Ifølgje varslar og tidlegare etterretningsoffiser Jeffrey Prather, var det djupstaten som utløyste konflikten mellom Israel og Hamas 7.oktober 2023. Denne vurderinga delte han i ein episode av The Alex Jones Show på nettstaden InfoWars 8.november, der han vart intervjua av gjesteprogramleiar Mike Adams, eigar og grunnleggjar av nettstaden Natural News og strøymetenesta Brighteon.
Intervjuet kan sjåast både på InfoWars og Brighteon.
Prather leiar òg sitt eige program The Prather Point på Brighteon fredagar og laurdagar.
Natural News skriv (mi omsetjing):
«Ifølgje Prather var Israel sin etterretningsbommert gjort med vilje, og 7.oktober-åtaket av Hamas – som Israel utpeikte som sin eigen versjon av 11.september – var ei felle. ‘Det er det fyrste punktet som ikkje blir klargjort, og det blir visseleg dekt over av falske nyheiter-media som ønskjer å terge opp begge sider,’ sa han. ‘Dei vil at jødar og muslimar skal slåst mot kvarandre; etter at dei øydelegg kvarandre, vil dei kome for å ta kristne òg.’»
(Sjå òg «Stormeister Albert Pike sitt brev til Mazzini i 1871 – forfalsking eller Illuminati-konspirasjon for å ta over verda ved hjelp av tre verdskrigar?», publisert 10.november 2023.)
«‘Dette fekk lov til å skje av dei same vonde aktørane – Shin Bet, Mossad, FBI, CIA og saudiane. Dette vart utløyst med vilje fyrst. Det er det fyrste punktet, og folk har ikkje eigentleg innsett det.’
Det andre punktet, ifølgje den tidlegare etterretningsoffiseren, fokuserer på øydelegginga av den gjenverande krigsstyrken til USA. Han sa òg at dette blir taima med rettssakene til tidlegare president Donald Trump. Djupstaten vil ikkje at folk skal leggje merke til dette, sidan dei vil at amerikanarar skal vende merksemda mot Midtausten.»
Prather ser altso ut til å meine at den oppblussa konflikten mellom Israel og Hamas er ein distraksjon, slik at ingen skal leggje merke til at Trump blir utsett for ein på alle måtar skandaløs hekseprosess i det amerikanske rettsvesenet. Natural News skriv vidare:
«[Mike] Adams sa i mellomtida at der ligg eit stort press på den tyrkiske presidenten Recep Tayyip Erdogan frå den muslimske befolkninga i landet hans om å engasjere Israel i ein kinetisk krig. Prather svarte at dette presset ikkje berre kjem frå befolkninga, men òg frå det tyrkiske militæret og etterretningssamfunnet. The Health Ranger [Mike Adams] la òg til at andre land slik som Iran, Jordan, Syria og Jemen er under press frå sine eigne muslimske befolkningar om å respondere mot Israel.
Programleiaren i The Prather Point [Jeffrey Prather] sa derimot at Iran er mindre brysame enn Tyrkia. Ankara kjem langt meir sannsynleg til å gjere noko, heldt han fram, sidan Tyrkia er medlem av NATO. Likevel la Prather vekt på at stadfortredarland for terrorisme slik som Iran og Jemen framleis er noko ein bør bekymre seg for.
‘Dette handlar om å destabilisere Vesten fullstendig, og det er nøyaktig det som skjer. Ved å gjere dette – fordi eg meiner der var ein mislykka rasekrig i USA – prøvde dei å overgå eller etterlikne den sørafrikanske rasekrigen der svarte gjekk etter kvite bønder,’ sa han. ‘Eg trur dette mislykkast i USA, so no gjer dei rasekrigen om til ein religiøs krig.’
Ifølgje The Health Ranger kan Israel si bombing av Gaza og andre hendingar i Midtausten gjere det lettare for ekstremist-leiarar i USA å rekruttere lettpåverkelege folk som er drivne av raseri. Han la til at fleire krigar, fleire bomber og fleire konfliktar fôrar kontrollsystema til globalistane. USA har teke del i endelause krigar, til det punkt at dei har distrahert folket frå den verkelege krigen som globalistane fører mot folket.
‘Alt dette er kalkulert kaos. Dette er ikkje sprøtt. Dette er produsert skadeverk. Dette er ein styrt vondskap. Og det blir gjort særs systematisk,’ sa Prather.»
