Steigan skriv 9.november 2023 om nok ein «pandemi-elefant»: Korleis nedstengingane gav norske barn eit dårlegare liv. Han siterer eit debattinnlegg av Anki Gerhardsen i ærverdige Aftenposten med tittelen «Titusener av norske barn har fått et dårligere liv etter pandemien. Uten god grunn». I tilfellet plandemien har vi hatt myndigheitspersonar som har handla på tvers av alle faglege råd, og udiskutabelt påført samfunnet og enkeltpersonar vesentlege skadar. Under alle andre omstende hadde dei møtt sanksjonar og blitt oppsagt:
«Men av en eller annen grunn rammer disse prosedyrene i liten grad Helsedirektoratet med assisterende direktør Espen Rostrup Nakstad i spissen. Selv om bildet av en egenrådig mann med lite respekt for forskning begynner å bli svært tydelig.»
Steigan kommenterer:
«Hun kunne umiddelbart ha føyd til Erna Solberg, Bent Høie, Bjørn Guldvog og Camilla Stoltenberg som alle var ansvarlige for de mange skadelige tiltakene mot ikke minst barn og ungdom under koronaregimet.»
Han vel ikkje ordet «regime» ut av ingenting: 2020 til 2022 er ein periode som det er vanskeleg å skildre som noko anna enn eit regime av psykisk terror, skremselspropaganda og hersketeknikkar. At vaksne menneske måtte underkaste seg reglar om kor mange gjester dei kunne ta imot i sine private heimar, kor mange menneske dei kunne møte på offentleg stad, kor dei måtte bruke munnbind, kor mange meters avstand dei måtte halde frå personar som dei ikkje var i nær relasjon med, vart av våre undertrykkjarar kalla «tiltaksbyrde».
Tiltaksbyrden var spesielt stor for barn og unge. Steigan skriv vidare:
«At det ikkje fantes faglig belegg for å stenge skolene, er det imidlertid fleire vektige aktører som har påpekt, om og om igjen. I en kronikk i VG i vår ble eksempelvis Nakstad kritisert av Barneombudet for å pynte på fakta om tiltaksbyrden. Da visste vi allerede at skolestengningen ble gjennomført til tross for sterke protester fra Folkehelseinstituttet (FH). Høsten 2021 kom nemlig daværende direktør Camilla Stoltenbergs pandemimemoarar i bokform. Her forteller Stoltenberg at beslutningen ikke var i tråd med anbefalingene fra fagfolkene ved FHI.»
Koronakommisjonen slo fast våren 2022 at det hadde vore for stor tiltaksbyrde overfor barn og unge, og i juni 2023 kom Koronautvalet til same konklusjon.
Å stengje skular vart fagleg kritisert allereie frå byrjinga av. Steigan sendte 21.april 2020 eit ope brev til dåverande statsminister Erna Solberg og hennar statssekretær og stabssjef Lars Øy. Der legg han fram ønske om å få vete kven som tilrådde regjeringa å gjennomføre so omfattande tiltak, kva ordlyd denne tilrådinga hadde, og kva slags konsekvensutreiing som vart gjort før tiltaka vart iverksett. Brevet kan lesast her. Han skriv ikkje om han nokosinne fekk svar frå regjeringa – mest truleg fekk han ikkje det.
Det er her verdt å nemne at både skulestengingane og munnbindpåbodet var i strid med dei reglane som WHO og FHI hadde før 12.mars 2020. Som Steigan skriv: «Man visste at det ikke hadde noe for seg.»
Den store Barrington-erklæringa, som kom i oktober 2020, og som 1379 ekspertar innan medisin og folkehelse, i tillegg til 1524 helsearbeidarar stod bak, tilrådde ei tilnærming som dei kalla fokusert beskyttelse. Dei åtvara sterkt mot den tilnærminga regjeringar i den vestlege verda hadde valt, sidan dette ville føre til uoppretteleg skade. Steigan skriv vidare:
«De ansvarlige kan ikke påberope seg at de ikke visste. Alt dette var kjent før de drakoniske tiltakene kom, og likevel gjorde de det. Og ikke minst burde de ha tatt rev i seilene etter Barrington-erklæringa. Der sto det alt sammen.
