Natural News melder at Maria Leptin, presidenten EU sitt europeiske forskingsråd, har «teke ein sjokkerande ståstad når det gjeld covid-19-vaksinar» ved å seie at regjeringar ikkje burde forklare vitskapen, og rett og slett satse på at militære og religiøse leiarar sikrar seg at befolkninga blir injiserte, same kva dei føler om det. Det er med andre ord ikkje lenger nok å «stole på vitskapen», no skal militærmakt og religion inn i biletet; «de skal ikkje lenger stole på oss, de skal tru på oss!». Natural News skriv vidare (mi omsetjing):
«Leptin, som òg er bidragsytar til World Economic Forum-agendaen, sa at det å forklare kvifor folk burde ta sprøytene viste seg å vere mislykka under koronavirus-pandemien, so der er behov for ei annleis og meir maktprega tilnærming.
I eit panel som òg inkluderte den tidlegare adm.dir. i Bill Gates sitt GAVI, The Vaccine Alliance og medskapar av COVAX, Seth F. Berkley; Shyam Bisen i World Executive Forum sin Executive Committee; og adm.dir. i Moderna, Stephane Bancel, la Leptin ut om kvifor ho trur at der ikkje er noko poeng i å forklare vaksinar til folket, og at å tvinge dei til å ta desse eksperimentelle sprøytene på eit eller anna vis er ein betre metode.
Naturlegvis ville det å forklare ‘vitskapen’ riktig nok ha inspirert fleire til å ta sprøyta, dersom vitskapen viste at vaksinane var både fullstendig trygge og heilt effektive i å hindre overføringa av den sjukdommen dei er meint å beskytte mot. Dersom covid-19-vaksinar faktisk heldt løftet om tryggleik og effektivitet, ville ‘vitskapen’ halde seg, og folk ville meir enn gjerne late seg injisere.
Uheldigvis veit vi alle no at ikkje berre har den noverande avlinga av covid-19-vaksinar mislykkast i å hindre sjukdommen i å spreie seg, men dei kjem òg med ein bråte biverknader, der somme av dei er potensielt dødelege. So i den tydinga kan det verke som om Leptin har rett: å forklare ‘vitskapen’ bak desse sprøytene kjem til å få folk til å springe i motsett retning, og det med rette.»
All den ekte vitskapen som til no er samla av forskarar, legar og ekspertar som ikkje er kjøpt og betalt av Big Pharma seier at covid-19-«vaksinane» er dei farlegaste og dødelegaste legemidla som nokosinne har blitt sleppt laus på verdas befolkning. Folk har fått øydelagt livet og helsa si, og dei som nekta å ta covid-19-«vaksinane» har ofte mist jobbane sine og fått sitt gode namn og rykte sverta – spesielt innan helsesektoren, men òg (som i USA) innan militær og forsvar.
I artikkelen står det vidare:
«Dette etterlèt makt som det einaste valet på bordet. Leptin peikte ut at landa som erfarte den høgaste prosenten av covid-19-vaksinar var dei som brukte tung tvang, og der regjeringane ikkje kasta vekk tid på å ‘få borgarane sine til å prøve å forstå vitskapen’.
Ho brukte det sørasiatiske landet Bhutan som eit døme. Ho sa at dei brukte påverknaden av det ‘religiøse etablissementet’ der for å manipulere befolkninga til å ta sprøyta. […]
Eit anna døme ho siterte, var Portugal, der ho sa at vaksinasjonskampanjen vart overlaten til ein pensjonert general frå hæren:
‘Og generalen frå hæren behandla rett og slett landet som soldatane sine […]. Han erklærte det som ein krig som landet, i patriotisk pasjon, skulle kjempe mot saman. Og eg trur faktisk at dei var leiande i Europa, om ikkje i verda.’
Ho la til: ‘So, ingen vitskap. Lat oss hugse det.’
Ifølgje AP [Associated Press], kom admiral Henrique Gouveia e Melo med ingen orsakingar for ønsket sitt om å karakterisere vaksineutrullinga som ein kamp; han gjekk til og med so langt som å stille i full kampuniform for å sende ein bodskap til folket i Portugal om at det var på tide å ta til våpena.
Ikkje overraskande mislykkast Leptin i å vedkjenne seg det faktum at ingen av tilnærmingane i dei nemnde landa involverte det å få informert samtykke frå dei menneska som vart offer for desse potensielt farlege vaksinane.
Utan å forklare vitskapen bak desse vaksinane til folket, er der ingen måte at dei kan gje reelt informert samtykke. Tydelegvis speler helsefridom inga rolle for ho og hennar kompisar i World Economic Forum.»
