Filmen «Shot Dead» fortel hjarteskjerande historier om barn som døydde etter covid-injeksjon

Ein ny film om unge som døydde etter å ha blitt «vaksinert» mot covid-19 har no sett dagens lys. Der blir den stygge sanninga om Operasjon Warp Speed avslørt, den sanninga som den grådige legemiddelindustrien ikkje vil at folk skal finne ut av. Filmen, som har tittelen Shot Dead, hadde premiere 9.november 2023 i byen Tulsa i delstaten Oklahoma, og er sentrert rundt dødsfallet til 18-åringen Trista som døydde eit år tidlegare, 9.november 2022, berre nokre få månader etter at ho fekk sprøytene for å «beskytte» seg mot dette påstått dødelege og farlege kinaviruset. Dette melder Natural News.

den offisielle nettsida til filmen står det (mi omsetjing): «Dette er filmen vi ønskjer vi ikkje måtte lage. Men dette er ein film alle må sjå. For fyrste gong nokosinne, høyr historiene om covid-sprøytedødsfall fortalt av foreldra som miste barna sine.»

Ethan Huff i Natural News skriv:

«Filmen tek fram i lyset og ærer dei mange ufortalde historiene om unge amerikanarar som fekk liva sine tragisk forkorta som eit resultat av covid-sprøytene, som vart sleppte laus av Trump-regimet seint i 2020 gjennom Operasjon Warp Speed.

Desse sprøytene vart promoterte av både Demokratar og Republikanarar som ‘trygge og effektive’ for å hindre alvorleg infeksjon med covid, men der er null evidens som støttar desse påstandane – og rikeleg med evidens for det motsette.

Food and Drug Administration (DFA) naudbruksgodkjende [emergency use authorization, forkorta EUA; oms.an.] tidleg injeksjonane, og godkjende seinare enkelte av dei. Som eit resultat er no millionar av menneske døde, eller lid av biverknader slik som myokarditt.

‘Shot Dead’ fokuserer hovudsakleg på familiar som fram til no ikkje har stått fram for å fortelje historiene sine. Kanskje på grunn av frykt eller audmjuking har mange av dei valt å liggje lågt, men no snakkar dei ut på vegner av barna sine og andre slik som dei sjølve som leid og døydde fånyttes.

Føremålet til ‘Shot Dead’ er å fortelje sanninga til so mange som mogleg ‘slik at dette ikkje skjer med eitt einaste barn til’.

‘Dette er den fyrste filmen som fokuserer på det djupt personlege aspektet til øydelegginga som sprøytene og påboda forårsaka, slik det blir fortalt av familiar som miste ein av sine kjære,’ står det i ei skildring av filmen.

‘Denne filmen vil få deg til å gråte. Denne filmen vil få deg til å tenkje. Og denne filmen vil få deg til å gå til handling for barn overalt.’

I filmen blir foreldra til Trista, Allen og Taylor Martin, intervjua, og det blir òg Ernesto Ramirez, faren til den no avlidne 17-åringen Ernesto Ramirez, som tok sprøytene og betalte prisen.

Eit tredje offer, ein nyfødd baby ved namn Naomi som døydde berre 11 timar etter fødselen på grunn av manglande utvikling av lungene, er òg med i filmen gjennom mora Victoria. Naomi sine besteforeldre, Jeff og Rhonda White, er òg med i filmen, akkurat som systera til Naomi, Piper.

‘Både Trista og Ernesto fekk sjølv sprøytene medan Naomi vart råka av biverknadene av den som mora fekk i løpet av det fyrste trimesteret,’ rapporterer LifeSiteNews.

‘I tillegg til familiane til offera intervjuar filmen fleire medisinske profesjonelle som kjem med større kontekst når det gjeld samanhengen mellom sprøytene og dei plutselege dødsfalla til barna.’

Desse medisinske profesjonelle inkluderer ein sjukepleiar på fødeavdeling, Michelle Gershman, hjarteekspert dr. Peter McCullough, og fødselslege og gynekolog dr. James Thorp. Alle desse tre ekspertane deler meiningane sine, basert på vitskap, om kva dei føler covid-injeksjonane har gjort med ungdommane i USA.»

Kommenter innlegget