Politisk analytikar stadfestar det latterleg openberre: Folk er møkka leie av covid-19-restriksjonar

I byrjinga av oktober 2023 fekk den politiske analytikaren Timur Fomenko publisert ein artikkel i Russia Today (rt.com), der han slår fast – utan at nokon av oss er overraska på nokon måte – at vestlege regjeringar har øydelagt tilliten hjå folket med sine forsøk på å kontrollere narrativet. Han skriv innleiingsvis (mi omsetjing):

«Den siste veka har historier i media åtvara mot den nyaste covid-19-varianten, den siste i ei lang liste. Det verkar ikkje som om folk høyrer etter lenger.

I hovuda på mesteparten av folket er pandemien for lengst over, og har blitt ein del av fortida. Det siste folk flest ønskjer er nok ein tur ned kaninhòlet av restriksjonar, nedstengingar, munnbind og vaksinasjonar, som dei siste åra har alvorleg underminert truverda til regjeringar, og offentleg tillit til at dei gjer det rette. Og vestlege regjeringar har ikkje lenger den politiske viljen eller interessa til å våge å ta upopulære avgjerder, sølv om enkelte slår alarm.»

Han seier vidare at «pandemien» var det fyrste utbrotet i ein slik skala som fann stad i ei tid med sosiale media, der folk – iallfall i utgangspunktet – fritt kunne utveksle meiningar og høyre andre sine meiningar, og dermed kunne trekkje i tvil eller bestride informasjonen som kom frå statleg hald. Slik strevde regjeringar i Vesten stadig meir med å få kontroll over kva folk skulle bli fortalt, slik Gro Harlem Brundtland so fint formulerte det på 2000-talet. Han skriv:

«Sosialmedie-fridom har spelt ei kritisk rolle i – om den då ikkje har regelrett forårsaka – utfall som har sjokkert elitar, om det so er valet av Donald Trump [som president] i USA, eller Brexit i Storbritannia. Som ein følgje har vestlege herskarklassar auka sensuren og narrativ-handhevinga på sosialmedie-plattformer gjennom å fordømme synspunkt dei ikkje likar som ‘feilinformasjon’, eller til og med som vondsinna propaganda av utanlandske aktørar slik som Kina eller Russland. Under covid-19-pandemien var vi dermed vitne til ein av dei mest omfattande sensurkampanjane som vestlege regjeringar nokosinne har utført (i det minste før Ukraina-konflikten), spesielt når det gjaldt dei som hadde som mål å stille spørsmål ved eller utfordre behovet for vaksinar. Regjeringar har prøvd å aggressivt gjenvinne kontrollen over narrativet, og trakka på dissens mot synspunkta sine, kringkasta av etablerte media.»

Nytten og effekten til «vaksinane» er i beste fall diskutable, men det som er spesielt kritikkverdig, er måten desse vart fremja på. Framferda til vestlege regjeringar har skapt vesentleg mistru hjå folk flest, spesielt då dei såg at Big Pharma-produsentar håva inn Skrue McDuck-aktige pengebingar av profitt – dette i kombinasjon med kor aggressivt regjeringar (inkludert Solberg-regjeringa) pressa på for at alle skulle late seg injisere. Folk stiller seg med rette spørsmålet om «vaksinane» vart masseinjisert for å beskytte folkehelsa, eller for at Big Pharma og deira medsamansvorne skulle tene uhorvelege mengder pengar. For å sitere artikkelforfatteren:

«Med andre ord øydela metoden (propaganda og sensur) målet (innføre vaksinar for å redde liv).»

Sjølv om «vaksinane» hadde vist seg å fungere, var altso måten dei vart selt til folket på særs uetisk. Han skriv vidare:

«[…] offentleg kritikk av pandemi-relatert politikk har auka fordi stadig fleire trur at desse selskapa [Big Pharma], med media som våpen, utfører ‘skremselspropaganda’ for å nå sine kommersielle mål. Kombinert med påverknaden til sosiale media, har dette skapt mistru i stor omfang, trass all evidens for kor skadelege og dødelege dei tidlegare formene av covid var, spesielt for sjuke og eldre, og det betydelege talet covid-relaterte dødsfall som er rapportert hittil. Som eit resultat gjer det å halde fram med å slå alarm om nye variantar og spreiinga av sjukdommen, meir vondt enn godt, fordi det forsterkar inntrykket av at media prøver å skremme befolkninga med noko som ikkje er ein reell trugsel.»

Strategien som «Mister Global» brukte har altso slege tilbake på dei sjølve. Folk stoler ikkje lenger på dei – med rette.

Natural News skriv i ein artikkel som kommenterer nemnde artikkel (mi omsetjing):

«No når nye covid-19-variantar dukkar opp, innfører regjeringar og institusjonar sakte tilbake pandemi-politikk, spesielt munnbindpåbod slik at dei kan sjefe folk rundt. Derimot gjer folket no tydeleg motstand mot ideen.

I august sa Surgeon General dr. Joseph Lapado til folket på sin sosialmediekonto at dei ikkje skulle lyde, dette etter at president Joe Biden snart kom til å gje amerikanarar ordre om å gå med munnbind. [Surgeon General er det øvste medisinske embetet i ein delstat; oms.an.] Lapado skulda Biden-administrasjonen for å forsøke å gjeninnføre «pandemisk» tyranni akkurat i tide for presidentvalet 2024 – nøyaktig det same som vart gjort før presidentvalet i 2020.

‘Kva kallar du å gjeninnføre munnbindpåbod som beviseleg er ineffektive, eller å gjenstarte nedstengingar som er kjent for å forårsake skade? Du kallar det ikkje fornuft,’ skreiv Lapado. ‘Denne horrible politikken fungerer berre dersom de samarbeider. Kva med å nekte å samarbeide?’»

Her vil eg avslutte med at definisjonen på galskap er å prøve den same mislykka strategien og forvente eit anna utfall. Det er nøyaktig det elitane i Vesten prøver på no – og denne gongen må vi for faen ikkje late oss lure!

Kommenter innlegget