Studie avslører at det å tru at maskulinitet er dårleg, skader mentalhelsa hjå menn (velkomen etter, akademia!)

Den klassiske definisjonen på ein akademikar er ein som har lese seg til det alle andre veit. Sunt bondevit vil alltid trumfe «vitskapen», som i seg sjølv er eit omgrep som har blitt misbrukt til det pinlege. No har International Journal of Health Sciences publisert ein studie som fastslår det latterleg openberre: Å overtyde menn om at maskulinitet er ei negativ kraft, skader psyken deira. Dette rapporterer nettstaden The New American, som igjen har henta informasjonen frå nettstaden PsyPost, som har lagt ut sjølve den akademiske artikkelen.

Artikkelen har tittelen «The belief that masculinity has a negative influence on one’s behavior is related to reduced mental well-being»: «Trua på at maskulinitet har ein negativ påverknad på åtferda til ein, er relatert til redusert mentalt velvære». Det treng ein ikkje akkurat å vere akademikar for å konstatere – snakkar ein skit om folk dag ut og dag inn, burde det ikkje kome som ei overrasking at vedkomande til slutt utviklar negative kjensler.

Studien har involvert meir enn 4000 menn frå Storbritannia og Tyskland. Bakgrunnen er at maskulinitet, som tidlegare var høgt verdsett i samfunnet, no ser ut til å ha tapt status. Som PsyPost skriv (mi omsetjing):

«I fleire tiår har maskulinitet vore eit emne innan både offentleg og akademisk debatt. Historisk har trekk slik som det å vere aktiv, dominant og sjølvstendig vore synonymt med maskulinitet. Derimot, frå 1980-åra, fann det stad eit markant skifte. Maskulinitet byrja å bli sett gjennom ei meir kritisk linse, ofte assosiert med negative trekk slik som misogyni [kvinnehat] og homofobi, og knytt til problem slik som dårleg mentalhelse og aggressiv åtferd.

Denne overgangen var delvis driven av sosiologiske teoriar, og har ført til det enkelte kallar ein ‘deficit model’ [«mangelfull modell»] av maskulinitet – der ein primært fokuserer på dei negative aspekta.»

I lys av at det nettopp har vore farsdag og mannsdag (eit motstykke til kvinnedagen), kjem det ikkje som ei overrasking at det i media nyleg har vore eit auka fokus på rettane til menn. Eller, diverre, det som ser ut som eit fråvær av desse rettane. John Barry ved Centre for Male Psychology, har sagt at menn har tre gonger høgare risiko for å gjennomføre sjølvmord enn damer. Det er riktig nok ein del av historia at damer har tre gonger større risiko for å forsøke sjølvmord. Grunnen til at menn lykkast kan – litt spøkjefullt – vere at menn er flinkare til å få ting gjort. Den reelle grunnen er at menn går meir valdeleg til verks når dei fyrst går til det steget å ta livet av seg. Sjølvmord hjå ein mann er ikkje eit rop og hjelp og merksemd slik det gjerne er hjå kvinner – menn vel sjølvmord når alle andre løysingar er umoglege.

Då Barry byrja å forske på mannleg psykologi var han tilhengjar av det sokalla «anti-maskuline narrativ», som mellom anna gjekk ut på at dårleg mentalhelse og sjølvmord visstnok er knytt til maskulinitet. Som han sa til PsyPost (mi omsetjing): «Funna mine støtta ikkje denne hypotesen på ein overtydande måte, so eg dukka djupare ned i eksisterande forsking og innsåg at mesteparten var basert på eit overraskande negativt syn på maskulinitet, som ikkje såg ut til å vere fundert i realiteten rundt mannleg mentalhelse og sjølvmord.»

