Kong Charles planlegg totalforbod mot tobakk i Storbritannia – er det fordi nikotin beskyttar mot covid?

Ifølgje The Sun har Kong Charles planar om å totalforby tobakksrøyking i Storbritannia. Den britiske medieformidlaren skriv (mi omsetjing):

«Det planlagde lovverket vil heve alderen for å kjøpe sigarettar kvart år fram til der ikkje lenger er nokon røykjarar igjen.

‘Vi må takle den desidert største fullstendig unngåelege årsaka til dårleg helse, uførheit og død,’ har statsministeren [Rishi Sunak] tidlegare sagt. ‘Og det er røyking, og vårt land. Røyking står bak éin av fire kreftdødsfall.’

Dei nye planane tydar at ein 14-åring i dag aldri vil kunne seljast ein sigarett på lovleg måte.»

Logikken bak ser ut til å vere at folk byrjar å røykje når dei er unge. Ifølgje Sunak byrjar fire av fem røykjarar med denne uvanen innan dei er 20. Seinare prøver det store fleirtalet å slutte. Med hans eigne ord:

«Men mange mislykkast [med å slutte] fordi dei er avhengige, og dei ønskte at dei aldri hadde teke opp den vanen i fyrste omgang.»

Den britiske regjeringa har visjonar om å gjere England røykfritt innan 2030, og «røykfritt» tydar her at færre enn 5% av befolkninga røykjer sigarettar.

Medan det er brei semje innan medisin at røyking og nikotin er helseskadeleg, har Natural News ei anna vinkling. Deira flittige skribent Ethan Huff skriv (igjen mi omsetjing):

«Der har vore mykje spekulasjonar gjennom åra kvifor regjeringar rundt om i verda eigentleg vil at folk skal slutte å røykje. Det kan ikkje handle om folkehelsa, for då hadde dei forbode andre ting slik som genetisk modifiserte organismar (GMO-ar), fluor-tilsett vatn, 5G og mange, mange andre ting som er mykje farlegare enn tobakksplanta.

Det kan kome som eit sjokk for mange, men der er faktisk enkelte medisinske fordelar med tobakk og nikotin-bestanddelane i den. For det fyrste hindrar nikotin cytokin-stormar, òg kjent som hypercytokinemi, ein ibuande overreaksjon i immunforsvaret som sender ut for mange pro-inflammatoriske signalmolekyl, som stundom resulterer i døden.

Temaet tobakk og cytokin-stormar dukka opp meir enn éin gong under Wuhan koronavirus (covid-19)-«pandemien», då det vart oppdaga at nikotin faktisk gjev beskyttande fordelar for lungene når ein står overfor alvorlege luftvegsinfeksjonar.

‘Statistiske spørjeundersøkingar blant covid-19-pasientar indikerer, mot all vanleg logikk, at folk som røykjer er mindre sårbare overfor infeksjonen og/eller presenterer mindre alvorlege luftvegssymptom enn ikkje-røykjarar,’ står det i samandraget til ein studie om alt dette, som vart publisert i tidsskriftet Immunology Letters (Elsevier).

‘Dette antydar at nikotin kan ha ein viss preventiv eller modulerande effekt på inflammasjonsresponsen til lungene. Fordi det er kjent at responsen på, og løysinga på SARS-CoV-2-infeksjonen hovudsakleg er avhengig av lunge-makrofagane, diskuterer vi dei nylege vitskaplege funna, som kan forklare kvifor og korleis nikotin kan modulere lunge-makrofag-responsen under covid-19-infeksjon.

Når Big Brother – eller, i dette tilfellet, Big Royalty [Kong Charles] – fortel dykk at noko må bli forbode for å beskytte folkehelsa, blir de truleg logne til.»

Saksyndig-redaktøren (som sjølv ikkje har røykt på mange år) registrerer at det ikkje blir avdekt kor mykje nikotin ein må innta for å oppnå dei påstått helsemessige fordelane. Er det då opp til ein kvar å prøve for seg sjølv? Vel, sjølv røyking er «sunnare» enn å ta dei påstått trygge og effektive mRNA-injeksjonane!

Kommenter innlegget