Kjem det konsentrasjonsleirar for ulovlege innvandrarar dersom Trump blir gjenvalt som president?

Det ser ut til at Donald Trump er i ferd med å leggje omfattande planar for innvandringspolitikken dersom han blir valt til ein andre periode som president i USA. Dette skriv Natural News, som viser til ein artikkel på nettstaden Zero Hedge. Natural News skriv (mi omsetjing):

«I påvente av å sikre seg ein andre periode i Det kvite hus, driv tidlegare president Donald Trump aktivt og formulerer omfattande og bestemt innvandringspolitikk – inkludert konsentrasjonsleirar for ulovlege innvandrarar.

Desse tiltaka er designa for å ikkje berre bremse den vesentlege tilstrøyminga av personar inn i USA, men òg for å igangsetje fjerning av dei millionane som tidlegare har kryssa grensa for fleire tiår sidan.

Planane vart rapporterte av New York Times basert på intervju med Stephen Miller og andre Trump-rådgjevarar. The Gray Lady karakteriserte planane som ‘eit åtak på innvandring i ein skala hittil usett i moderne amerikansk historie’.

Under ein kampanje i september sa Trump til Iowa-innbyggjarar: ‘Ved å følgje Eisenhower-modellen, vil vi utføre den største innanlandsdeportasjonen i amerikansk historie’. Han refererte til 1954-utstøytinga styrt av hans forgjengar, tidlegare president Dwight Eisenhower, der rundt 1,1 millionar meksikanarar vart sendt ut av landet.

Her er nøkkelkomponentane i Trump sine forslag:

  • Restriksjonar på muslimsk innvandring: Trump har som mål å gjeninnføre ein versjon av ordren som forbaud reiser frå fleire land der befolkninga er hovudsakleg muslimsk (Iran, Irak, Libya, Somalia, Sudan, Syria og Jemen), som han tidlegare innførte. President Biden oppheva dette forbodet på sin fyrste dag i embetet.
  • Bruke helsepolitikk for å avgrense asylsøknader: Ved å byggje på tidlegare restriksjonar som hadde som påskot å kontrollere Wuhan-koronaviruset (Covid-19), har Trump planar om å fornye bruken av helsepolitikk, og nemner sjukdommar slik som tuberkulose, for å leggje føringar på asylsøknader.
  • Massedeportasjon: Ein andre Trump-administrasjon vil intensivere forsøk på å finne og deportere fleire millionar ulovlege innvandrarar årleg. Denne strategien involverer ei betydeleg utviding av fjerningsmetodar som går utanom vanleg prosedyre. Føderale agentar vil bli omdirigert frå andre plikter, og lokalt politi og Nasjonalgarde-soldatar utsendt av republikanske guvernørar vil bli brukt til dette føremålet.
  • Etablere digre leirar for oppbevaring: Etter å ha stått overfor overvelda immigrasjons- og tollhandhevingsfasilitetar, føreslår Trump å byggje omfattande leirar for å oppbevare innvandrarar medan sakene deira blir behandla i systemet. For å finansiere desse leirane har han planar om å gå utanom Kongressen og omfordele midlar frå Pentagon, noko som liknar på den tilnærminga han brukte for å finansiere bygging av grensemurar.
  • Restriksjonar på borgarskap basert på fødselsrett: Trump har som mål å gjere slutt på praksisen med å tildele statsborgarskap til babyar som blir fødd av ulovlege innvandrarar.
  • Forsterka etterforsking av visumsøknader: Trump ser føre seg ein utvida ideologisk screeningprosess for visumsøknader, og å gjere dei til gjenstand for ekstra etterforsking basert på trua og livssynet deira.

Han føreslo òg ein hamneblokade av både Kystvakta og Marinen for å stoppe dopsmuglande båtar i amerikanske og latinamerikanske farvatn. Dopkartell vil bli kategoriserte som ‘ulovlege fiendekjemparar’, noko som vil gje løyve til amerikansk militærintervensjon i Mexico. Trump sa at han òg vil presse på for å få ferdig grensemuren.»

Biden-Harris-kampanjen fordømmer Trump sine planar som «ekstreme» og «rasistiske». Biden sjølv møter derimot motbør frå mellom andre New York-borgarmeister Eric Adams for det Adams kallar forsømming frå Det kvite hus i å adressere ei innvandringskrise som har overvelda byen.

Kommenter innlegget