Amerikanske National Center for Health Statistics (NCHS) gjekk gjennom meir enn 99% av alle amerikanske registreringar av dødsfall i 2022, og dette viste, per 6.august 2023, at nesten 50 000 menneske i USA tok livet av seg. Dette talet er tre prosent høgare enn dei 48 183 som gjennomførde sjølvmord i 2021. Dette melder Natural News, og dei skriv (mi omsetjing):
«Sjølvmordsraten auka med éin prosent i 2022 til meir enn 14,3 dødsfall per 100 000 frå 14,1 dødsfall per 100 000 i 2021 – noko som gjer dette til ‘det høgste talet som nokosinne er registrert’ sidan NCHS byrja å samle statistikk i 1941.
Forskarane i byrået merkte seg at det endelege sjølvmordstalet [for 2022] sannsynlegvis vil bli høgare, sidan dødsattestar der ein ventar på dødsårsaken(e) typisk krev etterforsking av omstende rundt dødsfalla før ein avgjer at årsaka er sjølvmord.
Sjølvmord hjå menn auka med to prosent frå 38 358 i 2021 til 39 255 i 2022, medan sjølvmord hjå kvinner auka med fire prosent frå 9825 i 2021 til 10 194 i 2022. Det førebelse talet sjølvmord hjå menn var nesten fire gonger so høgt som talet på sjølvmord hjå kvinner.
Sjølvmordsratar for alle aldersgrupper 35 år og eldre auka frå tre prosent i 2021 til ni prosent i 2022 – med betydeleg auke blant dei i alderen 35 til 44 (frå 18,1 til 18,7); dei i alderen 45 til 54 (frå 18,2 til 19,2); dei i alderen 55 til 64 (frå 17 til 18,5); og dei i alderen 75 og oppover (frå 20,3 til 21,3).
I kontrast til dette gjekk sjølvmordsratane for alle aldersgrupper 10 til 34 år ned frå 2021 til 2022 – dei i alderen 10 til 14 (med 18%); dei i alderen 15 til 25 (med ni prosent); og dei i alderen 25 til 34 (med to prosent). Forfattarane peikte ut at dette såg ut til å vere dei einaste gode nyheitene i rapporten som vart offentleggjort av National Vital Statistics System.
Dei fleste aldersgrupper av menn 35 og eldre opplevde ein auke, med betydelege skilnader blant dei i alderen 45 til 54 og 55 til 64. Alle aldersgrupper for kvinner 25 og eldre opplevde ein auke – med ein betydeleg auke for dei i alderen 25 til 34.»
Nok ein gong er årsaka «pandemien», og dei øydeleggjande effektane dei uvitskaplege tiltaka hadde på privatlivet og samfunnet. Mange følte seg redde, einsame og sosialt isolerte. Med psykolog dr. Jeffrey Leichter ved Sanford Health sine ord: «Der var ei stor rift i økonomihelsa vår og den sosiale veven, og vi opplever framleis etterverknadene av den.»
Ekspertar meiner at ein stadig aukande mangel på helsepersonell og smugling av ulovlege rusmiddel, har vore med på å utløyse auken i sjølvmord. Føderale data viser at halvparten av amerikanarar bur i eit område utan tilgang til psykisk helsehjelp.
Som respons på denne mentalhelse- og sjølvmordskrisa har Department of Health and Human Services (HHS) si underavdeling Substance Abuse and Mental Health Services, lansert den sokalla 988 Suicide and Crisis Lifeline, som er eit nummer dei med sjølvmordstankar kan ringje for å få råd og rettleiing. Sidan lanseringa har denne sentralen motteke rundt sju millionar samtalar, chattar og tekstmeldingar – 500 000 berre i september åleine.
Statistikken reflekterer eit mørkt fenomen som «pandemien» har forårsaka: Når du plutseleg misser levebrødet på grunn av nedstengingar, blir skremt frå sans og samling av eit påstått dødeleg virus, når du blir tvinga til å isolere deg og dekkje til ansiktet med eit giftig munnbind kvar gong du skal ut, og når du i tillegg blir tvinga til å ta ein dødeleg injeksjon som øydelegg helsa di – er det då rart at mange ikkje greier meir? Desse er alle offer for den torturen som har blitt påført dei av vondsinna aktørar som ser på «bermen» som irriterande insekt som må utryddast.