Han meiner, ikkje overraskande, og fullstendig i tråd med sunt bondevit, at dersom samfunnet ønskjer at menn skal ha god mentalhelse, «kan ein nyttig strategi vere å hjelpe dei til å setje pris på måtane deira maskulinitet kan ha ein positiv verknad på åtferda deira og på menneska rundt dei.» Om ein mann føler seg verdsett og akseptert av dei rundt seg, er det altso mindre risiko for at han går ned i kjellaren og skyt seg. Dette er ikkje akkurat rakettvitskap, folkens.

Barry seier vidare:

«Å ta eit positivt syn på maskulinitet går mot trenden i desse dagar, der til og med globale konsern har teke til seg den moten det er å sjå på maskulinitet som noko å vere redd for […]. Til dømes har Unilever – gjennom Promundo og Axe – drive og fremja ‘Man Box’-konseptet som set maskulinitet i eit dårleg lys.»

Den sokalla «anti-maskuline rørsla» er fast bestemt på at menn er «øydelagde» i forhold til kvinner, og ein del av «evidensen» for dette er at menn har dårlegare prognosar når det gjeld dårleg psykisk helse. Er dette riktig? The New American skriv:

«Ikkje berre har kvinner langt større sannsyn for å forsøke sjølvmord, men dei opplever òg oftare melankoli (‘depresjon’). Faktisk har studiar vist at kvinner har større sannsyn enn menn for å lide av psykiske sjukdommar, generelt sagt. (Når det er sagt, blant liberale kvite kvinner under 30, er prosentdelen som blir diagnostisert med eit mentalhelseproblem over 50%, ifølgje ein 2020-studie i den venstreorienterte publikasjonen Evie.)

Som det står skrive i innleiinga til denne artikkelen, er det ikkje overraskande at menn som blir kondisjonert til å sjå mørkt på noko som er meint å vere ein vesentleg del av personlegdommen deira, maskulinitet, vil oppleve minkande velvære. Likevel treng ikkje den anti-maskuline haldninga å vere einaste årsak her. Det vil seie, det er liberale menn som har større sannsyn for å omfamne ein anti-maskulin posisjon.

Og liberale menn har òg større risiko for å bli diagnostisert med mentale problem, og formidle at dei føler seg ulykkelege.»

Det politiske motstykket til liberalisme er konservatisme, altso venstresida versus høgresida. Det negative synet på maskulinitet ser dermed ut til å vere av ein meir politisk natur, og kjem, som alt anna grums for tida, frå venstresida. Interessant nok var psykologen Jordan Peterson medforfattar av ein studie rundt kva slags karakteristikkar som best kunne spå om ein person ville omfamne venstreorientert autoritarisme (altso totalitært styresett). Dei to høgste indikatorane var, ifølgje Peterson, låg verbal intelligens og rett og slett «vere kvinne». Den tredje indikatoren var eit sokalla «feminint temperament». Den vanvitige demaskuliniseringa av menn som pågår i våre dagar kjem difor ikkje som eit sjokk. Kvinner er meir tilbøyelege til å underkaste seg totalitære regime med maktsjuke psykopatar (sjå berre rundt om på kvinnedominerte arbeidsplassar i helsesektoren!), og menn har tradisjonelt protestert mot slik urett (kvifor trur du det jobbar so få menn i nettopp helsesektoren?). Å feminisere menn og gjere dei feigare og meir underdanige passar perfekt inn i planane til eliten om å underleggje seg menneskeheita.

I tillegg viser studiar at religion speler ei rolle òg: Ikkje-religiøse har verre mentalhelse enn religiøse. Trua på ei større, godhjarta makt og eit liv etter døden bidreg ikkje overraskande til betre mentalhelse, spesielt i harde tider slik som dei vi lever i no. Trua på Gud samsvarer dårleg med planane til eliten, som helst vil at folk skal dyrke dei i staden for ei allmektig, universell kraft.

Dersom alle ekte menn forsvinn, er vi med andre ord fortapte. Då blir vi ei verd av kranglevorne kjerringar og klynkande kujonar, til stor glede for våre elitistiske fiendar.

Kommenter innlegget