Meta og andre Big Tech-selskap har gjort barn og tenåringar avhengige av sosiale media for å utnytte dei økonomisk

Generaladvokatar frå heile 42 amerikanske delstatar har gått til søksmål mot Meta Platforms og tre av selskapa deira, dette fordi selskapa visstnok skal ha skadd barn ved å gjere dei avhengige av sosialmedieplattformer, inkludert Facebook og Instagram. I søksmålet hevdar advokatane at Mark Zuckerberg med forsett har designa og offentleggjort programvare som er meint å vere so avhengigheitsskapande som mogleg. Dette rapporterer Natural News. Her følgjer mi gjengjeving av artikkelen.  

Søksmålet er bygt på årevis med innsamling av bevis og omfattande etterforsking. Bevismaterialet indikerer sterkt at Facebook bevisst har valt seg ut barn og tenåringar for å utnytte dei økonomisk, for på den måten å tene so mykje pengar som mogleg. Ein varslar har i tillegg leke konfidensielle Facebook-dokument der det står rett ut at barn og unge er rekna som den mest verdifulle folkegruppa for konsernet.

Big Tech-selskapa, som omfattar mellom andre Meta, Alphabet (morselskapet til Google), Bytedance (operatøren til TikTok) og Snap (operatøren til Snapchat), prøvde fyrst å få retten til å avvise søksmålet, men distriktsadvokat Yvonne Gonzales Rogers i California dømte i favør av saksøkjar. Dermed ser det ut til at Big Tech blir saksøkt fordi dei har gjort ein heil generasjon av barn og unge avhengige av produkta sine.

I tillegg til å gjere barn og ungdom håplaust avhengige slik at dei sit og ser på dataskjermar og smarttelefonar i staden for å lære seg ekte ferdigheiter, hevdar saksøkjar òg at selskapa har påført både mental og fysisk skade på barn og unge. Sjølv om det er brukarar av Facebook, Instagram og Snapchat som genererer innhaldet, er selskapa likevel strafferettsleg ansvarlege.

Den openlyse sensuren av det som eliten oppfattar som «feil» meiningar, blir derimot ikkje nemnt i søksmålet. Her er det snakk om påståtte «defektar» i sjølve plattformene, inkludert manglande foreldrekontroll, ingen idiotsikre måtar å verifisere alder, og unaudsynt vanskelege prosedyrar for å slette kontoar.

Opphavleg ville saksøkjar òg at selskapa skulle leggje avgrensingar på den sokalla nyheitsstraumen, som i dag i praksis er endelaus. Det var òg ønske frå saksøkjar at det skulle leggjast tidsgrense på kor lang tid barn kunne bruke på plattforma. Dette avviste derimot distriktsadvokat Gonzales Rogers.

At sosiale media dominerer livet til barn, unge og sokalla «vaksne», er ikkje eit nytt fenomen. Allereie på 2000-talet snakka ein om at barn og ungdom berre sat på datamaskiner, og på 90-talet var TV-spel den store, stygge ulven som stal tid frå dei unge. Kven kan skrive ein lengre tekst for hand i dag utan å få krampe i neven? Problemet med det eg kallar sosialteknologisk tidsfordriv er at ein aldri rekk å utvikle ferdigheiter og evner som gjer at ein klarer seg i det daglege liv. Tenk kva ein unge ville ha fått til om han eller ho – i staden for å sitje og fikle med smarttelefonar dagen lang – i staden kunne ha lært seg grunnleggjande ting om bilar, motorar, husdyr, dyrking av mat, bruk av hushaldningsapparat, tekstil (til dømes å sy for å reparere kle), musikkinstrument og liknande. Gitarspelande gutar og søte, pianospelande jenter ser ut til å høyre til fortida – «ingen» kan spele instrument lenger. Livet deira hadde blitt mykje meir innhaldsrikt, og dei hadde blitt ressurssterke menneske om dei var so heldige at dei voks opp.

No sit alle på Snapchat og tek bilete av fanga sine. Somme redde, usikre tenåringsjenter sender diverre òg nakenbilete – for Snapchat slettar jo bileta etter ei viss tid (iallfall offisielt). Barn og tenåringar har ikkje berre blitt avhengige av eit produkt på grunn av skamlaus og endelaus grådigheit frå det sataniske Big Tech – dei har valt vekk alle moglegheiter til å lære seg praktiske ting. Resultatet er avhengigheit, depresjon og alvorlege psykiske lidingar.

Dette er truleg det eliten vil, for ein flokk Instagram-sauer kan jo ikkje gjere opprør når det totalitære overvakingsregimet er eit faktum.

Kommenter innlegget