene Hansen kan komme på er saken til Marian Jensen, som mistet jobben fordi hun ikke ville ta koronavaksinen. Da hun kom til NAV ville de ikke utbetale dagpenger, siden det hadde vært ‘hennes eget valg’ om hun tok vaksinen eller ikke. NAV snudde i saken.»

Her har tydelegvis Hansen fullstendig gløymt mi eiga sak frå 2021, som førde til sjølvmordsforsøk, sluttavtale og eit de facto yrkesforbod. Eg har mint han på det fleire gonger, og i sommar nekta fyren å hjelpe meg i samband med mi usaklege oppseiing frå den private sjukeheimen – dette var andre gong på to år at eg hadde blitt usakleg oppsagt. At han heller ikkje viser til Saksyndig, framstår som skuffande, men ikkje uventa. Både Hansen og Norsk hjelpefond ser ut til å vere av den oppfatning at eg ikkje skal få hjelp på nokon måte, med mindre eg bruker ein av deira advokatar. Aner vi eit hemmeleg samarbeid der dei deler potten? Ingenting overraskar meg i våre dagar.

Med denne konteksten som bakteppe, er det difor gode nyheiter at Rune Hansen trekkjer seg som leiar i Norsk hjelpefond. Ei foreining som liksom skal hjelpe helsepersonell som har mist jobben sin, er ikkje tent med ein leiar som vel seg ut kandidatar som gallionsfigurar. Eg reknar med at vakre, 40-årige Iris Frohe haustar meir sympati frå folk flest enn eg som 39-årig mann gjer.

Vidare skriv Værnes:

«Rune Hansen har vært tillitsvalgt i hele sitt arbeidsliv, og han har god kjennskap til arbeidsmiljøloven. Gjennom foreningen Norsk hjelpefond har han de to siste årene reist rundt i hele Norge og hjulpet arbeidstakere som har opplevd overtramp på arbeidsplassen. Mange har blitt oppsagt uten gyldig grunn, og fått jobben tilbake ved hjelp av NHF [Norsk hjelpefond].»

Mange, ja. Men ikkje eg. Rune Hansen og Norsk hjelpefond nektar å hjelpe meg. Eg ser ikkje føre meg at dei går ut av sine gode skinn for å få oppretta ein Spleis for å hjelpe meg, slik dei har gjort med Iris. Og tillitsvalt heile sitt arbeidsliv? Kanskje det er på tide for han å trekkje seg frå dette vervet? Og kanskje òg arbeidslivet? Han burde få leve nokre månader i armod og uvisse, so kanskje har han ei meir audmjuk haldning neste gong eg ber om hjelp. Eller, det blir ikkje nokon neste gong. Norsk hjelpefond har bevist kva deira eigentlege agenda er.

Eg ønskjer naturlegvis Iris lykke til i nok ei rettssak der systemet kjem til å overkøyre ho. Og advokat Barbro Paulsen? Ho sit med bukta og begge endane, og vil hauste inn eit klekkeleg honorar når det uunngåelege tapet skjer. Rune Hansen vil nok få sin del av kaka når Iris står ribba igjen.

Kommenter innlegget