At covid-19-«vaksinane» har ei sjokkerande mengd med biverknader, er å rekne som gammalt nytt no. Influensavaksinar har òg vore kjent for å ha biverknader. Når ein dermed kombinerer dei to, får ein desto høgare risiko for alvorlege, uventa biverknader, der den mest alvorlege av dei alle er død. No viser aukande evidensmateriale at dei to «vaksinane» òg fører til auka risiko for hjerneslag.
Natural News rapporterer (mi omsetjing):
«Forskarar frå Kaiser Permanente har funne ut at der er ein forhøga risiko for slag hjå personar under 65 år som fekk ei influensasprøyte og ein Pfizer COVID-19-vaksine på same dag. I studien identifiserte vitskapsfolk 373 slag hjå pasientar i dei 42 dagane etter at dei hadde fått bivalent vaksinasjon; etter 42 dagar hadde 1511 slag blitt rapportert.
I mellomtida har forskarar frå Food and Drug Administration (FDA) innrømt at dei indentifiserte ein auka risiko for slag blant eldre som fekk Pfizer- eller Moderna-vaksinane på same tid som dei fekk influensavaksine. Funna kom frå ein sjølvkontrollert tilfelleserie som involverte Medicare-mottakarar som fekk begge vaksinane.
Dei oppdaga at personar som var 85 år eller eldre som fekk Pfizer-vaksinen saman med influensasprøyta hadde høgare risiko for slag som ikkje var hjernebløding, og forbigåande iskemiske åtak [ved iskemi er blodtilførselen nedsett, som regel på grunn av blodpropp; oms.komm.], medan den forhøga risikoen blant dei som fekk Moderna-sprøyta vart sett blant dei i alderen 65 til 74. Begge typar slag som er sett i studien er forårsaka av blodproppar som blokkerer blodtilførselen til hjernen.
Alle mottakarar som var 65 år eller eldre opplevde ein høgare risiko for slag som ikkje var hjernebløding 22 til 42 dagar etter at dei fekk kombinasjonen influensa- og covid-vaksine; ein høgare risiko for forbigåande iskemiske åtak vart sett i dei fyrste 21 dagane hjå dei som fekk influensa- og Moderna covid-19-vaksine-kombinasjonen.
Desse resultata blir i stor grad skulda på den høgdoserte influensavaksinen som pasientane i studien fekk, som er laga for å setje immunforsvaret i høggir. Kjent som Fluzone, inneheld vaksinen fire gonger den influensabeskyttelsen som ei normal influensasprøyte gjev.
Ein høgtrangert tenestemann i FDA, dr. Peter Marks, sa under ein konferanse at han trur at influensa-, covid-19- og RSV-vaksinane burde bli gjevne over eit lengre tidsrom for å redusere risikoen for uventa biverknader. Han sa: ‘Frå tid til anna føreslår vi at dersom de ønskjer å minimere sjansen for interaksjonar og minimere forvirrande biverknader frå éin med ein annan, lyt de vente rundt to veker mellom kvar vaksine’.
Forskarar i Australia har kome fram til ein liknande konklusjon. Dei seier at fleire vaksne har rapportert å ha opplevd negative biverknader etter at dei fekk ein influensavaksine og Pfizers covid-19-vaksine på same tid, enn dei som er rapportert etter å ha fått ein av desse vaksine for seg sjølv.
Sjølv om det ikkje er heilt klart kvifor ein vaksine forhøgar risikoen for slag, har studiar demonstrert ein auke i blodtrykk etter ein covid-19-vaksine, som tvingar hjartet til å jobbe hardare enn vanleg. Dette stresset kan skade dei indre veggane i blodkara og få arteriar til å smalne, noko som gjev grobotn for proppar. Ein annan risiko knytt til vaksinen, er potensialet til å iverksetje ein unormal immunrespons som resulterer i alvorleg betennelse som blokkerer blodtilførselen til hjernen.
Oppå risikoen for slag, er ein òg bekymra for om éin vaksine kan påverke responsen til ein annan. Til dømes viste ein studie at vaksinar som blir co-adminstrert [gjevne i lag] skaper lågare nivå av antistoff, noko som tydar at mottakarar ikkje får dei fulle fordelane.
Det er verdt å leggje merke til at somme studiar har oppdaga at det å få influensa- og covid-19-vaksinane samstundes ikkje ser ut til å auke risikoen for slag. Derimot har forskarar erkjent at ein treng fleire studiar for å kome til ein meir definitiv konklusjon om dette sambandet og kva som kan forårsake det.»
Vel, om ein har valet mellom pest og kolera, er det jo spesielt toskete å velje begge to.
