Irar set opp vegsperringar rundt landsbyane sine for å hindre staten i å overvelde dei med busslaster av flyktningar

No meiner tydelegvis innbyggjarane i irske landsbyar at det er naudsynt å beskytte seg sjølve frå politikken til si eiga regjering. ReMix News melder at irane ute på landsbygda no set opp vegsperringar og sjekkpunkt rundt landsbyar for å hindre asylsøkjarar frå å bli frakta inn. Kan folket seie tydelegare i frå at dei ikkje ønskjer å bli overvelda av migrantar?

ReMix News skriv (mi omsetjing):

«Innbyggjarar i Dromahair i County Leitrim tok det drastiske tiltaket å sperre av landsbyen fredag [24.november 2023] etter at der gjekk rykte om at Integrasjonsdepartementet hadde planar om å frakte dusinvis av utlendingar med buss inn utan å ha gjort avtale med leiarane i lokalsamfunnet.

Ifølgje the Irish Examiner har tre sjekkpunkt blitt laga på innfartsvegane rundt landsbyen, og medlemmer av Dromahair Concerned Residents Association [«foreining for bekymra innbyggjarar i Dromahair»] stod vakt ved vegsperringane og sjekka bilar som prøvde å køyre inn i området.

Demonstrantar har uttrykt misnøya si dei siste dagane over moglegheita for nye ankomstar bil landsbyen, og gjeve tryggleik og mettinga [overveldinga] av offentlege tenester som hovudbekymringsgrunnane.

Den irske regjeringa prøvde ikkje å busetje migrantane fredag, og landsbyforeininga bekrefta måndag [27.november] at dei hadde fått skrifteleg stadfesting frå integrasjonsminister Roderic O’Gorman at ingen nye migrantar ville bli busett i landsbyen utan tilstrekkjeleg engasjement blant dei lokale innbyggjarane.

Brevet vart sendt til organisasjonen etter det Integrasjonsdepartementet kallar eit ‘positivt’ møte sundag med dei lokale partimedlemmene Frank Feighan, Martin Kenny og Marian Harkin.

Staten har planar om å ombyggje Abbey Manor Hotel i landsbyen for å huse dusinvis av asylsøkjarar, men står overfor krass motstand, noko ein òg har sett i fleire andre småbyar og landsbyar rundt om i landet.

‘Dersom ein kontrakt blir inngått, håper ein at denne eigedommen kan bli teken i bruk. Kapasitet og konfigurasjon vil ikkje bli vedteke før forhandlingane er i siste stadium; derimot er det venta at kapasiteten vil bli om lag 155 personar,’ sa ein statleg talsperson tidlegare.

Ein har sett liknande scener i Rosslare Harbour der staten prøver å avlyse den planlagde renovasjonen av eit forlate hotell om til ein sjukeheim, til fordel for fasilitetar til hundrevis av ‘mannlege vaksne’ migrantar i ein landsby som allereie har teke imot sin del av flyktningar.

‘Mellom mengda av flyktningar som vi for tida har i Rosslare Harbour og det som er planlagt for Great Southern-staden, vil det innebere at denne landsbyen vil ha teke imot meir enn 700 flyktningar. Det vil leggje til om lag ein tredjedel til den innfødde, fastbuande befolkninga, utan at ekstra tenester eller provisjonar finn stad,’ sa den lokale landsbyrådsleiaren Ger Carthy tidlegare denne månaden.»

Irane ser ut til å ha fått nok, både over å bli overvelda av hordar av flyktningar, og av dei negative samfunnsmessige konsekvensane av denne ikkje-berekraftige og ressurskrevjande masseinnvandringa.

Kommenter innlegget