NRK skriv 1.desember om ein studie om pandemitiltak, der fem bufellesskap i Midt-Noreg vart undersøkt. Det er forskarar ved institutt for helse- og sjukepleiarvitskap og Senter for fedmeforsking på St. Olavs hospital som står bak studien. Ellen Margrete Iveland Ersfjord, postdoktor ved Universitetet i Agder, seier til NRK:
«Eg vil jo seie at det var eit brot på smittevernlova, men også eit brot på fleire av menneskerettane til personar med utviklingshemming.»
Leiarar og tilsette ved dei fem bufellesskapa har blitt intervjua av forskarane bak studien, og det viser seg at bebuarane i fire av dem fem bustadene vart isolerte. «Enten blei dei isolert i leilegheitene sine eller så blei ytterdør låst», som NRK skriv. «Dette blei gjort for å unngå at bebuarane skulle bli smitta av korona, men dette var ikkje i tråd med smittevernreglane.» Berre den sokalla «bustad nummer fem» var den som følgde smittevernreglane, seier Ersfjord.
Helsedirektoratet kom i april 2020, ein månad etter at Noreg vart ulovleg stengt ned, med ei pressemelding om at kommunar ikkje kunne innføre besøksforbod eller avgrensing i private heimar som personar med utviklingshemming leiger i bufellesskap. Dette skjedde diverre likevel:
«Denne informasjonen forsvann kanskje, sjølv om det blei publisert i Dagsavisen til dømes, seier Iveland Ersfjord.»
Situasjonen var ikkje unik for dei omtala bufellesskapa. Slik var det i Bergen kommune òg i 2020. Dottera til ein tidlegare kollega av meg var vikar i eit bufellesskap for multihandikappa personar med lett til djup utviklingshemming, og ifølgje dottera måtte dei vere i leilegheitene sine heile dagen kvar dag, og fekk aldri lov til å gå ut. Dei var visst nok ikkje ute av bufellesskapet frå mars 2020 og godt ut i 2021.
Under eit bilete av to av forskarane står det følgjande høgst urovekkjande tekst, som eg her delvis hevar ut enkelte ord i:
«Postdoktor Ellen Margrete Iveland Ersfjord (til høgre) og førsteamanuensis Hege Mari Johnsen har funnet ut at bebuarane var stengd inne fram til dei tilsette blei vaksinert.»
Denne informasjonen står ikkje andre stader i teksten, berre under dette biletet. For den er so skandaløs og inkriminerande at NRK neppe torde å skrive den andre stader, og håpe at lesarane ikkje skulle få det med seg. Lat denne søkkje inn, folkens. Bebuarane var innesperra og isolert heilt til alle i personalgruppa var fullvaksinerte. Altso måtte alle dei tilsette ta «vaksinen», elles ville bebuarane vere innesperra på ubestemt tid. Eg vil påstå at dei tilsette i den personalgruppa då ikkje hadde noko val i eit land der vaksine liksom skal vere friviljug. Er det «friviljug» dersom du må ta mRNA-injeksjonane for å «frigjere» bebuarane? Dei vart altso haldne som gissel rundt om i norske bufellesskap heilt til alle hadde teke dei to stikka.
Anekdoten om innesperra utviklingshemma i Bergen kommune blir òg støtta av funn i studien. Innesperring og isolering av psykisk utviklingshemma «blei gjort i utstrekt grad i Noreg» (mi utheving). Ersfjord viser her til rapportar frå Helsedirektoratet og Bufdir, der det kjem fram at om lag 70% av dei som bur i bemanna bufellesskap/butiltak har svart at dei i liten grad kunne ta i mot besøk. «Over halvparten har oppgitt at dei i liten grad kunne kontakte folk utanfor bustaden som stod de[i] nær.»
Statssekretær i Helse- og omsorgsdepartementet, Ellen Moen Rønning-Arnesen har følgjande å seie til NRK:
«Eg tek på det største alvoret at tenestene blei utfordra på kvalitet og tryggleik for denne brukargruppa.»
Å halde personar med utviklingshemming innesperra i månad etter måndag mot deira vilje, er utan tvil bruk av tvang. Jan Vaage, fylkeslegen i Trøndelag, seier heilt korrekt at tvang ikkje kan brukast utan vedtak frå Statsforvaltaren (tidlegare Fylkesmannen). Slik bruk av tvang er der strenge retningslinjer for, og dei er situasjonsbestemt. Tvang og makt skal berre brukast i tilfelle der det ville ha ført til betydeleg fare for liv og helse å ikkje bruke det. «Vaage seier at smitteverntiltak må stå i forhold til risiko og at bruk a[v] tvang må ha heimel i lova.»
Var covid-19 so «farleg» at norske bufellesskap måtte bryte menneskerettane og sperre inne psykisk utviklingshemma personar? Vaage ser ut til å svare eit indirekte ja: «Manglande pandemiberedskap i bufellesskap er eit læringspunkt etter covid-19 som både kommunen og staten må følgje opp.»
Utførde personalet ordrane utan å mukke? Hadde dei ingen motførestillingar mot denne ulovlege fridomsrøvinga? Studien antydar at der var somme protestar, men at «dei tilsette […] til slutt gav etter, sjølv om dei visste at nedstenginga var eit brot på menneskerettane.» Her kjem det inkriminerande elementet inn: Dei visste at det dei gjorde var gale, men dei gjorde det likevel!
I april 2022 sa enkelte av dei tilsette i dei fem undersøkte bufellesskapa at dei framleis såg etterverknader av fangenskapet hjå bebuarane, og for mange av dei hadde «pandemien» vore ei sterk psykisk påkjenning. Ersfjord konkluderer med at ein treng fleire studiar om forhold i helse- og omsorgstenesta under pandemien, og understrekar at «[f]unna i denne studien er svært alvorlege og viser at både brukarar og tilsette stod i svært krevjande situasjonar i denne perioden. […] Samtidig viser studien at fagfolk mange stader gjorde vurderingar etter lokale forhold, etter beste evne.»
Helse- og omsorgsdepartementet lover at dei er i gang med å undersøkje korleis ein skal jobbe betre med sårbare grupper når kriser oppstår. Dei tek alle ansvar ved å bli sitjande.
