Fransk ordførar snakka ut om innvandrarar som ikkje vil late seg integrere i lokalsamfunnet – vart truga med HALSHOGGING!

Den vesle franske byen Crépol vart 19.november 2023 åstad for eit rasemotivert drap då ein gjeng innvandrarungdommar stakk ned 16-åringen Thomas og skadde ni andre under eit vinterball. Dei hadde på førehand sagt at dei var ute etter å «stikke ned kvite». Ordføraren i småbyen Romans-sur-Isère i nærleiken, Marie-Hélène Thoraval, klaga til radiostasjonen Europe 1 at enkelte i lokalsamfunnet hennar «nekta kvar ei form for borgarskap og integrering». No har ho fått trugslar om halshogging i kjølvatnet av desse ytringane, melder ReMix News.

Dei skriv (mi omsetjing):

«I eit intervju med BRMTV torsdag [30.november], snakka den franske ordføraren med to anonyme oppringingar til sentralbordet på rådhuset onsdag morgon [dagen før], ‘med ein bodskap som var meir lik intimidering, der dei spurde meg om eg hadde ein Kalasjnikov heime og om eg hadde livvakter’.

‘Det skrudde seg opp eit hakk om ettermiddagen, då eg fekk ei privat melding på Instagram som spesifiserte at eg skulle halshoggast, at skallen min skulle bli sjonglert med, og at alt dette skulle skje innan ein månad,’ la ho til.

‘Desse er reelle dødstrugslar,’ sa Thoraval til kringkastaren, og avslørte at ho på grunn av naturen til meldingane hadde meldt dei til politiet. ‘I desse meldingane blir eg skildra som ein fascist. Eg kan førestille meg kor det kjem frå,’ la ho til.

Trass intimideringa, uttrykte Thoraval sitt ønske om å halde fram med å seie høgt det eg stille tenkjer. Det kjem eg til å halde fram med.’

Ho åtvara vidare at ‘der var ein før Thomas og der vil kome ein etter Thomas,’ og refererte til den franske tenåringen som miste livet i det rasemotiverte åtaket 19.november.

Ni menneske vart fyrst arrestert for si involvering i gjengåtaket. Reportasjar i franske media skreiv om bruken deira av arabiske skjellsord for kvite menneske medan dei stakk ned fleire festdeltakarar, før dei vart spora opp av politiet meir enn 400 kilometer unna i Tolouse, der ein meiner at dei prøvde å rømme frå landet.»

I ein annan ReMix News-artikkel åtvarar den tidlegare franske presidentkandidaten Marine Le Pen om at kriminalitet frå sentrale bydelar er i ferd med å spreie seg ut på den franske landsbygda, og at berre radikal endring kan slå tilbake denne bølgja av lovløyse i landet. Ho viser til nettopp Thomas-drapet:

‘Ein gutunge døydde under omstende som aldri burde ha eksistert […]. Denne tragedien korresponderer med kjensla mange franskmenn no føler: Ingen er trygge nokon stader. […] Ein ny terskel har blitt kryssa. Vi er vitne til eit organisert åtak, som osar frå eit visst tal kriminogene [sic] forstader der det finst væpna ‘militsar’ som utfører raid […]. Eg kjenner so mange ordførarar i småbyar som ikkje lenger organiserer landsbyfestivalar. Somme lid av plyndring og ekstern skade, som økonomisk skader desse beskjedne samfunna. Andre har alvorleg frykt for fysiske åtak […]. Alt dette antydar ei metodeform som blir gjenteken: åtak for åtaka sin del, byar som tener som bakbasar og, til slutt, forbløffinga til offentlege autoritetar som har ingen respons å kome med bortsett frå sin indignasjon og si medkjensle.»

Den konservative politikaren seier vidare:

«Nivå har blitt kryssa av delinkventar og kriminelle takka vere at dei som sit med makta har vore blinde, har vore for milde og mangla mot. Dersom de ikkje stoppar dei kriminelle, kjem dei ikkje til å stoppe […]. Ingen ønskjer å sjå realiteten so fort den involverer immigrasjon eller personar med immigrasjonsbakgrunn. Vi må setje namn på ting for å betre kunne kjempe mot dei. Vi er vitne til reelle avstraffingsraid på landsbyar utført av kriminelle utstyrt med knivvåpen […]. Lærarar, politibetjentar, ordførarar åtvarar oss: Der er eit absolutt sinnssjukt tal unge menneske som ber med seg våpen til alle tider.»

Hovudstraumsmedia i Frankrike held fram med å stikke hovudet i sanden når det gjeld innvandring, meiner Le Pen.

Kommenter innlegget