Tysdag 5.desember 2023 vart New Zealand-varslar Barry Young, som før sin arrestasjon gjekk under pseudonymet «Winston Smith», intervjua av Alex Jones saman med Steve Kirsch. Bakgrunnen er at Young offentleggjorde statlege data som viste at enkelte av vaksinepartia hadde ein dødelegheitsprosent på meir enn 20%. Dette førde til at han vart arrestert for «uautorisert avsløring og misbruk av data».
(Sjå òg «Varslar seier at covid-‘vaksinar’ har drepe over 20% av befolkninga i New Zealand», og «New Zealand-varslar arrestert for ‘uautorisert avsløring og misbruk av data’», begge publisert 4.desember 2023.)
InfoWars, nettstaden til Alex Jones, skriv (mi omsetjing):
«Young fortalde Jones om bakgrunnen sin som database-administrator i IT-departement, og korleis dette hjelpte han når det gjaldt det å undersøkje covid-data.
I sitt arbeid for den newzealandske regjeringa hadde Young tilgang til all den informasjonen han trong for å etterforske dødsfall og skadar relatert til covid-sprøytene.
Varslaren sa òg at han ikkje er mot vaksinar, og spelte faktisk ei rolle i å fremje den fyrste utrullinga av sprøytene.
Då mRNA-‘vaksinane’ vart pressa på verda, alarmerte dataa Young raskt om at noko ikkje stemte.
‘Eg såg nokre verkeleg svære tryggleikssignal,’ sa han om statistikken. ‘Statistisk er det umogleg at det ikkje drep menneske.’
Jones skildra korleis Big Pharma-selskapa visste at sprøytene ikkje fungerte og kom til å skade menneske før utrullinga av proppsprøytene, og spurde Young kvifor det medisinske etablissementet ville gjennomføre utsleppet av mRNA-teknologien.
Young peikte ut korleis selskapa ikkje berre fremjar sprøytene, men at dei òg går etter alle på innsida som prøver å slå alarm om dei potensielle farane, og kravde at meir etterforsking av konserna finn stad.
Då Jones spurde om augneblinken då han vart arrestert, sa New Zealand-varslaren at han ‘nesten skeit i buksa’ då ein skvadron på åtte politibetjentar kom heim til han ‘akkurat som Gestapo’.
Politiet ransaka heimen til Young og tømde til og med trusene til kona hans utover golvet som ein slags forskrudd intimideringstaktikk.
New Zealand-mannen er generelt optimistisk over det massivet talet på menneske som vaknar opp til covid-bløffen over heile verda, og håper han vil oppmuntre fleire i nøkkelposisjonar til å avsløre livsviktig informasjon til folket.»
Ein diskusjon med advokat og journalist Liz Gunn og Steve Kirsch om arrestasjonen til Young og funna hans kan sjåast her.
Meir informasjon om arrestasjonen av Barry Young kan sjåast her.
Young vart raskt sleppt ut av varetekt. Beskjeden han gav i etterkant kan sjåast her.
Den originale varslarreportasjen med Young og Gunn kan sjåast her.
