Document har fått pressestøtte – har visse mektige aktørar snakka saman?

Hanne Tolg melder 7.november 2023 at Document har fått innvilga pressestøtte. Tolg er dagleg leiar i nettavisa. Medietilsynet skriv i sitt svar til Document:

«Selskapet Document AS har søkt om tilskudd til nettavisen Document.no som et nasjonalt nisjemedium. Søknaden er vurdert på bakgrunn av forskrift om produksjonstilskudd til nyhets- og aktualitetsmedier. Medietilsynet har kommet til at vilkårene i forskriften for å kunne få produksjonstilskudd er oppfylt.

Document AS (Document) får utbetalt et samlet tilskuddsbeløp for 2023 på 2 892 775 kroner.»

Nettavisa får altso utbetalt nesten 2,9 millionar kroner i pressestøtte.

Tolg skriv:

«Pressestøttebeløpet vil utgjøre omtrent 16 prosent av våre totale inntekter i 2023. det er en bonus som er langt under hva abonnements- og donasjonsbeløpene utgjør.»

Dette tydar på at Document tener uhorveleg mykje for å vere uavhengige media. Eller, dei er jo ikkje lenger uavhengige media sidan dei får pressestøtte! Gratulerer, Hans Rustad og resten av gjengen i meinigheita: De er no ein del av hovudstraumsmedia. Rustad sine lovprisingar og rævsleiking av staten Israel var nok det som fekk Medietilsynet til å overøse denne indoktrinerte sionist-flokken med pengar. «Nokon» på toppen har snakka saman og bestemt seg for at Document skal inn i varmen.

Tolg skriv vidare:

«Vi ble innvilget støtten på bakgrunn av publiserte artikler i 2022. Det er ikke noe krav fra Medietilsynet om at vi må endre på noe som helst av det vi skriver og publiserer i fremtiden. Vi fortsetter akkurat som før, bare med litt bedret økonomi, som gir oss anledning til å utvide staben og lage en endra bedre nettavis, bedre tv og bedre radio. Dere kan stole på at vi har vår integritet i behold.»

Nja, integritet og integritet. Document-gjengen var sionistar og flammande pro-israelske òg i 2022, og er tydelegvis kjøpt og betalt av visse personar på toppen av makthierarkiet. Det er her verdt å nemne at Document i november 2022 fekk avslag på søknaden om pressestøtte, og dersom same regel gjaldt den gongen som no, so inneber dette artiklar dei publiserte i 2021. Document var, som alle uavhengige media, kritiske til koronatiltaka, og 2021 vil nok gå inn i historia som det verste pandemiåret av dei alle. Det offisielle påskotet Medietilsynet brukte den gongen, var at sidan Document starta si abonnementsordning i mars 2021, vart ikkje kravet om eit heilt kalenderår oppfylt. Det ser ut til at ein medieformidlar faktisk må ta betalt for det redaksjonelle innhaldet for å få pressestøtte. I og med at Document ikkje hadde det kravet på plass heilt frå januar, vart ikkje resten av søknaden vurdert – seiest det.

I ein relatert artikkel publisert same dato som Tolg-artikkelen, skriv redaksjonen om den innvilga pressestøtta:

«Dette tyder på at det har skjedd noen endringer i den politiske atmosfæren. Vi er nok ubekvemme, men noen fornemmer kanskje at vi utgjør en nødvendig motvekt og gir en stemme til mange der ute som det i lengden er umulig å ignorere. Noen fortellinger og utopier nærmer seg muligens veis ende.»

Dei gjev nok ikkje ei stemme til absolutt alle. Rustad såg ingen problem med å ignorere Abraham Moberg sine gjentekne forsøk på å opprette dialog tidlegare i år – berre for å hengje han og Noregsdemokratane ut som antisemittar.

(Sjå òg «Indignert Document-redaktør skuldar Noregsdemokratane for antisemittisme», publisert 9.september 2023.)

Ein lesar i kommentarfeltet uttrykkjer bekymring for at pressestøtta kan bli brukt for å kontrollere Document. I og med at Document allereie er kontrollert opposisjon, har ikkje pressestøtta endra noko som helst. Dei har berre fått litt betre økonomi til å halde fram å byggje opp meinigheita i Noreg og halde fram med å formidle pro-Israel-propaganda – etter instruks frå sine overordna.

Kommenter innlegget