Flyindustrien prøver å dekkje over stor auke av hjarteinfarkt hjå covid-«vaksinerte» pilotar

Her er dårlege nyheiter for dei som lid av flyskrekk: Risikoen for at pilotane i flyet du sit i skal hjå hjarteinfarkt og krepere i lufta, er særs stor. Og flyindustrien prøver å dekkje over denne dystre statistikken – for dersom folk visste kor dårleg helse «vaksinerte» pilotar no har, ville dei aldri ha sett sine bein i nærleiken av eit rutefly. Eliten veit om dette, og insisterer at pilotane som flyg deira privatfly er uvaksinerte.

The People’s Voice melder at den verdsberømte flykrasjetterforskaren og piloten Shane Murdock åtvarar at flyindustrien og reguleringsorgan dekkjer over skaden forårsaka av «vaksinerte» pilotar. Dei lid av stadig verre helseproblem på grunn av mRNA-injeksjonane, inkludert å få hjarteinfarkt medan dei flyg passasjerfly med fleire hundre passasjerar. Dette utgjer naturlegvis ein alvorleg risiko for luftfartstryggleiken. Moderne fly kan riktig nok fly på autopilot, eller bli overteke av andrepiloten dersom kapteinen skulle bli akutt dårleg. Då er det litt verre at pilotar som eigentleg har for dårleg helse til å fly flyr. Eller at dei lèt vere å rapportere om tilfelle av akutt sjukdom i frykt for å misse jobben, slik kaptein Murdock hevdar.

Det var i eit nyleg intervju med den britiske medieformidlaren The Conservative Woman at han ytra seg om uroa si. Han sa rett ut at mange pilotar har opplevd uventa biverknader av covid-mRNA-sprøytene, og at industrien og reguleringsorgan desperat prøver å dekkje over dette «fenomenet». Under «pandemien» kravde dei fleste kommersielle flyselskap at pilotane tok sprøyta. Pilotar og mannskap som nekta å ta injeksjonane vart ofte oppsagt.

Kaptein Murdock og 12 andre kollegaer valde å ikkje ta «vaksinen», noko som var i strid med påbodet til arbeidsgjevaren, Virgin Australia. Det at dei nekta å late seg injisere førde til at alle miste jobbane sine.

Sidan pandemien og den uforsvarlege masseinjiseringa, har ein sett ein enorm auke i pilotar med uventa biverknader, slik som slag og hjartestopp. Mange pilotar har òg døydd. Murdock sa (mi omsetjing):

«Dataa, når dei blir korrelatert, indikerer at der er eit enormt problem som har, og som vil få, ein betydeleg verknad på luftfartstryggleiken i heile verda […]. Der er nok evidens til å sende ut raude flagg.»

The People’s Voice skriv at nylege studiar har vist at pilotar har nølt med å rapportere helsebekymringar fordi dei føler at jobbane deira då vil vere i fare. Murdock forklarer:

«Dei rapporterer ikkje om hjernetåke, hjartebilydar og svimmelheitsanfall fordi dei ikkje har lyst å misse jobbane sine […]. Katastrofar vil skje og både flymannskap og passasjerar vil døy heilt unaudsynt.»

Pilotar blir ofte helseundersøkt for å vurdere om dei er eigna for den krevjande rolla det er å styre eit fly. US Federal Aviation Administration (FAA) modifiserte urovekkjande nok parameterane for EKG-undersøkingar i fjor. No er undersøkingsprosessen mindre streng, slik at potensielle hjarteproblem no risikerer å forsvinne under radaren. Der skal i 2022 og 2023 ha vore ein betydeleg auke i sokalla mayday-meldingar, som blir sendt ut når eit fly er i naud. Til dømes når kapteinen ligg steindaud med eit stoppa hjarte og andrepiloten heller ikkje føler seg vel.

Tradisjonelt har kapteinen og andrepiloten aldri ete same måltid i frykt for matforgifting. Kanskje flyselskap skulle byrje å fly med ein uvaksinert og ein fullvaksinert pilot – berre for å vere på den sikre sida.

Kommenter innlegget