Helsedepartementet snur kappa etter vinden – covid-19 er ikkje lenger «farleg»

Helse- og omsorgsdepartementet har no fjerna koronaviruset frå forskrifta si om allmennfarlege, smittsame sjukdommar. Helsedirektoratet og FHI opplyser i tillegg at det ikkje lenger er naudsynt å klassifisere covid-19 som ein allmennfarleg, smittsam sjukdom lenger for smittevernet sin del. Som ein konsekvens av denne heilomvendinga etter tre år med sanselaus fryktporno, må pasientar no betale eigenandel ved legekonsultasjon for covid-19 akkurat som med andre luftvegsinfeksjonar. Ein annan konsekvens er at retten til gratis sjølvtestar (den notorisk ubrukelege PCR-testen og den endå meir ubrukelege hurtigtesten) no fell bort. Covid-19 er dermed i same kategori som influensa og RS-virus ifølgje departementet.

Anna nytt som ser ut til å bekrefte den formelle avskaffinga av koronaprosjektet, er at legemiddelet Paxlovid skal vere gratis fram til 1.april 2025. Dette ser ikkje ut til å vere ein aprilsnarr. Covid-19-forskrifta skal òg opphevast, dette etter at dei fleste bestemmelsane i forskrifta vart oppheva i 2022.

Sokalla «helseminister» Ingvild Kjerkol, som vil ha nulltoleranse for feil åtferd, kallar dette ein merkedag. Som landssvikaren lirer av seg i ei pressemelding:

«Vi støtter anbefalinger fra Helsedirektoratet og Folkehelseinstituttet (FH) om at covid-19 ikke lenger oppfyller smittevernlovens kriterier for å klassifiseres som en allmennfarlig smittsom sykdom. Dette er en normalisering slik regjeringens strategi og beredskapsplan legger opp til […].»

No har covid-19 strengt teke aldri vore «farleg», og det at sesonginfluensa tilfeldigvis forsvann i pandemiåra 2021 og 2022 har fått mange til å mistenkje at «smittetilfella» i røynda berre var influensa eller forkjøling. Nedstengingar og munnbindpåbod vart på timen innført i heile den vestlege verda, uavhengig av lokal smittesituasjon, og alle som stilte spørsmål ved denne drastiske praksisen, fekk i ytste konsekvens karriere, rykte og liv øydelagde i nådelause hekseprosess-personalsaker. Når vil vi få ei formell orsaking, oppreising og erstatning for tapt, framtidig arbeidsinntekt?

Eliten utfører denne heilomvendinga av gode grunnar. Dei ser at stadig færre har tillit til mRNA-injeksjonane, og at stadig meir sanning rundt koronaprosjektet lek ut til offentlegheita, takka vere utrøytteleg innsats frå oss i uavhengige media.

I iNyheter-artikkelen som eg har henta denne informasjonen frå, står kommentarfeltet som vanleg i fyr og flamme. «KnutKonsulent» skriv:

«Men… Hvordan skal de lure befolkingen, nå da…? Hvordan skal befolkningen holdes i sjakk med vaksiner, når det ikke lenger skal vaksineres…? Hva sier Big Pharma til dette? Blir Norge bicottet [sic] av Big Pharma fordi vi ikke gjør som de vil? Nå må jo Big Pharma gå tilbake til det de tjener aller mest på: vitaminer, vita-pro og proteinpulver.»

«Harald» skriv:

«Covid-19 var vel aldri farlig, men vaksinene var og er farlige…»

«nordm» skriv:

«Overdødeligheten ligger vel ennå på mellom 5 og 10%. Ufarliggjøringen av covid19 betyr at årsaken til overdødeligheten er fremdeles ukjent. Det blir lettere å finne årsaken nå som viruset som de har gitt skylden er utelukket.»

«Willy Nikkersen» skriv:

«FHI sier at 52% av gruppen 65 år og eldre har vaksinert seg ‘denne sesongen’. 32% av gruppen 65 år og eldre har blitt vaksinert etter 1.september. De utenfor risikogruppene klarer seg vel med 2 eller 3 doser, som har blitt satt for en stund siden. 88% av gruppen 18+ har fått to doser.»

Han legg ved link til desse tala frå FHI, som kan lesast her. Tala er frå 16.november 2023.

Med tanke på kva som går føre seg i kulissane til WHO og deira største bidragsytar Bill Gates, og «helseminister» Kjerkol si kritikkverdige støtte til Pandemitraktaten og dei nye internasjonale helseretningslinjene, ser denne «nedgraderinga» av covid-19 berre ut til å vere nok ein hersketeknikk. Folk skal lågne skuldrene, tru at marerittet er over, trekkje seg tilbake til husa sine og fryse og svelte i vinter – før det totalitære regimet slår ut i full blomst ein gong i 2024.

Lat dykk ikkje lure. Psykopatane har trekt seg mellombels tilbake for å førebu eit endå verre åtak enn koronaprosjektet.

Kommenter innlegget