John Moore er veteran i United States Armed Forces, tidlegare drapsetterforskar og noverande politisk kommentator. I ein nyleg episode av Health Ranger Report med Mike Adams, åtvara han om lagnaden som kan råke Israel: Dersom krigen mellom Israel og Hamas held fram, og eskalerer, kan dette føre til at staten Israel blir fullstendig øydelagt.
NewsTarget skriv (mi omsetjing):
«‘Den arabiske verda er klare til å ofre alle menneska i Gaza for å oppnå sitt mål om å utslette Israel. Det er særs tydeleg,’ sa Moore, som peikte på korleis ingen av nabolanda, trass at dei ope støttar den palestinske saka, er viljuge til å ta imot flyktningar frå Gaza.
På den andre sida av temaet er det faktum at Israel ikkje ønskjer å slutte å kjempe i Gaza, der Adams peiker på at statsminister Benjamin Netanyahu refererte til palestinarar som ‘Amalek’, ein nasjon i den hebraiske bibelen som gjekk til bakhaldsåtak på dei historiske israelittane under Moses, som var på veg til Det lovde landet.
Etter hans fyrste åtak instruerte Gud israelittane til å aldri gløyme denne fælslege handlinga, og gav dei ordre om å føre ein evig krig mot Amalek heilt til alle spor av deira eksistens hadde blitt fjerna. Netanyahu ber essensielt om eit folkemord på palestinarane i Gaza heilt til, akkurat som Amalek, ingen spor av dei er igjen.
‘Mesteparten av desse palestinarane og andre folkeslag i Midtausten… hatet deira går tilbake fleire hundreår,’ åtvara Moore.»
Natural News skriv vidare:
«Moore åtvara at ein av nasjonane som kan utgjere ein vesentleg trugsel mot framtida til Israel er Tyrkia, som under den mangeårige leiarskapen til president Recep Tayyip Erdogan, ønskjer ‘å reetablere Det ottomanske imperiet, der Konstantinopel [Istanbul] atter ein gong blir hovudstaden i Det ottomanske imperiet slik byen var i mange, mange hundreår fram til 1917’.
Den pågåande konflikten har allereie pressa relasjonar mellom Tyrkia og Israel, som tidlegare var særs vennlege […].
I ein av sine nyaste kommentarar om konflikten midt oppi det stigande talet døde i Gaza, erklærte Erdogan at han har skore over alle band med Netanyahu og regjeringa hans på bakgrunn av nedslaktinga, sjølv om han ikkje lågna kommunikasjonsnivået mellom dei to nasjonane.
‘Netanyahu er ikkje lenger nokon vi kan snakke til,’ sa Erdogan, som prøver å posisjonere seg sjølv som ein stor humanitær som bryr seg om liva i Palestina. ‘Vi sletta [Netanyahu] og kasta han vekk.’
Ifølgje Wolfgango Piccoli, med-president i den rådgjevande greina av politisk risiko i PR-firmaet Teneo, antydar kommentarane til Erdogan at han har kasta vennlege relasjonar med Israel ‘ned i djupfrysaren, om han ikkje då har forkasta dei fullstendig’, noko som gjev håp om forsoning som Ankara og Tel Aviv har vore ute etter i årevis før konflikten.
Før dette var Erdogan ein av dei fyrste som refererte til israelske operasjonar i Gaza som ‘folkemord’, i tillegg til å kalle Israel ein ‘krigsforbrytar’-stat på grunn av deira nådelause bombing av Gaza-innbyggjarar.
Diplomatar frå begge nasjonar har allereie blitt tilbakekalla, og handelsvolumet mellom dei to nasjonane har falle i golvet på berre éin månad.»
