Det går for tida eit rykte i uavhengige media om at Biden-administrasjonen har planar om å importere 65 000 ekstra arbeidsinnvandrarar for å på den måten tvinge ned lønnsnivået til arbeidarklassen. Dette kjem ikkje som ei overrasking i ei tid der dei rike blir rikare og dei fattige blir fattigare. Grådige, kyniske arbeidsgjevarar ser på fagforeiningar og arbeidsmiljølover som trugslar mot sin eigen profitt, og tilset av den grunnen heller underdanige utlendingar, som har for dårlege kunnskapar om lover og reglar til å kjenne rettane sine. Slike tilsette kan arbeidsgjevarar bruke og misbruke etter kva dei finn for godt.
Nettstaden Big League Politics rapporterer (mi omsetjing):
«Biden-regimet har planar om å importere om lag 65 000 H-2B-utanlandsvisum-arbeidarar. Slik ei immigrasjonstilstrøyming vil resultere i at migrantar tek blue-collar-jobbar frå arbeidarklasse-amerikanarar. Dette kjem i ei tid der millionar av amerikanarar i stor grad ikkje er ein del av arbeidsstyrken.
Seint 3.november 2023 annonserte Department of Homeland Security (DHS) og Arbeidsdepartementet at dei vil late føretak importere 65 000 ekstra H-2B-utanlandsvisum-arbeidarar som skal tilsetjast innan bygg og anlegg, kjøtindustrien, landskapsvedlikehald og andre økonomiske sektorar.
På noverande tidspunkt får føretak importere 66 000 H-2B-utanlandsvisum-arbeidarar for å ta blue-collar, ikkje-landbruksrelaterte amerikanske jobbar på ein årleg basis.
20 000 H-2B-visum er venta å gå til utanlandske arbeidarar frå Colombia, Costa Rica, Ecuador, El Salvador, Guatemala, Haiti og Honduras, medan dei gjenverande 45 000 visuma vil gå til utanlandske arbeidarar som nyleg har blitt godkjende for H-2B-visum ved tidlegare høve.
Årleg deler USA ut green cards til rundt rekna 1,2 millionar lovlege innvandrarar, medan det i tillegg slepp inn 1,4 millionar utanlandske arbeidarar årleg for å stele amerikanske jobbar.
John Binder i Breitbart News skreiv at denne utvidinga av utanlandske arbeidarar som kjem inn i arbeidsstyrken, kjem i ei tid der det er 44,3 millionar amerikansk-fødde menn og kvinner i alderen 16 til 64 år som ikkje er ein del av arbeidsstyrken.»
Prosentdelen av utanlandske arbeidarar utgjer no meir enn 18% av den amerikanske arbeidsstyrken, som er den høgste prosentdelen på nesten 30 år. Nettstaden konkluderer tørt at den amerikanske herskarklassen er avhengig av billeg arbeidskraft, og er drivne av pur grådigheit. Desse psykopatane må røystast ut frå sine embete og fordrivast frå alle økonomiske sfærar i livet – ein kan ikkje forhandle med slike rævhol.