Men de gjorde tvert om. De fortsatte å påføre samfunnet mer og mer skade.»
Dåverande FHI-direktør Camilla Stoltenberg visste at der ikkje var fagleg grunnlag for å stengje ned skulane, noko ho sa til NRK 21.mai 2020. Dei kjende altso til at tiltaka ikkje berre var meiningslause underkastingsritual, men at dei ville skade det norske samfunnet betydeleg.
«Og mediene var ikke bare med på det. ‘De redaktørstyrte mediene’ opptrådte som fotsoldater for denne politikken og drev knallhard kampanje for den. Og hele Stortinget sto i st[r]am giv akt og godtok galskapen som om det ikke fantes noen dag i morgen.»
Dei som åtvara mot dei nyttelause tiltaka vart latterleggjort og utstøtte av det gode selskap. Solbrilletjuv Bjørnar Moxnes kalla det «dypt uansvarlig» å spreie konspirasjonsteoriar «som undergraver smittevernet i en dødelig pandemi». Både «smittevern» og «dødeleg pandemi» kan knapt nok kallast vidaste tydinga av orda, det var verken tale om smittevern eller dødeleg pandemi. «Ifølge Moxnes handler ikke dette om ‘meiningsmangfold’.» I likskap med resten av politikarane og etablerte media ville dei rett og slett ikkje ha ein debatt om verken dødelegheita til «pandemien» eller effekten av tiltaka.
For å gjenta min velbrukte frase: Alle skulle halde avstand, halde kjeft og gjere som Erna sa.
Under ein konferanse for Journalistlaget på Hell 11.februar 2022, tok Pål Steigan norske media i skule, der han blant anna kom med følgjande skuldingar mot dei:
- Norske media stilte ikkje eit einaste kritisk spørsmål då helsedirektør Bjørn Guldvog erklærte unntakstilstand, stengde ned landet og braut Grunnlova på mange punkt.
- Norske media gav entusiastisk støtte til stenging av samfunnet, som førde til tap på hundrevis av milliardar for det norske samfunnet.
- Norske media støtta påboda om å stengje skular og innføre munnbindplikt, sjølv om slike tiltak aldri har greidd å stanse luftvegsvirus tidlegare.
- Det vart i 2022 kjent at CIA, FBI og Biden-administrasjonen kravde at teknogigantar og sosiale media sensurerte, fjerna og diskrediterte verdsanerkjende ekspertar på immunologi – og norske media lét ikkje berre dette skje, dei piska opp ei frykt i samfunnet som mangla vitskapleg grunnlag. Media gjorde alt mykje, mykje verre.
- Norske media utførde gjennom heile koronakrisa eit samanhengjande svik mot alt som heiter fri, uavhengig, kritisk presse.
- Norske media burde setje ned ein eigen koronakommisjon for journalistar for å undersøkje alt som skjedde blant dei under denne tragedien.
- Norske media sat som tende lys og publiserte i fullt alvor mellom anna Erna Solberg sine absurde pålegg om kor mange ein fekk lov å invitere i juleselskap, eller Bent Høie sitt løfte om at det norske folket snart skulle få lov til å klemme kvarandre igjen.
- Norske media burde ha laga eit humorshow av pandemifarsen i staden for å gjere det dei gjorde.
Steigan er avslutningsvis kritisk til om dei ansvarlege nokosinne vil bli straffa, eller om media og journalistar nokosinne vil innrømme at dei braut med alt som heiter gode journalistiske prinsipp. Skal vi tillate at Erna Solberg, Bent Høie, Bjørn Guldvog, Camilla Stoltenberg og fleire skal forbli fullstendig ustraffa, der dei i Steigans ord sklir «pent videre til den neste høyt betalte jobben»?
På det vil eg svare eit bestemt NEI!
