ReMix News melder at migrantar i heile Europa systematisk lyg om alderen sin for å unngå å bli sendt tilbake til heimlanda, og for å oppnå finansielle godar. I det franske departementet Marne (tilsvarande fylke i Noreg) har det blitt utført ei beintesting (testing av knoklar for å sjå om dei er ferdig utvaksne eller framleis i vekst, slik dei er hjå barn) av sokalla «mindreårige» migrantar. Heile 80% av dei vart avslørt å vere vaksne, sa parlamentsmedlem Charles de Courson. Han er medlem i senter-høgre-partiet Union for Demokratar og Uavhengige. Dette sa han under ein tale i den franske generalforsamlinga.
ReMix News skriv (mi omsetjing):
«‘Åtti prosent av einslege migrantar i Marne-departementet nordaust i Frankrike som erklærte seg mindreårige, er altso ikkje mindreårige,» sa de Courson i ein tale omsett av ReMix News. ‘Når ein ser tilbake, for oss, i mitt departement der vi har 240 (av dei), i etterkant av undersøkingane – meir eksast beinanalysar – har 80 prosent av dei vist seg å ikkje vere mindreårige’.
‘Eg lyt minne dykk på at Marne-departementet, som har rundt eitt prosent av befolkninga i Frankrike, er kostnadene knytt til å ivareta desse 160 (falske mindreårige) på 5000 euro [over 58 000 kroner; oms.an.] i månaden, altso 60 000 [701 000] i året (for kvar person). Og staten, etter at det har blitt avdekt at desse ‘mindreårige’ faktisk er vaksne, berre gjev oss tilbake delar av utlegga våre, som ikkje er i nærleiken av det vi faktisk har brukt,’ seier han.
Migrantar har eit betydeleg motiv for å lyge om alderen sin, sidan dei kan få tilgang til ei rekkje finansielle godar og, kanskje viktigast av alt, ikkje vil kunne bli deportert.
Den franske politikaren pressar på for at den føderale staten tek ansvar for migrantane, i staden for at dei lokale departementa skal gjere det, for dei er dårleg utstyrt til å handtere den finansielle børa dei representerer.
‘Altso ligg det verkelege problemet i den administrative organiseringa. (Det er eit faktum at) departementa har ansvar for einslege mindreårige og den føderale staten for resten, om eg får seie det slik. Vi må endre dette. Det ville ha vore logisk at den føderale regjeringa er kompetent for dei alle,’ la han til. ‘Ein vil ikkje lenger få dette skiljet mellom den føderale staten og departementa, og staten kan i sin tur utpeike departementet til å ivareta dei.’
‘Vi må bli kvitt denne dårlege administrative organiseringa med ei reform som vil seie at staten er ansvarleg for dei alle.’
Denne typen data er faktisk ikkje nytt i Frankrike. Som ReMix News tidlegare rapporterte, representerte algeriarar, marokkanarar og tunisiarar meir enn 75% av einslege mindreårige i Frankrike i 2019, og mange av dei kan faktisk vere vaksne, ifølgje ein parlamentarisk rapport.
Av dei tre nasjonane var algeriarar overveldande representert, for nesten 50% av einslege mindreårige kom frå den nasjonen.
I rapporten spesifiserte aktorane Rémy Heitz og Aude Groualle òg at eit stort tal vaksne utnyttar verneregimet som er garantert i ei lov frå 1945, og læst som dei er mindreårige.
Eit eksperiment utført av påtalestyresmakta sitt kontor i Paris i 2019, avslørte at i ei gruppe av 154 menneske som formelt var identifiserte som mindreårige, so var 141 av dei vaksne basert på medisinske undersøkingar, noko som representerte 91,6%.
Tilfelle der vaksne migrantar lyg om alderen er ikkje unik for Frankrike. Ein studie frå Belgia fann ut at 73% av ‘mindreårige migrantar’ faktisk var vaksne.
I Sverige var tala endå høgare, der 84% av ‘barnemigrantar’ som vart testa av svenske helsestyresmakter, faktisk viste seg å vere vaksne i 18-årsalderen og eldre, ifølgje ein reportasje frå BBC. [Reportasjen er frå desember 2017; oms.komm.]
Ifølgje ein studie frå Tyskland utført ved Institutt for etterforskingsmedisin i Münster, lyg ein stor del av mindreårige immigrantar om alderen sin. Medisinske etterforskingsspesialistar ved klinikken på universitetet undersøkte rundt 600 sokalla einslege mindreårige flyktningar der domstolane stilte spørsmål ved alderen deira. Instituttet avgjorde at rundt 40% av dei beviseleg var 18 år eller eldre. [Studien er frå 2014; oms.komm.]»
Det at so mange «mindreårige» migrantar lyg om alderen sin, kan vere forklaringa på fenomenet «skjeggebarn», som vi har sett ein god del av i Noreg i seinare år. Både her og i Sverige er ordet synonymt med vaksne menn som bløffar om alderen for å motta dei godane dei ikkje ville ha fått som vaksne flyktningar.
