Solbrilletjuven Bjørnar Moxnes, den vanæra tidlegare partileiaren i Raudt, har no blitt teken for fem nye tjuveri. Denne gongen vart ransutbyttet mindre, i og med at det er daglegvarer han har stole. VG skriv:
«Fredag forrige uke [10.november 2023] kontaktet VG Moxnes angående en ny politianmeldelse mot ham, som gjaldt flere tyverier fra en dagligvarehandel i Oslo i oktober og november. […] ‘Han har mottatt et forelegg for fem overtredelser av straffeloven §321 (tyveri), som han har vedtatt’, sier politiadvokat Maria Helene Husebye Fossen.
Hun fortsetter: ‘Det er tale om små beløp hver gang, under 500 kroner. Vi har ikke fått opplyst av butikken eksakt pris på varene’ […].
Ifølge forelegget som VG har fått innsyn i, er det snakk om til sammen seks pakker ost og en pakke salmalaks, fordelt på de fem tilfellene.»
Tjuven Moxnes har altso gått frå å stele dyre solbriller på flyplassar, til å stele ost og laks i daglegvarebutikkar. Desse varene er rekna som dyre av folk flest, og ein luksus dei sjeldan har råd til å unne seg i desse tider med politisk skapt dyrtid der avgifter og utgifter sjeldan har vore høgare. Moxnes var visstnok inne til avhøyr hjå Oslo politidistrikt ein fredag, truleg 10.november.
I samband med desse tjuveria gjennonførte VG eit intervju med Moxnes. Han var i for dårleg psykisk tilstand («for hardt prega») til å stille opp fysisk, so dei tok intervjuet over video. Fleire av spørsmåla til VG orka han ikkje, eller var ikkje i stand til, å svare på. Eit døme på spørsmål VG ikkje fekk svar på, var kvifor han heldt fram med å stele etter at han vart teken i sommar og måtte trekkje seg som Raudt-leiar. Denne videoen kjem ikkje VG til å offentleggjere.
Moxnes ber no om ro rundt både seg og sine næraste framover, og er sjukemeldt fram til 27.november.
Noverande Raudt-leiar Marie Sneve Martinussen seier at saka er alvorleg, men at han har støtte frå partiet – dette ifølgje Bergens Tidende. Martinussen opplyser at medan Moxnes er sjukemeldt, er det hans vara og Raudt-tillitsvalt Stine Westrum som går inn for han på Stortinget.
Etterretningsoffiser Helge «Lur-oss» Lurås meiner at Moxnes kan lide av kleptomani, her frå ein artikkel publisert i sommar i samband med solbrilletjuveriet:
«Kan det være at Moxnes har en trang til å stjele? At det er selve spenningen han er ute etter? Altså at han lider av kleptomani?
Det ville i så fall være en forklaring som gir mer mening i denne situasjonen enn det Moxnes har kommet opp med så langt. Og jeg skriver dette faktisk i ramme alvor.»
Kleptomani er ei psykisk liding der ein har ei ukontrollerbar trong til å stele ting, sjølv ting som ikkje har nokon reell verdi eller nytteverdi for den som lid av tilstanden. Dette skil seg frå vanleg nasking eller tjuveri ved at der ikkje ligg økonomisk motivasjon eller ønske om personleg gevinst bak.
I iNyheter sin artikkel om dei fem nylege tjuveria, aular det som vanleg av liv i kommentarfeltet. «Barley» meiner følgjande:
«Den notoriske tjueradden fortsetter sin kriminelle løpebane også etter å ha blitt fersket i all offentlighet. Men i stedet for å erkjenne sitt kriminelle sinnelag, så later han altså som om at han er et offer for sykdom. […]»
«Norge 1814» skriv:
«Et spill for galleriet, kjeltringen bør finne seg en annen jobb og langt unna det politiske. […] At folk skal ha psykolog for å bli fortalt at man ikke skal stjele, fantastisk.»
«Arthur Heimlath» skriv (uthevingar er hans eigne):
«Evolusjon. Etter episoden på Gardermoen var forklaringen distre forglemmelse. Nå har han diagnostisert seg selv som psykisk syk. Og folk sluker agnet. Nei, la oss kalle en spade for en spade – Moxnes er multikriminell!»
«Hirnlego» skriv:
«Jeg vet intet om Moxnes’ psyke og helse. Dog synes jeg det er påfallende hvor mange som blir psykisk syke av å bli tatt med buksa nede. De som ble tatt i pendlerboligsvindel kjente behovet av psykolog for å klare å gjøre opp for seg.»
Avslutningsvis er det her verdt å hugse at sjølv om Moxnes påstår å ha psykiske helseproblem, og mange meiner han dermed delvis fråskriv seg ansvaret for dei kriminelle handlingane, godtok han førelegget frå politiet på 15 000 kroner.
