LifeSite News melder: Ted Macie er løytnant i Den amerikanske marinen sitt medisinske tenestekorps (U.S. Navy Medical Service Corps), og tener i tillegg som ein helseadministrator og medisinsk rekrutterar. Kona hans Mara Macie stiller som kandidat for Kongressen i Florida sitt Femte distrikt. Dei har begge snakka ut om covid-sprøytepåbodet i Pentagon og korleis dei har behandla tenestedyktige medlemmer som har protestert.
Tidlegare eksponerte data frå Pentagons Defense Medical Epidemiology Database (DMED) viser at ein i 2021 såg ein drastisk auke i ei rekkje diagnosar for alvorlege medisinske tilstandar over det tidlege femårssnittet, «inkludert høgt blodtrykk (2181% [auke]), nevrologiske tilstandar (1048%), multippel sklerose (680%), Guillain-Barré-syndrom (551%), brystkreft (487%), kvinneleg infertilitet (472%), lungeembolisme [blodpropp i lungene] (468%), migrenar (452%), eggstokk-dysfunksjon (437%), testikkelkreft (369%) og takykardi [rask hjarteaktivitet] (302%) [sitat frå nemnde artikkel; mi omsetjing]».
Dette har altso vore kjent for både den føderale regjeringa og Pentagon sidan 2021, og likevel har dei tvinga soldatar til å late seg injisere. Gilbert Cisneros jr., under-forsvarsministeren for Personell & Readiness (personale og beredskap) erkjente i eit brev i juli 2023 at DMED-dataa var autentiske. Det var dette brevet løytnant Macie siterte i ein video som han lasta opp på sosiale media.
Pentagon-dataa vart fyrst eksponert i januar 2022 av advokat Thomas Renz under ei høyring relatert til mRNA-injeksjonane arrangert av senator Ron Johnson, republikanar frå delstaten Wisconsin. Peter Graves, talsmann for Defense Health Agency’s Armed Forces Surveillance Division («overvakingsdivisjon for væpna styrkar i forsvarshelsebyrået») prøvde å avfeie kor betydelege dataa var ved å hevde at ein særs passande tima «datakorrupsjonsfeil» fekk tala frå før 2021 til å sjå mindre ut enn dei faktiske tala tilfelle for dei åra. Dei sokalla «faktasjekkarane» i PolitiFact tok dette for god fisk.
LifeSiteNews skriv:
«I sitt juli-brev til senator Johnson, erkjende Cisneros at Pentagon-tenestepersonar sine forsøk på å gjenskape analysen til varslaren avdekte ‘liknande’ resultat, men argumenterte at årsaka ‘var meir sannsynleg å vere infeksjon og ikkje covid-19-vaksinasjon’. Derimot merkte Johnson seg at den analysen ikkje inkluderte data for medlemmer som var både vaksinerte og smitta, noko som fekk under-forsvarsministeren til å innrømme at dataa var ufullstendige.»
Løytnant Macie sa at han samanlikna femårssnittet med 2022, og han tok berre med pilotar og helikopterpilotar som var i aktiv teneste: «Han fann større aukar i fleire hjarterelaterte plagar over det tidlege femårssnittet, inkludert høgt blodtrykk (36% [auke]), iskemisk hjartesjukdom (69%), hjarte- og lungesjukdom (62%), hjartesvikt (973% [!]), kardiomyopati [hjartemuskelsjukdom] (152%), og andre ikkje-spesifiserte hjartesjukdommar (63%).»
Løytnant Macie fortalde nettavisa The Gateway Pundit at reaksjonane til tenestepersonar i marinen har vore so som so, og at dei nektar for at noko skjer. Han la òg til at Kongressen har vore skremmande likegyldige. Kona hans Mara Macie skreiv på X (Twitter) at «der er ein fullstendig mangel på tillit overfor den militære ‘leiinga’ blant dei som ikkje berre vart ufriviljug skilde, men òg dei som gjekk av (inkludert like før pensjonsavgang), dei som kjempa frå innsida, men som vart nekta forfremjing, dei som ikkje ville ta sprøytene, men som vart tvinga, og vi familiemedlemmer som har blitt fortalt at samfunnet vårt si mentale og fysiske helse er viktig for den påståtte leiinga.»
Fru Macie skriv vidare:
«Ansvarleggjering er det einaste svaret. Kvar einaste stemme av tenestemedlemmer som leid på grunn av desse ULOVLEGE påboda, burde bli høyrt framfor Kongressen. Kvar einaste militære ‘leiar’ som vart informert av tenestemedlemmer som presenterte dei lova, og likevel ikkje gjorde noko, burde bli etterforska heilt til vi får fjerna alle dei som sette karrierane sine over den mentale og fysiske tryggleiken til tenestmedlemmene våre og deira familiar.»
Ho skreiv òg at dersom ho blir valt til Kongressen, skal ho syte føre at der skjer ansvarleggjering av desse ‘leiarane’.
So langt har den føderale regjeringa vore særs uinteressert i å etterforske alle dei skadelege biverknadene av covid-«vaksinane». Leiarane i Pentagon innførde etter ordre frå den illegitime «president» Joe Biden vaksinepåbod for alle tilsette, noko som resulterte i nesten 40 søksmål, og som har ført til omfattande mangel på soldatar og pilotar i det amerikanske militæret.
(Sjå òg «Den amerikanske hæren sparka fyrst uvaksinerte soldatar ut – no tryglar hæren dei om å kome tilbake», publisert 20.november 2023, og «Amerikanske soldatar som vart straffa for å nekte covid-‘vaksinar’ SAKSØKJER Biden for tapt inntekt», publisert 24.november 2023.)
