Den gongen den alvorleg kreftsjuke George Harrison lurte Phil Collins til å tru at han var talentlaus som musikar

Phil Collins (fødd 1951) er rekna som ein av verdas beste trommeslagarar, både frå tida si i bandet Genesis og som soloartist. På grunn av temmeleg alvorlege helseproblem er han diverre ikkje lenger i stand til å spele trommer, og på hans siste album frå 2010 måtte han faktisk teipe fast trommestikkene til hendene fordi han ikkje lenger greidde å halde fast på dei med fingrane. Medan Collins i dag er for sjuk og svekt til å spele trommer, har han ein imponerande karriere bak seg innan progrock og popmusikk. Han var med på alle Genesis-album frå Nursery Cryme (1971) til We Can’t Dance (1991), og bidrog frå 1980 og framover òg stundom på låtskrivarsida. Han har feilaktig fått skulda for at Genesis gjekk frå progrock til popmusikk, men dette er urimeleg å skulde han for, sidan den dominerande låtskrivarkjernen i Genesis alltid har vore keyboardist Tony Banks og gitarist/bassist Mike Rutherford; Collins starta solokarriere i 1981 fyrst og fremst for å få større fridom til å spele inn eige materiale. Rutherford er best kjent som mannen bak 1990-talsgruppa Mike + the Mechanics. Banks er i grunnen ikkje kjent som anna enn keyboardisten i Genesis. Solokarrieren til Collins får soloprosjekta til Banks og Rutherford til å bleikne i forhold.

Ein av dei få musikarane som er meir legendarisk enn Phil Collins, er Beatles-gitaristen George Harrison (1943-2001). Det fyrste albumet han gav ut etter at Beatles vart oppløyst i 1970, var All Things Must Pass, (utgjeve 27.november 1970), som imponerande nok er eit trippelalbum. Albumet er i dag rekna som eit meisterverk, og som Harrison sitt desidert beste album. Suksessen overraska mange, ettersom John Lennon og Paul McCartney i stor grad hadde overskugga talentet til Harrison i Beatles – låtane til Harrison er i definitivt undertal i forhold til Lennon/McCartney-komposisjonar på alle Beatles-album.

Det er under innspelinga av All Things Must Pass i 1970 at Harrison og Collins møtest. Under innspelinga var Collins berre 19 år (han byrja fyrst i Genesis året etter då han var 20, i 1971). På den tida var han i bandet Flaming Youth. Manageren deira fekk ein telefon frå sjåføren til Beatles-trommeslagar Ringo Starr (fødd 1940), som opplyste at dei såg etter ein perkusjonist. Collins fekk oppdraget, og var i ekstase sidan Harrison og Beatles var nokre av heltane hans.

Den særs nervøse og skjelvne 19-åringen spelte conga-trommer på ein av songane på trippelalbumet til Harrison. Ringo Starr spelte trommer. Collins var visstnok so nervøs at han bomma sigarettar frå Ringo – og han røykte ikkje eingong.

Soga seier vidare at Collins fekk tak i All Things Must Pass på LP og lytta. Der var ingen congo-trommer på sporet han spelte på. Han lurte på kvifor. Seinare fekk han meir enn nok å tenkje på, då han vart trommeslagar i Genesis og var med på ei rekkje suksessfulle og etter kvart legendariske album. Han vart den fjellstødige rytmeryggrada i det som fyrst var eit progrockband med Peter Gabriel som vokalist, tekstforfattar og vedunderleg teatralsk frontfigur, Tony Banks som melodiøs og overnaturleg dyktig keyboardist, Mike Rutherford som bassist og seinare gitarist, og ikkje minst Steve Hackett som virtuøs gitartrollmann. Genesis vart i 1978 til ein trio beståande av Collins, Banks og Rutherford, og Collins forlét på 1990-talet bandet sidan han då hadde ein særs suksessrik solokarriere som få andre til dags dato har kunne matche.

I 2001, like før den alvorleg sjuke George Harrison døydde av lungekreft med spreiing til hjernen, tok Phil Collins kontakt med han for å høyre kvifor conga-trommene hans aldri hadde blitt lagt til det bestemte sporet på All Things Must Pass. Harrison sa at han ikkje kunne hugse kvifor, men han kunne med glede sende masteropptaka av den bestemte innspelinga til Collins.

Då Collins mottok opptaka, spelte han dei. Den særs talentfulle, forhenverande Genesis-trommeslagaren (på den tida 50) vart forferda. Conga-trommespelinga var frykteleg. Dei heldt ikkje takten, og var for høglydde og slurvete. For å gjere alt verre kunne den skrekkslegne Collins høyre Harrison – sin store helt – på slutten av opptaket seie «Ta og få vekk den ungdommen på conga-trommene, han er berre skit». Collins vart heilt knust.

Han ringde til Harrison og spurde «spelte du denne før du sendte den til meg?» Harrison svarte at det gjorde han ikkje. Collins fortalde han kva han hadde høyrt på innspelinga. Harrison bad oppriktig om orsaking, før han brølte ut i latter.

Harrison hadde kødda med Collins. Han hadde samla ein gjeng musikarar og gjeve congo-trommespelar Ray Cooper instruksar om å spele elendig med vilje. Phil Collins hadde med andre ord blitt lurt trill rundt av sjølvaste George Harrison. Låtskrivaren bak superhits som «In the Air Tonight», «Sussudio», «One More Night» og «Another Day in Paradise» kunne ikkje anna enn flire. Denne spøken frå ein døyande mann var like vondsinna som den var genial.

So, kvifor hadde ikkje conga-trommene til Phil Collins blitt med på det ferdige opptaket? Ved eit uhell hadde mikrofonen til Collins blitt slått av og forblitt slått av under heile den to timar lange studioøkta. Ingenting frå 19-åringen Collins hadde altso blitt spelt inn. Denne gleppen er forståeleg med tanke på kor vanvitig teknisk krevjande og omfattande det var å spele inn sopass lange album på den tida. Til samanlikning var Genesis sitt lengste album med Collins (og det lengste albumet deira totalt sett) dobbeltalbumet The Lamb Lies Down on Broadway (1974) – som òg var det einaste dobbelt-studioalbumet Genesis gav ut i heile sin karriere. Albumet var ifølgje medlemmene særs krevjande å spele inn, og var kanskje på grunn av dette det siste Genesis-albumet med Peter Gabriel.

Historia er henta frå Quora.com, (der Collins feilaktig blir sagt å vere 18 under nemnde innspeling), og er òg skildra av Phil Collins i biografien sin Not Dead Yet (2016), som Saksyndig-redaktøren (som sjølv er fan av Genesis og Phil Collins) har i sitt private bibliotek.

Kommenter innlegget