Vintervedlikehald av private vegar har sin pris – iallfall dersom du er singel dame!

Det er i skrivande stund skøyteis i store delar av Bergen. Dette er bra om du har tenkt å stå på skøyter, men katastrofalt om du har tenkt å stikke nasen utanfor stovedøra. Å fote seg utandørs på eit slikt føre er ei formidabel utfordring. Eg er sopass heldig at eg er ung, ressurssterk og bur på ein plass utan stupbratte, livsfarlege bakkar. Då er det verre med størsteparten av Bergen bykommune. Før eg flytta til mi noverande adresse, budde eg i eit område der terrenget var langt meir kupert. Då var det ofte eit episk problem å kome seg på jobb, til butikken eller strengt teke alle plassar då vinteren kom, isen la seg, og vintervedlikehaldet av kommunale vegar gjerne brukte ein månad, to-tre oppvaskmøte og fleire avisoverskrifter på å kome i gang. Det måtte gjerne nokre dusin beinbrot og bilulykker til før entreprenørane rykte ut. Løysinga var å ta ansvar for eiga transportevne og skaffe seg dei beste broddane dei selde i butikkane.

Vinteren ser ut til å ta Bergen og resten av Sør-Noreg på senga kvart år. Er det rein og skjer slurveskap, eller ligg det ein vondsinna agenda bak? Det veit vi ikkje sikkert. I dette essayet skal eg derimot ta føre meg ein høgst reell og ganske so urovekkjande konspirasjon, som nok vil få det til å gå kaldt nedover ryggane på dei single, kvinnelege lesarane av Saksyndig – dei som ikkje har ein MANN i huset.

Medan den ærverdige europavegen blir brøytt og salta av det statlege vegvesenet, og dei kommunale vegane til slutt blir gjort forsvarlege etter mykje kjeft i avisene, er det verre med private sidevegar. Der er det eigarane sjølve sitt ansvar å brøyte, strø og salte. Dei fleste burettslag og sameige har difor ordna seg avtalar med lokale entreprenørar, som mot betaling held vegane og fortaua på privat eigedom i sømeleg stand gjennom den lange, mørke, hjarterå norske vinteren. Dei fleste betaler med glede for ei slik ordning, for alternativet er å ikkje kome seg nokon stad i det heile utan å risikere liv og lemmer.

Diverre har eg gjennom min briljante gravejournalistikk avslørt at ikkje alle slike entreprenørar nøyer seg med berre pengar i byte mot tenestene sine. Enkelte aktørar veit å utnytte på det grovaste at folk ikkje klarer å halde ved like sin eigen eigedom eller tilkomstvegen frå eigedommen og ut til omverda.

(Sjå òg «Utfører hageservicenæringa oppdrag i byte mot seksuelle tenester?», publisert 26.november 2023.)

Mange av aktørane som tek på seg ansvaret for vintervedlikehald på private vegar, høyrer til den same nifse og lugubre gjengen av mannfolk som i sommarhalvåret utfører sokalla «hageservice» rundt omkring. Det er naturlegvis grenser for kor mykje hagearbeid ein kan utføre når snøen ligg metertjukk ute og den iskalde polarvinden får sjølv lyktestolpane til å hutre. For å spe på inntekta om vinteren får desse enkeltmannsføretaka tak i ein kjekk pick-up som dei festar plog og strø-/saltemaskin på, før dei køyrer rundt og gjer privatvegar framkomelege – mot eit aldri so lite vederlag. Dei veit nøyaktig kor mange hus på ruta si som har single damer, for mange av dei er jo allereie gode kundar gjennom «hageservicen». Akkurat som i sommarhalvåret, er det strenge soneinndelingar mellom dei ulike føretaka. Om de trur ein stubbefres kan gjere stor skade på ein menneskekropp, berre vent til de finn ut kva ein plog kan gjere med beina dykkar!

Som regel må damene berre gå med på å vidareføre «ordninga» til vinteren, for kva skal dei elles gjere når det er skøyteis heilt frå huset og ned i hovudvegen, og dei sjølve må kave på hålka med to skrikande, morgontrøytte ungar i tide til barnehage og jobb? Òg eldre enkjefruer må takke ja til dette «vintervedlikehaldet», og dei veit godt at nemnde vedlikehald ikkje berre gjeld tilkomstvegen til huset. Visse organ må haldast i aktivitet òg om vinteren, seier karen med plogen, før han med eit skummelt flir opnar opp buksesmekken.

Alternativet kan bli temmeleg makabert. Vi har alle høyrt skrekkhistorier om damer som i bratte bakkar har tryna og slått seg helselause, medan ungane har sklidd som curlingsteinar nedover den stupbratte bakken og lukt ut på den tett trafikkerte hovudvegen. Mang ein stakkars sjåfør har på denne måten gjort seg til drapsmann, og folk som stod og venta på bussen har nok fått både hjarte og tarminnhald opp i halsen. Like ille blir det om den stressa, livredde åleinemora rutsjar utfor med ein elbil ho har ingen kontroll over. Kollisjon og tap av menneskeliv er like sannsynleg der. Slikt eit scenario vil åleinemora øvst oppe i bakken unngå – om det so inneber å bli teken djupt og brutalt bakfrå midt på svarte natta. Dei godtek nederlaget og betaler «vederlaget».

Alder er absolutt inga hindring for innkrevjing av «skulda beløp». Hordar av gamle, skrøpelege enkjefruer har ramla på glatta og knekt det dei har av kroppsdelar, før dei vart frakta rett til Haukeland. Deira einaste fordel var at dei kom fyrst i operasjonskøa på grunn av langt framskriden alder. Dei mest uheldige av dei har diverre enda opp på sjukeheim i etterkant, der dei har møtt sin sikre død av sjukepleiarar med nifse kallenamn slik som «Morfin-Mona» eller «Midazolam-Merete». Takka vere instendige åtvaringar frå dei etterlatne til avdøde venninner, veit dei fleste enkjefruer at i slike obskøne utpressingssituasjonar er det betre å gå ned på kne, ta ut gebisset og opne kjeften; kort og greitt godta nederlaget og betale «vederlaget».

Med tårer i auga står åleinemora og held seg til den særs ømme bakenden. Enkjefrua tørker sæden vekk frå dei rynkete leppene, tomatraud i ansiktet. Begge står dei og ser på den upåklageleg brøytte og salta oppkøyrsla. Plogen køyrer av garde til neste «oppdrag». Desse mennene sit med bukta og begge endane. Du køddar ikkje med fyren som kjem høgste natt og brøyter vegen din!

Takka vere vinteren kan alle enkeltmannsføretaka òg utanfor sesongen møte frelsa i munnen på åleinemora «Line» (28) eller «enkjefru Johannessen» (84) øvst i bakken. Og når vårsola i bakkane blenkjer, veit alle damene at no er det berre tidsspørsmål før dei får førespurnader om hagearbeid, planering, legging av naturstein, støyping av terrasse eller hydraulisk sprenging. Takkar dei nei, veit dei kva som vil skje når vinteren og glatta kjem attende.

Kommenter innlegget