Sist helg, like etter den populære Thanksgiving, dukka ei ny «popstjerne» opp på X/Twitter. Vesenet har namnet Anna Indiana. Artistnamnet er truleg inspirert av namnet Hannah Montana frå 2000-talet (formelen her er eit namn som rimar på Hannah, pluss ein amerikansk delstat som etternamn; etternamnet rimar på førenamnet). Hannah Montana var òg ei fiktiv popstjerne, men spelt av mennesket Miley Cyrus. Anna Indiana syng ein song med tittelen «Betrayed by this Town». Anna Indiana er 100% skapt av kunstig intelligens (KI). X-kontoen dukka plutseleg opp, og har fått blanda kritikk på sosiale media. På kontoen står det (mi omsetjing):
«Hei, verd! Eg er Anna Indiana og er ein KI-singer-songwriter. Her er min fyrste song, Betrayed by this Town. Alt frå duren, tempoet, akkordrekkjefølgja, notane, rytmen, songtekstane og mitt bilete og synginga, er autogenerert ved hjelp av KI. Eg håper de likar det [hjarte].»
Songen kan sjåast (og høyrast) her.
InfoWars skriv:
«Forståeleg nok vart songen møtt av blanda kritikk, der enkelte kallar KI-artisten ein ‘styggedom’, og andre kritiserer den føreseielege, uoriginale durendringane og akkordrekkjefølgja og middelmåtige tekstar.»
Ein av X-brukarane konstaterer at jobbane til ekte songarar og låtskrivarar er trygge for no. Ein annan skriv at der ikkje er nok sjel i framføringa – bokstavleg tala. Ein tredje skriv at livet slik vi kjenner det er i ferd med å bli betydeleg meir aude og deprimerande, og at det her gjeld å stålsetje seg. Ein fjerde skriv at bokstavleg tala ingen bad om dette, ei heller ønskte det. Songstemma «hennar» blir skildra som ikkje særleg behageleg å lytte til. Ein femte samanliknar ho med jenteversjonen til skrekkfilm-dokka Chucky.
Saksyndig har sjølv lytta til låta, og det er tydeleg at det ikkje er eit ekte menneske som syng. Bakgrunnsmusikken har tydeleg preg av å vere kunstig, det høyrest ut som rytmeseksjonen til eit temmeleg billeg keyboard. Eg er på ingen måte overraska over at vi no har fått den tvilsame æra av å få verdas fyrste KI-artist. Perfeksjoneringa av musikk har gått føre seg i minst tjue år, og vokalar vart «perfeksjonerte» allereie på 90-talet ved bruk av AutoTune. Allereie på tidleg 2000-tal fanst der dataprogram som kunne få musikk som ikkje gjekk heilt i takt til å gå i takt. Kløktig og nitidig redigering og fleire tusen arbeidstimar gjorde det som i utgangspunktet var eit elendig band eller talentlaus artist til å høyrast ut som verdsmeistrar. Dette gjekk bra heilt til dei skulle opptre live. Eg vil her spesifikt trekkje fram Tone Damli som eit døme på ein artist som har blitt «arbeida opp» av eit team av studioteknikarar og dataekspertar til å høyrast temmeleg okay ut på studioinnspelingar. Live kan stemma hennar få mjølk til å syrne.
Høyrer ein på musikkinnspelingar frå 1960- og 70-talet er ikkje absolutt alt 100% perfekt – men so var òg alt på den tida spelt inn 100% analogt, altso utan bruk av dyre dataprogram som redigerte vekk alle feil. Musikkindustrien kom i løpet av 90-talet, då betre og betre datateknologi vart implementert i lydstudioa til dei største plateselskapa, at feil ikkje skulle tolererast. No, på 2020-talet, er den uunngåelege konsekvensen at sjølve det menneskelege aspektet bokstavleg tala har blitt fjerna frå musikken.
Har ekte musikarar legitim grunn til å frykte å misse oppdrag og inntekt på grunn av denne automatiseringa? Ekte musikarar har i mange år ikkje livnært seg av plateinntekter, men av konsertar, der nokon utan talent straks blir avslørt av det kresne publikummet.
Heldigvis ser ingen ut til å like Anna Indiana. Folket har talt, men lite tydar so langt på at musikkindustrien har tenkt å høyre på folket denne gongen. Big Music vil skape stjerner ut av ingenting og hauste enormt med profitt frå den hjernevaska saueflokken – etter instruksar frå sine eigarar i den verdsomspennande, sataniske eliten. Dette passar perfekt inn i planane deira om å gjere so mange menneske som mogleg om til nyttelause etarar.
