I USA får dei til det som nordmenn ser ut til å vere altfor feige til å gjere: saksøkje staten for tapt framtidig arbeidsinntekt etter å ha blitt usakleg oppsagt. I dette tilfellet gjeld det soldatar som har mist lønna si fordi dei takka nei til dei livsfarlege mRNA-injeksjonane som har teke fleire liv enn alle andre vaksinar i historia kombinert. Den flittige Natural News-skribenten Ethan Huff rapporterer (mi omsetjing):
«Ein advokat som vellykka nedkjempa vaksinen mot miltbrann har gjort det igjen, denne gongen med eit søksmål mot Biden-regimet på vegner av tidlegare amerikanske militær-tenestefolk som miste lønna og trygdeytingane på grunn av staten sitt Wuhan koronavirus (COVID-19)-«vaksine»-mandat.
Advokat Dale Saran, som sjølv er pensjonert marinesoldat, blir følgt av sine advokatkollegaer Andy Meyer og Brandon Johnson, som alle er med tidlegare soldatar i tre separate søksmål som blir begjært mot presidenten og kabinettet hans.
Dei tre separate søksmåla er venta å bli om til eit gruppesøksmål som representerer alle tenestefolk som vart sparka ut av militæret eller på andre måtar ulovleg gjevne ordre om å trekkje deg frå aktiv teneste, fordi dei nekta å rulle opp ermet for ein runde med covid-injeksjonar.
Ifølgje Saran er pengesummen dei søkjer å få i ‘milliardklassen’, som han seier er passande fordi ‘det er det summen utgjer i etterlønn – det er milliardar av dollar’.»
Det næraste vi kjem eit slikt søksmål i Noreg, er den pågåande Iris Frohe-saka, der dommen ikkje er avgjort i skrivande stund (23.november 2023). Det er uvisst kor mykje sjukepleiaren Frohe ber om, men det er òg i hennar tilfelle snakk om oppreising og erstatning for tapt framtidig arbeidsinntekt. Ho ber neppe om fleire milliardar.
Natural News skriv vidare:
«Dei tre søksmåla, som er begjært i U.S. Court of Federal Claims [«retten for føderale krav»], vil bli høyrt i ein spesialisert rett for ulovlege dimitteringar.
‘Court of Claims har vore her sidan Rekonstruksjonsæraen,’ sa Saran om denne lite kjende domstolen. ‘Det er ein særs gammal domstol og ein litt merkeleg ein. Men i alle tilfelle kan du gå der dersom du har eit krav, og seie ‘Hei, eg vart ulovleg dimittert og militæret gjorde noko for å hindre utbetaling av lønn’, eller kva som helst. Court of Claims er der du går.’
So få som 80 000 og so mange som 100 000 militærtenestefolk i USA, både i aktiv teneste og i reservestyrken, skal ha blitt råka av covid-sprøytepåbodet til Biden. Av desse vart meir enn 8000 soldatar i aktiv teneste sparka heilt ut av militæret, og det vart òg fleire titals tusen i reservestyrken, som fekk ordre om å ikkje fare på øvingar lenger, eller flytta til inaktiv status.
‘Dei stod essensielt utan fordelen av ein rettargang,’ seier Saran om dei saksøkjande i saka. ‘Ingen møte vart haldne. Dei heldt ingen administrative separasjonssmøte; dei heldt ingen høyringar. Dei heldt ingen føderale anerkjenningsmøte; ingen av dei administrative eller juridiske prosedyrane vart brukte. Dei berre gjorde det. Og so… fekk dei Kystvakta til å følgje etter, og dei fekk ein heil gjeng der òg.’
Ein tidlegare Kystvakt-medlem som saksøkjer for tort og svie, er Zach Loesch, som president Biden personleg ringde for å takke for å ha redda liva til folk under Orkanen Ian.
På den tida Biden tok kontakt med han, var Loesch berre to veker unna å bli sparka ut av militæret for å nekte å bli injisert med covid-kjemikaliar frå eit av dei tre store farmasiselskapa som produserte covid-sprøyter for den amerikanske marknaden.»
Ein del av stridens kjerne er ifølgje Saran at covid-«vaksinane» ikkje hadde lisens, og det var ordre frå forsvarsministeren at soldatar berre skulle ta vaksinar som hadde lisens. Covid-«vaksinane» hadde, som vi hugsar, naudgodkjenning.
Pentagon har kalkulert inn i budsjettet sitt moglegheita for at dei i framtida må betale etterlønn til soldatar som vart fjerna på grunn av «vaksine»-nekt. Kongressen skal ha øyremerkt desse midlane til nettopp det føremålet. Saran skuldar Forsvarsdepartementet for å ha «stole» dei pengane sidan dei enno ikkje har blitt brukt til å betale dei ulovleg oppsagte soldatane.
