Advokat Tom Renz: Sanninga om «White Lung Disease»

Sokalla «kvite lunger» eller «kvitlungesjukdom» har i den siste tida fått ei viss merksemd i media, som Saksyndig nemnde nyleg. Advokat Tom Renz, ein viktig motstandar mot covid-hysteriet, har derimot ei anna oppfatning av denne tilstanden enn mange andre: Han meiner «White Lung Disease» er nonsens og ingenting anna enn skremselspropaganda og bedrageri. Grunnen til at han meiner det er at påstandane om ein «ny, farleg sjukdom» kjem frå nøyaktig den same gjengen som påstod at covid kom til å drepe alle, at munnbind hjelper, at sosial avstand er vitskap, og at «vaksinane» er trygge og effektive. Han stiller med rette spørsmålet: Bokstavleg tala alt dei har sagt dei siste fire åra er ei løgn, so kvifor skal de tru på ein løgnar?

«Kvite lunger» er ei form for pneumoni, altso lungebetennelse. Renz skriv (mi omsetjing):

«For det fyrste er pneumoni ein sjukdom, som tydar at det er ei samling av symptom. Symptoma blir forårsaka av ein eller annan underliggjande faktor. […] Konsensus-synet er at virus, bakteriar, og enkelte gonger miljøfaktorar kan forårsake pneumoni, der symptoma generelt oppstår av væske i lungene som kjem av dei underliggjande problema. Dette er temmeleg rett fram og krev inga vitskapleg forståing.»

CDC ramsar opp årsakene til pneumoni i dette vedlagte skjermbiletet: 1: ymse influensavirus, 2: respiratorisk-syncytialt virus (RS-virus) og 3: SARS-CoV-2. Vanlege årsaker til bakteriell pneumoni er pneumokokkar (Streptococcus pneumoniae) og Mycoplasma pneumoniae. Dei skil i tillegg mellom samfunnserverva pneumoni (som oppstår utanfor sjukehus-settinga), helseomsorgserverva pneumoni (som oppstår på helseføretak, inkludert sjukeheimar), og respirator-assosiert pneumoni (der nokon får sjukdommen etter å ha vore kopla til respirator).

Eg vil her føye til at CDC ikkje nemner aspirasjonspneumoni¸ som oppstår når mat eller drikke hamnar i lungene; pasienten pustar bokstavleg tala inn mat eller drikke, vanlegvis på grunn av dårlege svelgjerefleksar, og greier ikkje å hoste det opp igjen på grunn av svekt hosterefleks. Tilstanden kan derimot hamne innunder helseomsorgspneumoni, sidan aspirasjonspneumoni som regel opptrer i slike settingar.

Når det gjeld «kvite lunger», trekkjer Renz fram Mycoplasma pneumoniae som relevant. Denne pneumoni-typen fell inn under kategorien atypisk pneumoni, vist i dette skjermbiletet frå CDC. Sjølv om dei er atypiske, er dei ikkje uvanlege. Renz skriv:

«Atypisk pneumoni har somme annleis karakteristikkar enn ‘typiske pneumoniar’, som det at dei framstår annleis på røntgenbilete av brystkassen enn typisk pneumoni. Medan det ikkje blir nemnt her, er forståinga mi at ein på ein brystkasse-røntgen ser meir kvitt i lungene… òg kjent som ‘White Lung Disease’ (som er ein ny og oppdikta terminologi for å skremme folk).»

Han trekkjer fram dette skjermbiletet og skriv:

«Her ser vi at Mycoplasma pneumoniae er ein av desse atypiske typane av pneumoni som forårsakar ‘kvitlungesjukdom’-røntgenbilete. Vi ser òg at denne typisk er ‘mild’, og at den òg er kjent som ‘walking pneumonia’ [«gåande pneumoni»] (som høyrest vesentleg mindre skremmande ut enn kvitlungesjukdom). No, lat oss snu dette tilbake til problemet som ingen ønskjer å snakke om.»

Han trekkjer fram eit bilete frå Pfizer sine biverknadsrapportar for mRNA-injeksjonane, og skriv:

«Der ser ut til å vere eit årsaksforhold mellom mRNA (faktisk modRNA)-vaksinane og Mycoplasma pneumonia. Mi beste gjetting er at dette er fordi piggproteina som kroppen din lagar etter å ha blitt injisert med covid-sprøyta går til åtak på lungene dine på same måten som covid gjer… pigg[proteinet] er det same patogenet hjå begge. Eg vil understreke at eg ikkje er ein vitskapsmann, men eg ville gjerne ha fått nokon til å gje meg den verkelege forklaringa på kvifor pigg[proteinet] er farleg i covid og ikkje i vaksinane (realiteten er at det er farleg i begge). Sidan eg ikkje forventar at dette vil skje, stiller eg meg bak denne konklusjonen.

Auken av gåande pneumoni (den superskremmande kvitlungesjukdommen) er på grunn av covid-sprøytene. Dersom du fekk sprøyta eller influensasprøytene som har covid-sprøytene blanda i seg, har du truleg større fare for luftvegssjukdom enn du elles ville ha hatt. Eg har sagt dette sidan sommaren 2021 – ta sprøyta, få covid og deretter hald fram med å få covid. Dette er ikkje ei overrasking, det er ikkje uventa, og det faktum at dei kastar dette mot veggen akkurat i tide for 2024-valet, burde vere nok til å fortelje dykk alt de treng å vete om dette. Det einaste spørsmålet er om vi er dumme nok til å falle for det igjen. […]»

Kommenter innlegget