Sjå òg «Varslar seier at covid-‘vaksinar’ har drepe over 20% av befolkninga i New Zealand», publisert 4.desember 2023.
Databaseadministratoren som går under namnet «Winston Smith» vart sundag 3.desember arrestert. Politiet gav grunnen «uautorisert avsløring og misbruk av data», og han er sikta for tilgang til eit datasystem for uærlege føremål. Dette melder Steigan, som deler ein X-video lagt ut av Steve Kirsch, der Liz Gunn, som intervjua Winston Smith nyleg, fortel om situasjonen. Der oppmodar Gunn den nye regjeringa om å gripe inn og gjere noko, og med dette skilje seg ut frå den tyranniske Ardern-regjeringa, som i si tid innførde nokre av verdas strengaste covid-restriksjonar i øystaten.
Winston Smith bør sjåast på som ein helt for å eksponere dei sjokkerande statlege dataa, og bør ikkje behandlast som ein forbrytar, seier ho vidare. Ho opplyser at heile verda no har retta auga sine mot New Zealand og kva dei skal gjere med denne tapre varslaren. Ho seier òg at brotsverka som Smith avdekte gjennom dataa, kan samanliknast med Watergate-skandalen tilbake på 1970-talet, og at dei er evidens for systematisk mord på befolkninga. Ikkje berre i New Zealand, men i alle vestlege land der «vaksinane» vart rulla ut. Dersom den nye regjeringa held fram tyranniet som fann stad under Ardern-regimet, er landet i farlege farvatn. Varslarane må setjast fri med éin gong.
Steigan skriv at Jan T. Voilaas skriv i ein kommentar:
«Mannen er altså ikke ‘autorisert’ til å offentliggjøre statistikkene han selv laget og som myndighetene selv har offentliggjort. Det er ‘misbruk av data’.
Jeg kan med andre ord ikke fortelle dere at SSB har offentliggjort at det i september og oktober 2023 døde henholdsvis 269 og 278 flere mennesker i Norge enn snittet var for de samme 2 månedene mellom 2016 og 2020. Jeg kan heller ikke fortelle dere ar det mellom 1/7-21 og 31/10-23 døde 9188 flere mennesker i Norge enn hva snittet var for tilsvarende periode fra 2016-2020. Det vil være ‘uautorisert offentliggjøring og misbruk av data’ som SSB allerede har offentliggjort.»
Den newzealandske staten har openbert fått panikk no når deira eigne data har blitt offentleggjort. Dette viser ei rekkje dødsfall som utan tvil kan knyttast til mRNA-injeksjonane, som New Zealand og alle andre vestlege regjeringar visste verken var «trygge» eller «effektive», og som hadde eit vell av farlege og dødelege biverknader. Er det nokon som burde bli arrestert, er det regjeringsmedlemmer og andre statlege aktørar både i New Zealand og i alle andre WHO-medlemsland. Dei er landssvikarar og mordarar.
