Inka Füllmich fortel kva som skjedde med ho og ektemannen Reiner i Mexico

Sjå òg «Har ‘nokon’ snakka saman? Advokat Reiner Füllmich ARRESTERT av globalistkabalen», publisert 18.oktober 2023, og «Arrestasjonen av Reiner Füllmich var grundig planlagt og utført av hans fiendar», publisert 20.oktober 2023.

Den distingverte advokaten Reiner Füllmich har i skrivande stund sete i fengsel i seks veker etter at han i praksis vart kidnappa av tyske styresmakter då han og kona var på ferie i Mexico. Han er i uavhengige media kjent for sin Koronaetterforskingskomité, som han leia saman med tidlegare samarbeidspartner Viviane Fischer. Dei avdekte saman med ei rekkje ekspertar og informantar at covid-«pandemien» var ein global operasjon utført av eliten (kalla «mister Global» av Füllmich). Hovudstraumsmedia avviste dette som ein konspirasjonsteori, inkludert Faktisk.no.

Kjernen i saka til Füllmich er at påtalekontoret i den tyske byen Göttingen har skulda Füllmich for å forsyne seg av midlar tiltenkt koronaetterforskingskomiteen hans, og at han mellom anna skal ha overført pengar til dei private bankkontoane til kona Inka. 3.desember 2023 publiserte Roger Bittel ei helsing frå Füllmich, der advokaten seier at han etter omstenda har det bra. Han skriv at skuldingane mot han er meint å skade både hans internasjonale rykte som advokat, og han som person. Saman med teamet sitt skal han syte føre at den fulle sanninga kjem fram i lyset, og at dei som har gjort dette blir rettferdig dømt for det. Han skal seinare forklare bakgrunnen for dette «meksikanske plottet», og korleis pengane han og kona fekk for å selje huset sitt rett og slett vart stolne frå dei. Ei engelskspråkleg omsetjing av helsinga kan lesast her.

Inka Füllmich, kona til Reiner, vart nyleg intervjua. Der fortalde ho kva som skjedde med ho og ektemannen i Mexico. Ei engelskspråkleg omsetjing kan lesast her. Både helsinga frå Reiner og Inka si historie er henta frå nettstaden The Exposé. Ho fortel (mi omsetjing):

«12.oktober flaug Reiner og eg til Tijuana for å hente passa og visuma våre. Dette hadde blitt arrangert av konsulatet. Vi skulle eigentleg møtast på flyplassen av konsulen. Her er kva som skjedde.

Eg sat tilfeldigvis i andre rad framme i flyet. Reiner sit bak. So eg kjem meg av flyet temmeleg raskt. Der står seks uniformerte menn ved gaten. Fire menn frå Nasjonalgarden og to menn frå immigrasjonsstyresmaktene. Dei lèt meg passere nesten utan å sjå på meg. eg har det sprøe håpet om at dei ikkje står der og ventar på oss. Kanskje nokon med narkotika eller liknande.

Eg står litt til éi side og ventar, med hjartet i halsen. Ingenting kan skje, tenkjer eg. Vi er trygge her. Vi har ein avtale med konsulen direkte på flyplassen. Alt har blitt offisielt rapportert og planlagt.

So fort Reiner kjem ut av gaten, byrjar dei uniformerte mennene å bevege på seg, dei ser ut til å ha eit bilete av han. Dei går mot han og eg veit. Ingenting er det same no. No har det skjedd. Det er ingenting eg kan gjere.

Dei kjem alle saman mot meg òg, vi blir utan eit ord førde inn til immigrasjonskontoret. Vi ventar. Eg rakk akkurat å ta ein telefonsamtale før ein mann seier: ‘Der er noko gale med visuma dykkar. Vi tek dykk til hovudkontoret no.’

Våre forklaringar om at vi skulle få nye pass her og at alt er i orden, er ikkje av interesse. Med blålys på køyretøyet og eit andre eskortekøyretøy, blir vi køyrde gjennom trafikkorken til andre enden av byen, der tenestepersonar allereie ventar på oss.

Alle personlege eigendelar vart tekne frå oss utan forklaring. I tillegg er der fingeravtrykk og signaturar på fleire papir på spansk. Ingen tolk. Vi ber om å få ringje ambassaden i eit siste forsøk på å klargjere situasjonen.

Samtalen bekreftar at ingenting her skjer tilfeldig. Ein tolk kjem og forklarer at der er eit problem i Tyskland. Dei vil ta ektemannen min til Mexico City med éin gong, og han vil bli flogen med følgje derifrå til Tyskland.

Dei snakkar ikkje meir om pass og visum. Vi får lov til å seie eit kort farvel til kvarandre, og so er han plutseleg vekke. Kva er det som skjer her? Og der er ingenting eg kan gjere. Eit digert rom. Ein mann med handjarn og masse tatoveringar blir ført vekk. Eg går med ein lett kjole og sandalar. Tolken seier til meg at eg skal bli her for no. Ei kvinne tek meg inn i cella og eg går i sirklar på kalde, grå fliser.

Der er eit kamera i taket, ei vassflaske med ein pappkopp, ein gummimadrass på det skitne golvet, eit tynt teppe til natta, tannkrem, men ingen vaskeservant, eit metalltoalett, som er tett og renn over.

Etter nokre timar kjem ei vakt og seier at eg skal sleppast fri neste dag, og etterlèt seg eit brett med mat. Eg tenkjer: betre enn på eit tysk sjukehus, og eg er litt letta. Berre hald ut, alt vil bli ordna opp i, og alt vil bli bra igjen! Det blir rolegare gjennom natta. Pusteøvingar. Eit fjernsyn står på. Det er kaldt. Nye arrestantar kjem frå tid til anna, plukka opp på grensa.

Færre og færre flyktar frå Mexico til USA. På veggane heng der namn på menneske frå Georgia, Brasil og Venezuela.

Då dørene smell, skvett eg, redd for at døra mi vil bli opna. Neste morgon ventar eg på å bli sleppt fri. Etter to timar spør eg, og nokon seier: om ettermiddagen. Det er ettermiddag. Maten for kvelden blir levert. Vakta seier: Hei, tyskar, du må ete. For oss meksikanarar er ein full mage særs viktig. Då grin eg – plutseleg misser eg håpet.

Men etter ei stund lyd det stemmer ved hovudinngangen. Sjefen kjem tilbaker frå jobb den kvelden. Særs høfleg, personleg, nesten orsakande. Eg blir teken frå cella. ‘Du kan gå no.’

Eg signerer på papir igjen. Dei viser meg eit bilete av ektemannen min på flyplassen i Mexico City. I handjarn mellom to menn. Han ser so trøytt ut. Då kan eg gå. Og berre no, fire veker seinare, er eg i stand til å skrive om det. Desse tinga skjer no med so mange menneske. Det er notida vår. Svik? Injuriar? Medskuld?

Kjærleik, håp og velsigning for alle menneske som er og forblir sterke, som er der for andre og støttar dei.

Eg vil nytte høvet til å takke alle dei som har følgt oss i tre år, som har skrive til oss og delt sine bekymringar og frykt, og som reiste seg og rett og slett ikkje stoppar.

Tusen takk skal de ha,

Inka.»

Kommenter innlegget